Utfordrar vanetenking om Tyrkia
(5.11.07, 13:00) Invasjon i Nord-Irak sit langt inne hos regjeringa i Tyrkia. Det er helst generalane som kan tenke seg å gå over grensa, meiner historieforsker ved NTNU. Eit tyrkisk mareritt: Mamma, med nytt, absolutt blondt, hår, sit med beina på bordet og kommanderer – på fransk – mannen sin som er full gang med frokosten: Ikkje ein typisk velsmakande tyrkisk frokost med solvarma ingrediansar, men Kellogg og lettmjølk.
Naboane stikk innom for ein prat over ein kopp kaffe av velrennomert tyrkisk kvalitet. Dei får beskjed om at dei kan få kjøpe kaffe, Nescafe.
Den politiske striden i landet blir dominert av to parti: Partiet for attenhols golfbane og Partiet for boblebad i kvar leiligheit.
Dette bildet av eit Tyrkia innafor EU er henta frå ein populær såpeserie på tyrkisk fjernsyn.
|
DEI TOK NESTEN WIEN: Det finst kanskje ubevisste haldningar i vest om at tyrkarane er eit farleg folk, trur Camilla Nereid. Foto: Kjell Håve
|
Innfanga i Bergen
Det er Camilla Nereid, forskningsstipendiat ved Historisk institutt, NTNU, som fortel om ein tyrkisk måte å framstille vestleggjering på – etter at styresmaktene i landet har prøvd vestleggjering, inkludert sekularisering, i omtrent åtti år.
Camilla Nereid tok hovudfag ved Universitetet i Bergen, der det var ein fantastisk inspirerande forelesar, Rex O’Fahey, som underviste i Midtausten-emne. Hovudoppgåva var om nasjonalisme og religion i Tyrkia og den vart trykt og distribuert av C. Hurst i London.
Ho begynte med sitt forskingsprosjekt i fjor, innafor Austeuropaprogrammet på Dragvoll. Det blir leia av hennar vegleiar György Péteri. Ho håpar å bli ferdig til sommaren 2009. Prosjektet dreier seg om mellomkrigstida, om landsfaderen, statsgrunnleggaren Kemal Atatürks tid: ”The Identity Politics of Modernization: Nationalism, Islam, and the West in Kemal Atatürk’s Turkey.”
I samband med hovudoppgåva var ho ein del i media på nittitalet. Og sia i vår og sommar har ho vore etterspurt som kommentator, ikkje minst på NRK, alt i frå P2s morgonsendingar via Her og No til Osen-banden.
Åtti års forsøk
Sia Kemal grunnla republikken, har det vore om å gjere å komme ut av austleg religiøs tradisjonalisme, slik makthavarane har definert dette. Og makthavarane har i stor grad vore dominert av dei militære.
Men sia 1980-talet har muslimske motkrefter hatt del i makta. Og i dei siste fire åra har det muslimske Rettferds- og utviklingspartiet, AKP, hatt regjeringa, med Recep Tayyip Erdogan som statsminister.
Han kjem frå ei fattig innflyttarfamilie i Istanbul der han etterkvart vart ordførar. Erdogan er ein folkeleg og populær mann.
Regjeringa vil inn i EU. Men skepsisen mot EU veks no. Tyrkarane har sitte på venterommet i fleire tiår og tatt imot kritikk. Men tyrkiske media, seier Camilla Nereid, er meir kritiske enn i Italia under Berlusconi. Det står ikkje dårlegare til med demokrati og menneskerettar enn i Bulgaria og Romania.
Eigentleg fredeleg
Men når Tyrkia blir omtalt i nyheitssendingane no, er det ikkje EU det blir snakka om. Det er i aust problema bygger seg opp:
Camilla Nereid finn det vanskeleg å vere skråsikker på korvidt det blir invasjon i dei kurdiske områda i nord-Irak som svar på angrepa frå den tyrkisk-kurdiske organisasjonen PKK som no opererer i fjellområda mellom dei to landa.
- En invasjon i nord-Irak sit nok langt inne for denne regjeringa. Den er ikkje anti-kurdisk. AKP var det første tyrkiske partiet som vann fleirtal i dei kurdiske områda.
- Det er helst dei militære som vil ha invasjon.
Dei er framleis sterke. Drapa på soldatar oppflammar hat i uniform.
|
MODERNISERINGSKREFTER: Statsminister Erdogan og hans parti AKP har vunne oppslutning blant liberale som er bekymra for den sterke stillinga dei konservative militære har hatt og til dels har.
|
Langt borte
PKK angrip hæren og infrastruktur, som damanlegg. Det blir imidlertid store sivile tap av dette, sjølv om ikkje PKK har sivile som mål. Det er langt frå balkanske forhold her.
- Dei fleste tyrkiske kurdarane bur i vest-Tyrkia og i store byar og er ganske moderniserte. Kurdisk-tyrkiske ekteskap er vanleg.
- Reiser ein til områda i søraust, er det som å reise bakover i tida. Ein kan finne fenomen som tvangsgifte der.
- Kurdarane er ikkje ein flokk, men delte, dei snakkar forskjellige kurdiske språk i nabolanda Irak, Tyrkia og Iran.
Påtvungen sekularisme
I Vest-Europa er motsetningane mellom tyrkarar og kurdarar kjende, men Camilla Nereid minnar om at religionen, Islam av Sunni-typen, har sameint dei to. Dei sekulære har aldri vore mange.
Erdogan og AKP ville ha friare forhold. For dei inneber dette at Islam skal kunne synest i det offentlege rom, eller meir konkret: fridom for religiøse folk til å gå med den klesdrakten dei vil. Skaut, til og med.
Men Erdogan har vore konsekvent og også arbeidd for rettane til dei ulike kristne gruppene og for den her i landet vel totalt ukjende muslimske minoriteteten aleviane. Dei er det elleve millionar av!
Gå vegen med skaut
Kvinnefrigjeringa er likevel lakmustesten. Stipendiaten kommenterer:
- AKP vil absolutt at kvinnene skal ut i arbeidslivet og universiteta. Vegen ut vil bli lettare om muslimske kvinner får kle seg tradisjonelt.
Forresten er ein del av landets moteindustri innstilt mot klesdrakt med religiøs bakgrunn. Gucci-briller og skaut på det same hovudet, oppe på ein kropp på veg over catwalken. AKPs politikk kan verke like kompleks:
Kompleks kvinnerolle
- Erdogan har halde kjensleladde, karismatiske taler i parlamentet mot kvinnediskriminering. Han vil ha nulltoleranse mot kvinnemishandling.
- Men same dag innførte han skattelette for menn med heimeverande koner.
- Det blir arbeidd med ein ny konstitusjon, og AKP vil ha noe som verkar gammaldags på oss: at kvinnene får status som særskilt beskytta gruppe.
Camilla Nereid viser til korleis dei sekulære i fleire tiår formelt har halde på likestilling utan at det har vorte reelt. Da, meiner regjeringa, kan ein like gjerne ha særtiltak.
Ekte modernisering
Camilla Nereid seier at AKP har utvikla Tyrkia:
- Det er no ingen byar over femti tusen innbyggarar som ikkje har vatn, veg og kloakk. Og det er innført gratis helseteneste til alle under atten år.
Eit grusamt folkeferd?
Tyrkia utviklar seg. Utviklingsretningane kan diskuterast, men samtidig strever landet med eit internasjonalt omdømme som noen gongar blir opplevd som urettferdig negativt. I dei situasjonanen der det er sterk merksemd omkring kampen mot kurdiske opprørarar, blir det i utlandet samtidig gjerne vist til at Tyrkia har ei uoppgjort fortid som ufatteleg grusam undertrykkar av mindre folkeslag.
- Det var ikkje folkemord mot armenarar i 1915, seier Camilla Nereid.
Tyrkisk opinion har vore opprørt i stor grad på grunn av bruken av dette ordet, som betyr at sjølve det armenske folket vart forsøkt utrydda. Noe anna er at det vart begått enorme ugjerningar, gjennom massakrar, frå tyrkisk side mot armenarane. Men da må ein óg definere ”tyrkisk side”.
Camilla Nereid presiserer at den noverande Tyrkiske Republikken, som vart grunnlagt i 1923, uansett ikkje ber skuld for det som skjedde under det Osmanske riket, det enorme riket som var styrt av tyrkarane, under ein sultan, men som inneheldt eit mylder av folkeslag.
Ikkje naziforhold
- Når ein tenker på at riket vart forsøkt halde saman gjennom respekt for dei ulike folkeslaga, at dei for eksempel hadde eigne domstolar, så blir det ulogisk å tru at noen ønska utrydding, eller altså folkemord. I tilfelle ville dei óg ha tatt dei armenarane som var lette å ta, dei som budde i byar i det vestlege Tyrkia.
- Men det var massakrar på armenarar, og det vart erkjent gjennom Osman-rikets rettsoppgjer etter verdskrigen, i 1918, da 130 menn, mellom dei fleire av sultanens leiande regjeringsmedlemmar, vart dømde til døden. Eit hovudgrunnlag for dommane var nettopp desse massakrane.
Vanetenking om motsetningar
Camilla Nereid er bekymra over ein del vestlege framstillingar, og slår fast:
- Det politisk korrekte er ikkje alltid det same som det historisk korrekte.
Ho peikar på at vestleg opinion overdriv motsetningane mellom armenarar og tyrkarar:
- Hrant Dink, den kjente armenske journalisten som vart myrda av ein tyrkisk ungdom, sa at armenarane no måtte forhalde seg til Tyrkia av 2007, ikkje til Tyrkia av 1915. Statsminister Erdogan sa at mordet på Dink var eit angrep på heile Tyrkia.
Tidlegare kalt Lilleasia
Camilla har mange opphald i Tyrkia bak seg. Ho har opplevd at landet uansett kanskje ikkje er direkte vestleg:
- Dei er interessert i dei kristne, og ville spørre meg ut. Eg angrar på at eg fortalde at eg er ateist. Folk var bestyrta, fleire og fleire kom til: Noen forklarte at Guds omsorg var som ei mors, og noen spurde om eg ikkje lurte på kor apene kjem frå!
Ho avslører ellers at ho tidleg på 1990-talet vart utvist av uniformerte vakter frå Nasjonalbiblioteket. Men no er tonen: ”Ho her skal ha all den hjelp ho treng.”
Av Kjell Håve |