Sikkerheit og dilemma
(9.11.07, 06:07) Kor mye risiko aksepterer vi? Kor langt kan ein gå når risikonivået blir for høgt? Kva prisar kan betalast for sikkerheita? |
MANGEÅRIG LEIAR for arrangementskomiteen, Jan Hovden, tok opp korvidt vi lever med, tolererer dei vanlege enkeltulukkene i trafikk, heim, fritid og arbeid. |
Ein fredag ettermiddag på Gardermoen: Ein koffert blir gjennomlyst i sikkerheitskontrollen. Resultatet indikerer manuell ettersjekk, men det blir det ikkje noe av fordi eigaren har vunne å få kofferten med seg.
Dermed blir heile avgangsterminalen evakuert. Og innsjekkingshallen utafor blir fylt med tusenvis av personar. Folk står som sild i tønne.
Det er lett å tenke seg at noen kan utnytte ei slik hending, med mange personar samla så tett, i ein terrorsamanheng. Kan sikkerheitstiltak gå på sikkerheita laus?
Kva ein koffert kan få til
Det var professor Jørn Vatn ved NTNUs Institutt for produksjons- og kvalitetsteknikk som beretta det ovanstånde på dei årlege Sikkerheitsdagane - eit samarbeidsprodukt av NTNU og forsikringsselskapet TrygVesta.
På Gardermoen var det var mange som ikkje kom seg heim i rett tid til helga, og det viste seg at det ikkje var noe galt i eller med kofferten, men prosedyrene er ufråvikelege. Vatns poeng var ikkje å kritisere dei som tar avgjerder – i dette tilfellet var det politiet – men å belyse dilemma.
|
PRAT ETTER FOREDRAGET: Best hittil, er tilbakemeldinga til Jan Hovden etter årets sikkerheitsdagar. |
Lufthamnirritasjonar
Etter innleinga til Vatn forklarte direktør Sverre Quale i Avinor om dei ulike aktørane som gir retningsliner for sikkerheitsarbeidet på flyplassane. Her gjeld prinsippet om at ein må innrette seg etter internasjonale avtalar, og Norge avgjer i liten grad kva tiltak som er påkrevd.
På teknologisida finst i dag metodar som kan gjera kontrollane enklare og meir effektive. Bruk av slike metodar kan imidlertid truge personvernet.
Innhaldet i sikkerheitsdagene kalte i det heile mye på deltakaranes talent for tenking omkring avveging.
Kva aksepterer vi?
Professor Jan Hovden ved NTNUs Institutt for industriell økonomi sa i sitt foredrag at 2007 hadde ikkje vore noe stort ulukkesår, sjølv om natur- og klimarelaterte ulukker har kome meir i fokus.
Men kva med dei vanlege enkeltulukkene, spurde Hovden, med stikkorda trafikk, heim, fritid og arbeid. Vel vi å leve med dei, tolerere dei?
FAKTA | VESTA-PRISEN:
Det vart også utdelt to prisar frå TrygVesta under Sikkerhetsdagene.
Eivind Haugen for masteroppgåve som vedrører underentreprenørar for Ormen Langes landanlegg, med utanlandsk arbeidskraft.
Øystein Skaar Skogvang for masteroppgåve om sikkerheitsstyringa av T-banen i Oslo. | Vellukka på Britannia
Jan Hovden har vore leiar for arrangementskomiteen i 15 år. Han oppsummerer overfor Universitetsavisa:
- Tilbakemeldingane er at konferansen i år er den beste.
Hovden anslår oppslutninga i år til 170-80, hans inntrykk er at det var høgre andel nye i år, noe som er bra.
Han berømmer forsikringselskapet TrygVesta som har eit fond til dekking av eventuelt underskot, som gir ein del til reiseverksemd, som betaler løpande eitt eller to doktorgradstipend og som gir TrygVesta-prisen på kvar konferanse.
Kvart år sia 1985
Eit gedigent nettverk skildrar Jan Hovden:
- Vi har etablert møteplass for sikkerheitsinteresserte på tvers av ulike miljø og på tvers av skilnaden privat-offentleg.
- Dette set oss i stand til for eksempel å etablere masteroppgåver i næringslivet.
Konsekvensene er her allereie
Såpass bra som dette ser ut til å gå, kan ikkje innhaldet vere anna enn aktuelt. Klimaspørsmål kallar på føre-var:
- Vi hadde ein klimasesjon i fjor, óg. Det har jo aktualisert seg enormt i år.
Hovden presiserer:
- Det er ikkje ein miljøkonferanse, men ein sikkerheitskonferanse. Sikkerheitsproblema må vi ta med ein gong, for uansett korleis klimapolitikken blir utforma, så blir det verre og verre i noen år når det gjeld klimaverknader.
Tidsmedvit er absolutt påkravd:
- Rett svar no er ikkje nødvendigvis rett om noen år. Og i den andre blikkretninga: Sikkerheitsverktøy som vart til på 70-80 talet, fungererer det i vår IKT-tid?
Tekst og foto Kjell Håve Les foredraga fra Sikkerhetsdagene her
|