KAMMERMUSIKKFESTIVAL Sprekt program på festivalopninga
(26.9.07, 10:56) I går vart Kammermusikkfestivalen offisielt opna på Dokkhuset med eit imponerande variert og gjennomtenkt program. Ikkje minst vart det eit fascinerande møte med festivalkomponisten, George Crumb, 77 år og opphavleg frå West Virginia. |
GAMLE VENNER: Årets festivalkomponist George Crumb etter å ha opplevd første oppføring under festivalen. Det aktuelle verket vart i si tid skrive for Lambert Orkis, med nesetipp til venstre. |
George Crumb skreiv i si tid verket Little Suite for Christmas for Lambert Orkis. Jula vart vel borte for mange mens dei følgde dei mangfaldige lydane frå klaveret.
Her vart heile instrumentet tatt i bruk, ved at musikaren i stor grad direkte brukte strengane utan vegen om tangentane. Dette skjedde i like stor grad som tangentbruk, og dessutan var klaveret slaginstrument.
Stilla frå klaveret
Verket var umåteleg fascinerande: Det baud på parti med sterkt volum, men sterkare verka det rolege, som kontrast. Ei fin ro vart formidla, til dels ved bruk av enda eit verkemiddel: total stille, eller pausar, som det heiter i musikkfaget. Og dessutan Lambert Orkis’ eigen hørberre pust.
Ro og stille vart gitt som gåve til publikum via George Crumbs totalklaver utøvd av Orkis. Komponisten fekk komme opp til ei hjerteleg omfamning og til hylling frå forsamlinga.
|
TANGO FOR FLØYTE: Trine Knutsen sto for ein livleg vri i programmet da ho deltok med si fløyte i utdrag frå Astor Piazzollas ”Tangoens historie”. Piazzolla var den store fornyaren av den argentinske tangoen. |
Musikken og hundreåret
Det var ellers mye fascinerande i programmet, og mye var frå det tjuande hundreårets mørke fortellingar, sjølv om musikken var fengande.
Vi fekk oppleve tonar frå Hans Krasa, som døydde i ein konsentrasjonsleir etter å hjelpt barn i leiren psykologisk ved å sette opp ein barneopera. Og vi fekk musikk av Astor Piazzolla, som pleide å konfrontere sitt heimland Argentinas diktatorgeneralar – utan at dei forsto det.
Det vart bydd på komponistar som i si tid kunne utfordre vanetenkinga: Grieg, Debussy og Aaron Copland.
Oppsummerande kan ein seie det var seriøs tankegang under ein festkveld med svært variert musikk. Og scene og sal gledde kvarandre.
Marianne Thorsen, professor ved Institutt for musikk på Dragvoll, deltok i fleire innslag. Det var populært.
|
SJEFEN PÅ JOBB: Festivalens kunstneriske leiar Sigmund Tvete Vik vandra gjennom salen opp på scenen med Bruremarsj av Torgeir Augundsson. Det var Torgeir som hadde det berømte tilnamnet Myllarguten, og vi fekk óg høre Griegs kunstversjon av marsjen. Mona Spigseth Sagstad spelte klaver. |
Beranek slo det fast, men kva?
Så må vi ikkje glømme den djuptfølte opningstalen, ved den kjente humoristen Beranek som greidde å formidle eit sterkt inntrykk av ein som verkeleg ville prøve å halde ei tale om noe som slett ikkje sto klart for han – før han gjekk over til sine velkjente hermingar: trondheimaren Odd Einar Dørum vekte jubel.
Bassistane som ikkje ville gi seg
Liv og humor òg som avslutning: Det var eit flott trekk å la noen frå tjuvstartkameratane frå måndagen, Bassiona Amorosa, komme tilbake og herje med Montis Czardas igjen, no saman med fiolinisten Daniel Hope frå den verdsberømte Beaux Arts Trio, som opptrer i Frimurerlogen i kveld.
Ei sprudlande avslutning.
Tekst og foto Kjell Håve |