MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Fly mindre, møt folk på skjermen (15.10.07, 14:53)

Færre flyreiser vil NTNU at det skal bli, momentet inngår i universitetets miljøsatsing. Ein kan møte folk på skjerm.

- Du har vore på konferanse i Bergen og kjem tilbake til kontoret ditt fem minutt etter at den er ferdig. Alt er ferskt, og du har fått frigitt tid.

Vi kan presisere at det er snakk om konferanse med Bergen, og ikkje i, viss den ”du” det er snakk om, er tilsett ved NTNU. Men iallfall: Førstekonsulent Berit Danielsen Løvås ved NTNUs Multimediesenter fortel om fordelane ved videokonferansar.

LEI AV FLYINGA: Ein kan møtest på skjerm, her journalist og intervjuobjekt, sistnemnde er Berit Danielsen Løvås ved NTNUs Multimediesenter.
Oppsøk Realfagsbygget
Multimediesenteret ligg under seksjon for studieadministrative støttesystem ved NTNUs Studieavdeling.

Antalet reiser kan reduserast, meiner Berit Danielsen Løvås:

- Ikkje alle reiser er like nødvendige. Er det dokument som ein må studere saman med noen, kan ein gjere det frå ein pc.

- Ingen tenker på at det skal bli slutt med å reise. Det er mye nytte berre med å sitte rundt bordet med ein kaffe, det er nyttig å ta folk i handa.

- Men videokonferansar er eit alternativ. Dei fungerer erfaringsmessig best når partane har møtt kvarandre tidlegare. Denne teknologien gjer det muleg å velje vekk ein del transportering.

- Reisetid er trass i alt dautid, ein jobbar vel best på kontoret, sparar tid og pengar.

Fly mindre
Ein kan i enkelte tilfelle gå glipp av bergensmiljøet, eit vesentleg tap vil nok mange seie. Men ein vil ha styrka det globale miljøet, ved ikkje å ta for eksempel fly. Meir konkret: Ein bidrar til mindre behov for lufttrafikk, eller annan trafikk.

I NTNUs årsrapport for miljø for 2006 er videokonferansar omtalt nettopp under kapitlet ”Transport”:

”NTNU har som overordnet mål å redusere behovet for transport og å gå over til mer miljøvennlige former for transport. NTNU ser bruk av videokonferanseutstyr som et transportreduserende tiltak og oppfordrer enhetene til å benytte fasilitetene ved NTNUs multimediesenter.”

MINDRE TRANSPORT, BETRE MILJØ: NTNUs satsing på videokonferansar er samferdslepolitisk nytenking. Berit Danielsen Løvås gir multimedial bistand i Realfagsbygget.
Og politiske myndigheiter har gjort det klart at ein skal ta dette i bruk i aukande grad.

Bruk tida betre
- Vi siktar oss inn på dei som reiser hyppig, fleire gongar i månaden. Vi ser ikkje bort frå at ein del folk er godt fornøgd med reisinga.

Det folkelege uttrykket ”godt fornøgd” er – for den som måtte vere ukjent med det – ironisk, det betyr nærmast ”lut lei”. Det er individuelt korleis gleda ved å komme seg ut skiftar med tankane på slitsam transport. Men det står fast at det er positive effektar ved mindre reisetid: mindre slitasje på personen, også ved hjelp av færre seine heimkomer, fleire kveldar med familia og/eller til seg sjølv.

Men kjenner folk til noen alternativ?

- Vi vil gjerne at folk skal få sjansen til å kjenne til at det går an å prioritere annleis, og å få ned reisebudsjetta og mengda av uproduktiv tid.

Møt Australia
Færre folk på fly, og gjerne fleire som møtest, slik som i Berits eksempel:

- Dei kjem hit og seier: ”Eg skulle absolutt ha hatt med ein kollega, han bur i Australia.” Og med vår hjelp får han bli med.

Der var det ein som slapp å reise jorda rundt.

I tillegg til det som kan falle inn under konferansar, peker Berit Danielsen Løvås på andre vesentlege område for bruk: Muntlegeksamen med ekstern sensor, og forelesningar.

Glimt av Chalmers
Og det er ei slik akkurat no, ho tar Universitetsavisa med til ein gløtt inn i eit auditorium med 10-15 studentar og ein lærar frå Chalmers:

Han som foreleser er midt i ei nøling, inntrykket er ikkje at noe stoppar opp, men tvert imot noe nært og avslappa som under ei kva som helst anna normal forelesning med aktivt interesserte studentar.

Blikket frå Göteborg til Gløs ser ut til å vere eit vesentleg verkemiddel. Kanskje deltakarar i denne typen kommunikasjon blir meir umedvite merksame på blikkontakten.

FAKTA

Tore Jørgensen, rådgjevar ved IME-fakultetet, leia prosjektet Tele- og videobasert fjernundervisning i 1990-93, dels i samarbeid med Tandberg.

– Det var ei metodologisk utprøving, seier han, eit mål var å finne ut korleis ein kunne bli i stand til å flytte videokonferansane ut av studio, no er det jo komme dit at ein kan ha dette på einkvar pc. Vi var blant dei første i Europa som arbeidde med dette.

Tore Jørgensen fortel at den aller første undervisninga med denne typen fjernundervisning var ei forelesing av professor i fysikk, Kåre Olaussen: ”Matematiske aproksimasjonar i fysikk”, for doktorgradstudentar på Televerkets forskingsinstitutt.

Betre enn telefon
Berit Danielsen Løvås seier at det ved videokonferansar er dei same utfordringane som ved kva som helst møte. Teknikken er ikkje meir vanskeleg enn ved bruk av telefon, det er tvert imot fordelar.

I telefonen er det ikkje mimikk og blikk. Berit tilrår å glømme problemtankar om teknikken og heller tenke på om kommunikasjonen fungerer: Når det eg seier, fram?

Dei tilsette på Multimediesenteret er uansett alltid tilgjengelege.

På NTNU er det ellers 10-15 andre stader med utstyr for videokonferansar.

Multimediesenteret held kurs for dei som måtte ønske det. Det vesentlege er at stadig fleire får oppleve ein videokonferanse. Det kan det bli reisetidssparing av – og miljøsparing.

Tekst Kjell Håve Foto : Mentz Indergaard

Ta videokonferansen inn i livet ditt – reklame her
TV-adressas video fortel korleis NTNU bruker fenomenet
Sterkt vk-bodskap frå næringslivet