Kajsa vant filmkonkurransen
(18.10.07, 14:23) - Det er inspirerande å vinna, smiler Kajsa Aglen etter å ha vunne Informasjonsavdelingas filmkonkurranse. Ved semesterstart lanserte Informasjonsavdelinga ein filmkonkurranse med tema ”Min veg til NTNU”. Dei beste bidraga som kom inn skulle premierast med eit videokamera til ein verdi pålydande 6000 kroner.
Eit forslag kom inn, og dermed kunne Kajsa Aglen motta eit splitter nytt videokamera for sin film ”Min veg til NTNU”.
|
FORNØGD VINNAR: Kajsa Aglen stakk av med sigeren i Informasjonsavdelingas filmkonkurranse. |
- Inspirerande
Den 22 år gamle filosofistudenten har ikkje noko filmbakgrunn, men vedgår at konkurransen har gitt meirsmak på filmfaget.
- Eg har ikkje laga noko særleg film før, nei, men eg blir no meir inspirert no når eg har dette kameraet, smiler ho.
Ho fortel at ho brukte god tid på filmen:
- Det var ei ganske lang tankerekkje før eg begynte, og så filma eg og redigerte i fleire omgangar, fortel Kajsa.
- Kaotisk tankeprosess
Vinnarfilmen viser ei jente som huskar, for så å kasta seg ut i ein grasseng ein sommardag. Jenta vert liggande. Dette vert opptakten til ein forvirrande tur i det høge grasset der kamera manøvrerer seg frå den eine valgmulegheiten etter den andre. Til slutt vert NTNU endestasjonen.
|
OFFISIELT: Initiativtakar Erik Lian overrekker ein Sony Handycam til filosofistudent Kajsa Aglen. |
- Med filmen prøver eg å visualisera ein kaotisk tankeprosess som skjer når ein skal velga utdanning, fortel Kajsa.
- Er det nokre spesielle regissørar frå filmhistoria som har inspirert deg når du laga filmen?
- Nei, eg hadde ingen spesielle inspirasjonskjelder. Det er vel min eigen stil, smiler filosofistudenten.
- Fin film
I juryen satt Erik Lian frå Informasjonsavdelinga, rektor Torbjørn Digernes og studenttingsleiar Martin Sværen.
- Eg syns det var ein fin film som viser korleis det kan vera å navigera seg veg i utdanningsnorge, seier Erik Lian.
Og filosofistudenten Kajsa Aglen har planen klar:
- Ja, no skal eg heim og prøva kameraet, fortel ho.
Tekst og foto: Pål Vikesland Sjå vinnarfilmen hennar på YouTube
|