Byggenæringa trekker til Gløshaugen
(26.10.07, 07:20) Landets byggenæring har vakse seg saman med bygg- og miljøstudiet ved NTNU, i organisasjonen med det lite avslørande namnet Næringslivsringen. |
DEKANUS OPNA: Ingvald Strømmen, Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi, opna Bygg- og miljødagen 2007. |
- Hugs de skal vere ute i næringslivet i 40 år, sa IVT-dekanus Ingvald Strømmen da han opna Bygg- og miljødagen 2007.
Det er særs vanskeleg å komme inn på bygg og miljø-studiet, sa dekanus, som ellers dvelte noe ved likestillingsperspektivet. Han var stolt av det meste, men ikkje over at det er berre fire prosent kvinnelege professorar. Til jentene framheldt han fine perspektiv:
- Det gir ein heilt spesiell følelse å føde ny kunnskap gjennom doktorgradstudiet.
|
CHR. F. GRØNERS STIFTELSES JUBILEUMSPRIS gjekk til eksepsjonelt flinke studentar, med resultat på 14 A og 2 B. F.v. Erlend Eithun Aasheim, Kari Spildo og Joakim Kvåle saman med utdelaren, Fredrik Grøner, som er formann i stiftelsen. |
Mange vil hit
433 hadde meldt seg på dagen i år, av dei 350 studentar. Talet har vore aukande dei siste åra, med rekord i fjor.
Årets tema var Bygg for framtida. I foredraga vart det sett framover: Norsk høghastigheitsjernbane, industriell prosjektering og bustadproduksjon, og framtidas bygningsingeniørar.
Desse siste blir tydelegvis tenarar for sikkerheit og miljø – berre slik skal dei tene pengar for eigarane.
Nytt av året var BMArena der bedrifter kunne få eksponert seg gjennom å kjøpe plass til sine stands for å komme i kontakt med studentar – dette foregjekk da parallelt med Bygg- og miljødagen ellers.
|
PRISEN FOR BESTE MASTEROPPGÅVE gjekk til Ole Andre Øiseth for eit studium av hengebru i vind. Trond Bølviken, styreleiar i Næringslivsringen, delte ut. Professor Eivind Bratteland leia arrangementet. |
Heider på slutten
Dagen vart avslutta med prisutdelingar.
Tre studentar, Erlend Eithun Aasheim, Kari Spildo og Joakim Kvåle, hadde så eksepsjonelt gode karakterar at alle tre fekk ein jubileumspris frå Ingeniør Chr. F. Grøners Stiftelse.
Ole Andre Øiseth vart 10.000 kroner rikare då han fekk pris for beste masteroppgåve, med tittel Dynamic response of suspension bridge.
Han hadde studert korleis ei tynn hengebru kunne oppføre seg under vindbelastning, og funne ut om korleis ein kunne løyse problemet med å studere slikt i ein kostbar og stor vindtunnel.
Oppgåva vart utført ved Institutt for konstruksjonsteknikk med professor Einar Strømmen som faglærar.
Verd å merke seg var det også at priskomiteen vurderte Øiseth si masteroppgåve til å vere relativt direkte publiserbar i internasjonale tidsskrift.
|
NYSKAPINGSPRISEN 2007 – DEN FRIE TANKE gjekk til Viggo André Bjerkelund for ein metode for reinsing av drikkevatn. |
Møte trugselen mot drikkevatnet
Den tredje prisen var Nyskapingsprisen – Den Frie Tanke. Den gjekk til Viggo André Bjerkelund som hadde utført eit arbeid med å planlegge, konstruere, bygge og prøve ut ein ny metode for reinsing av drikkevatn, basert på bruk av ozon.
Juryen hadde merka seg at oppgåva var særs krevande innafor den tida som definert for ei masteroppgåve. Dermed har det vorte lagt ned ein uvanleg stor arbeidsinnsats – og med godt språk og få trykkfeil i rapporten!
Oppgåva vart utført ved Institutt for vass- og miljøteknikk med professor Hallvard Ødegaard som faglærar.
|
STUDENTLØYER: Det vart óg tid til ein sketsj om dysfunksjonelle handverkarar med eksotiske talemål som trøndersk og austeuropeisk. |
Næring og utdanning er sant
Trond Bølviken, entusiastisk styreleiar i Næringslivsringen, la heilt til slutt vekt på at heile næringa har makta å samle seg om den utdanningsinstitusjonen som er viktigast for næringa.
Tekst og foto: Kjell Håve Les også: PuP-dagen 2007 skaper kontakter Meir om dagen og Industriringen
|