MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Gitarspel som disputas (7.11.07, 08:08)

Andreas Aase improviserer seg gjennom sitt stipendprogram. Når tida er inne, blir resultatet lagt fram i form av ein konsert – med improviserte tonar.

Andreas Aase ved NTNUs Institutt for musikk er av dei relativt få som improviserer seg gjennom eit stipendprogram. Aase er nemleg kunststipendiat.

Andreas Aase (t.v) (gitar) og Sturla Eide (fele) i aksjon. Foto: Thor Nielsen/NTNU

Universitets- og høgskolelova likestiller kunstnerisk utviklingsarbeid med forsking, og stipendprogrammet for kunstnerisk utviklingsarbeid er ein parallell til forskarutdanningane organiserte som doktorgradsprogram.

Stipendkonserten blir dermed for ein slags doktordisputas å rekne.

Slått treffer gitar
Andreas Aase studerer gjennom å spele gitar. Han har jamleg kontakt med den kjente folkemusikkutøvaren Geir Egil Larsen på Verdal. I møta med han blir grunnlaget lagt: Kunststipendiaten blir tilført det materialet av slåttar han skal bruke. Slåttar er i utgangspunktet noe framand for gitaren. Dermed blir utforsking nødvendig:

- Eg hører på slåttane, eg arrrangerer dei for gitar, tar ut noen motiv og bearbeider dei musikantisk og improviserer, seier Aase.

Ulesbart
Her er det snakk om immateriell kunnskap. Dokumentasjonen av Andreas Aases arbeid skjer ved lydopptak. Han uttrykker det slik: - Vi leverer kunstprodukt, ikkje litteratur. Som noen har sagt: Kvar utøvar er sitt eige dokument.

Dette handlar om mennesket som kunnskapsberar: - Vi deler det vi veit med andre, men vi kan ikkje trykke det.

Sluttbedømminga skjer da òg på grunnlag av ein konsert og eit munnleg forsvar av det arbeidet som er gjort. Notat frå arbeidet blir òg lagt fram som dokumentasjon.

Flyte eller skrive
Går vi frå samtalen med stipendiaten til ein konsentrert undervisningstime med John Pål Inderberg, lærar på jazzlinja ved musikkinstituttet, får vi spontant ei forklaring langs same liner:

- Vi kan ikkje stoppe og skrive ned det vi har komme fram til, da kjem vi ikkje vidare.

Prinsippet blir ikkje endra av at ein stipendiat bruker arbeidsnotat. Dei er arbeidsmidlar undervegs, ikkje mål.

Førsteamanuensis John Pål Inderberg (t.v.) og professor Bjørn Alterhaug ved NTNU held kurs i improvisering for bedrifter og andre. Foto: Gorm Kallestad/NTNU Info

Men oppsummerande merknader for ein observerande journalist går ikkje ut over flyten i Inderbergs time, dei går heller inn i den. Læraren er midt oppi ei økt med seks førsteklassestudentar. Det han seier som oppsummering, spring rett ut av undervisningsituasjonen:

- Vi prøver å forske i praksis på kva forsking er.

Øve øret
Førsteklassingane har gjerne ikkje komme fullt så langt i utforskinga. Dei skal øve opp gehøret før dei får lov til å improvisere. Dei må spele og synge note for note ein Coltrane-solo frå femtitalet – dette for å kunne oppøve sitt viktigaste hjelpemiddel: øra.

Mye blir oppnådd allereide no, læraren seier til ein student: - Din måte å høre John Coltrane på er gjennom instrumentet via gehøret. Og til ein annan: - Da eg hørte at du spelte feil no, hørte eg at du hørte rett!

I lova heiter det ”…forskning og faglig og kunstnerisk utviklingsarbeid.” Formelle sondringar må vere i orden, men i praksis er det ikkje greit å bygge vasstette skott. Ein kan óg leike med ord og uttrykk: utforsking, forsking på kontra forsking i.

Improvisering gammalt nytt
John Pål Inderberg er Andreas Aases vegleiar. Aase prøver å finne ut korleis ein kan kontrollere slåttematerialet improvisatorisk.

Og det blir kanskje noe igjen til forsking i den tradisjonelle tydinga av ordet, på slåttar og spelemenn: - Eg ser kva eg kan ta med meg av fortida. Elles trur eg for min del at dei gamle spelemennene improviserte.

Improviserande spelemenn, det er det ein heile tida kjem attende til. Inderberg og andre – som Bjørn Alterhaug ved Institutt for musikk – har elles gjort mye for å spreie kunnskap om kva ein kan få ut av improvisasjonsmomentet til ulike område i samfunns- og næringsliv.

Andreas Aase trur at i den grad jazzlinja ved NTNU står sterkt, så er det i stor grad fordi lærarane der har funne ut at ein ikkje kan undervise i noe ein ikkje gjer. Det er utøvande folk, mye av tida er dei på spelejobb.

Av:Kjell Håve