Kva er likestilling, Martin?
(9.10.07, 15:36) Norsk Studentunion innleia haustsemesteret med å gå inn for øremerking av vitskaplege stillingar for kvinner. Først ut imot var Studenttinget ved NTNU. NSUs leiar Per Anders Torvik Langerød gjekk i Ny Tid 30. august inn for å ta opp praksisen med positiv diskriminering når det galdt for eksempel professorstillingar.
|
ELLERS TAR NÆRINGSLIVET DEI: Martin peikar på at forholda må betrast for stipendiatar av begge kjønn. |
Studenttinget i Trondheim uttalte seg 27. september imot dette.
Studentparlamentet i Oslo og Studentrådet i Bergen har uttalt seg for, i Bergen med knappast muleg margin. Studenttingsvedtaket ved NTNU var ellers heller ikkje einstemmig.
Norge er tidlegare dømt i EFTA-domstolen for praksisen. Den opninga NSU-leiaren fann på seinsommaren, var at EU har inkorporert FNs kvinnekonvensjon i sitt lovverk.
Martin meiner
Sakskomplekset inneheld moment om midlertidigheit og andre detaljar. Her betraktar vi det på eit generelt plan, og vi har først spurt studenttingsleiar ved NTNU, Martin A. Sværen:
- Ein må halde fram med det gode rekrutteringsarbeidet, for eksempel gjennom Jentedagen. Ein har hatt gode rekrutteringstiltak som har verka. Gi dei tid!
Han utdjupar vidare:
- Det er allereide gode tiltak i gang, ikkje minst gjennom NTNUs likestillingsplan og dens mentorprogram, med ekstra vegleiing for kvinner.
|
GI VERKEMIDLA TID: Studenttingsleiaren meiner at NTNU allereie har gode tiltak for rekruttering av kvinner. |
Kvinner i framtida
- I heile landet er det 83 prosent menn blant professorane, og andelen er høgre på NTNU. Men det har komme endringsteikn dei siste åra: No er det 30 prosent jenter på Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi, NTNUs største fakultet. Og ved siste opptak på Institutt for industriell økonomi og teknologiledelse er det 50 prosent. Om noen år kan dette slå ut i kvinneandelen blant stipendiatar og etter det amanuensar.
Martin meiner at ein stadig må ha auge for studentleddet:
- Ein kan ikkje øremerke utan å ha stillingar. Eg overhørte noen teknologar som meinte at skal ein øremerke stipendiatstillingane, må ein hente folk frå Kina og Russland.
Betre for alle
- Vilkåra for alle stipendiatar må bli betre, for eksempel med omsyn til lønn, og når det gjeld å legge til rette for gravide og småbarnsmødre.
- Slik det er no, kan det private næringslivet ta for seg blant dei som kunne ha blitt stipendiatar. Og det private næringslivet vil ha kjønnsbalanse og likestilling.
Men får vi lov?
Martin tykkjer ikkje det er så sterkt grunnlag for å uttale seg om det juridiske:
- Vi håpar at EFTA-domstolen kjem fram til det same som sist, for alle bør ha lik rett til ei stilling.
– Vi var dei første som uttalte oss mot øremerking slik dette har komme opp no i det siste. Dette er ikkje likestilling, og vi vil ha likestilling.
|
SET I GANG MED ØREMERKING: Likestillingsrådgjevar Svandís Benediktsdóttir vil ha studentane til å sjå kor flott det kunne ha blitt. Arkivfoto: Synnøve Ressem/ NTNU Info |
Svandís meiner
NTNUs likestillingsrådgjevar Svandís Benediktsdóttir kommenterer Studenttingets vedtak:
- Oslo og Bergens studentting, eller tilsvarande, har uttalt seg for. Det er beklagelig at Studenttinget her er negativt. Det er beklagelig at dei ikkje ser kor flott eit likestillingstiltak dette kunne ha vore.
Just do it
Ellers meiner Svandís at det berre kunne vere å gå i gang, sia FNs kvinnekonvensjon er inkorporert i EUs samanhengar:
- Det er ikkje noe juridisk problem i det heile. Men vi ventar på at departementet skal uttale seg.
Situasjonen på NTNU er ikkje bra, med knapt 15 prosent kvinnelege professorar. Det meiner Svandis heng i hop med universitetets teknologiske profil.
Tekst og foto Kjell Håve Studenttingets vedtak Integreringskomiteen skundar på departementet Dei gjer det i EU-land
|