(1.1.70, 01:00) Tore Jørgensen, rådgjevar ved IME-fakultetet, leia prosjektet Tele- og videobasert fjernundervisning i 1990-93, dels i samarbeid med Tandberg.
– Det var ei metodologisk utprøving, seier han, eit mål var å finne ut korleis ein kunne bli i stand til å flytte videokonferansane ut av studio, no er det jo komme dit at ein kan ha dette på einkvar pc. Vi var blant dei første i Europa som arbeidde med dette.
Tore Jørgensen fortel at den aller første undervisninga med denne typen fjernundervisning var ei forelesing av professor i fysikk, Kåre Olaussen: ”Matematiske aproksimasjonar i fysikk”, for doktorgradstudentar på Televerkets forskingsinstitutt. |