Trendy kommunikasjon i offentleg sektor
(18.10.07, 08:10) - Me må bruka erfaringar frå nettfenomen som Youtube, Facebook og Myspace når me skal organisera IKT-bruken i offentleg sektor, meiner fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys. Statsråden var på plass då den nye konferansen NOKIOS opna i Trondheim onsdag. Initiativtakar er NTNU og konferansen omhandlar tematikk knytta til bruk av IKT i offentleg sektor. Konferansen skal vera ein møteplass for aktørar som kan betra og effektivisera den offentlege forvaltningen i Norge.
|
VIKTIG: Statsråd Heidi Grande Røys peika på viktigheiten ved å ha ein samordna og brukarvennleg offentleg sektor. |
Påverkar offentleg forvaltning
- Me må ha mot til å bruka nye arenar når det gjeld bruken av IKT i den offentlege sektoren, og då kan me sjå kva kommunikasjonsfelt innbyggjarane bruker i fritida si, seier statsråden til Universitetsavisa nokre minutt før ho skal delta på opninga i Liv Ullmann-salen på Nova kino.
Og utdjuper:
- Me må ta til oss at mange unge i dag opererer på kommunikasjonsarenaer som me som tilhøyrer dei litt eldre generasjonene ikkje heilt meistrar enno. Interaksjon vert viktig. At me får fenomen som Youtube, Myspace og Facebook påverkar den offentlege forvaltningen og dermed også demokratiet.
Samordning viktig
Dette var også delar av bodskapet ho formidla då ho entra podiet i Liv Ullmann-salen nokre minutt seinare. Grande Røys peika i tillegg spesielt på to utfordringar som vert viktige i den framtidige organiseringa av IKT i offentleg sektor.
- Deler av den offentlege forvaltninga er fragmentert, og det er viktig å få den samordna, slik at ikkje dei ulike offentlege organ opererer på kvar sine tuer. Opprettinga av NAV er til dømes eit forsøk på å samla ulike offentlege instansar, og dermed gjera det lettare for dei som oppsøker informasjon.
Rosa NTNU
Og med det peika fornyings- og administrasjonsministeren på det andre viktige punktet.
- Me sjå på kva behov brukarane av denne sektoren har. Dette gjeld både vanlege innbyggjararars individuelle behov og næringslivet sine, sa ho.
Heidi Grande Røys rosa også NTNU for å ta tak i viktig tematikk som møter brukarar av offentleg sektor dagleg:
- Eg håpar NOKIOS kan bli ein årleg konferanse. Dette er eit godt og viktig initiativ, sa statsråden.
|
ENGASJERT: Dekanus Arne Sølvberg under NOKIOS-konferansen onsdag. |
Teknologisk oppdatert befokning
Opningsinnlegget onsdag var ved dekanus Arne Sølvberg. Han er med på utviklinga av Trådlause Trondheim-prosjektet, og peika på den rivande teknologiske utviklinga samfunnet er inne.
- Til dømes har omkring to millionar av Norges befokning mobiltelefon. Og med dei kan ein gjera mykje meir enn å prata. Mobiltelefonane er små datamaskiner. Heile befolkningen er dermed teknisk oppdatert i ei slik grad me ikkje har sett før, sa Sølvberg.
Han avslutta innlegget med ei mild påpeiking i statsrådens retning:
- IKT er overalt, utanom i dei offentlege forskningsbudsjetta, sa Sølvberg til lett humring fra deltakarane på konferansen. NOKIOS-konferansen vert avslutta fredag. I dagane arrangementet finn stad vil mellom anna professor ved Universitet i Oslo Jon Bing og leiar for IBMs rådgjevingsmiljø i Noreg Morten Andreas Meyer halda innlegg på konferansen.
Tekst og foto: Pål Vikesland |