MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

LESERBREV

Ola Svein Stugu: Kvifor Dragvoll? (4.10.07, 17:14)

I Universitetsavisa 3.10. har Arne Asphjell intervjua tidlegare konstituert fylkesmann Roald Eriksen om campussaka. Intervjuet inneheld mange interessante vurderingar om kvifor Dragvoll i si tid vart valt.

Dette er ei sak som også undertegna har skrive om, og eg har fått æra av å bli referert i intervjuet med setningen ”Stugu mente at sterk selgervilje blant gårdbrukerne hadde innvirkning på valg av område for universitetet”. Meir står det ikkje om Stugus syn.

Trekt ut av all kontekst må dette tolkast som om eg meiner Dragvoll så å seie vart prakka på byen og universitetet av gardbrukarar som ville gjere pengar på jorda si.

Slik var det sjølvsagt ikkje.

Det eg har gjort, er å vise at første gong Dragvoll i det heile var nemnt som alternativ for universitetsutbygging, var i innstillinga frå den såkalla Grunnutnyttelseskomiteen for Trondheimsområdet hausten 1962. Det var den komiteen det blir vist til i intervjuet med Eriksen, og som han var sekretær for.

Plassering av eit nytt universitet var ei sak som ikkje inngjekk i mandatet for komiteen, og ho kom på bordet først eit stykke ut i saksbehandlinga. I sjølve komiteinnstillinga står det berre kort, utan noka grunngjeving, at ”Komiteen mener at området Moholt – Granåsen vil egne seg godt til universitetsformål”.

Til gjengjeld vart det lagt ved eit kart med innstillinga der orda ”arealer til universitetsformål” er skrivne inn mellom Dragvoll og Granåsen.

Dette er sjølvmotseiande, og ei rimeleg tolking er at Dragvoll kom inn som eit alternativ etter at det var tenkt på Moholt. Eg har lurt på kvifor dette skjedde, og i ein artikkel i Adresseavisen i februar drista eg meg til å skrive: ”Det er mogleg forskuvinga heng saman med kven som var villig til å selje tomter.”

Seinare har Eriksen fortalt at komiteen nok var meir overtydd om Dragvoll som alternativ enn det som går fram av den ferdige innstillinga, og at det er kartet, og ikkje innstillingsteksten, som uttrykker synet komiteen stod for.

Men komiteen fekk det travelt mot slutten, og teksten om Moholt frå eit tidlegare utkast vart ikkje justert da innstillinga gjekk i trykken.

Det medførte mellom anna at da Kyrkje- og undervisningsdepartementet i oktober 1962 skreiv til Fylkesmannen i Sør-Trøndelag om "Sikring av arealer til framtidig utbygging av de akademiske og vitenskapelige institusjoner”, tok dei utgangspunkt i framlegget om Moholt.

Men også departementet hadde merka seg at kartet i innstillinga hadde peika mot Dragvoll, står det i brevet. Dette er så vidt ein kan sjå, første gong departementet i det heile har hatt ideen om Dragvoll inne på sitt bord.

Året etter, i 1963, sørga teknisk rådmann i Trondheim for at Strinda kommune kjøpte heile Dragvoll gård ”til universitetsformål”, som det står i sakspapira. Resten er historie, som det heiter.

Ola Svein Stugu

 
 
    
 SEND INN LESERBREV TIL
 REDAKSJONEN >>>
 
 FLERE LESERBREV:
Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk (19.1 2010)
 
Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken (15.1 2010)
 
Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut? (13.1 2010)
 
Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK (30.12 2009)
 
Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis (21.12 2009)
 
Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU” (15.12 2009)
 
Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva? (10.12 2009)
 
Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker (10.12 2009)
  Allan Krill: For mappa mi (14.12 2009)
 
Per Carlsen: Læresteder i klemme (7.12 2009)
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme (9.12 2009)
 
Odd W. Andersen: Saltkraftverk (30.11 2009)
 
Arkiv