Unaiv. Super
(19.11.07, 08:22) Ho vinn prisar ved teknologikonferansar, sitt i NTNU-styret og forskar på blåflekkar som får mediene til å tenka på amerikanske politiseriar. - Men kvifor ringer du til meg, då?
Det er den første dagen i november, og ein intervjuavtale skal spikrast.
- Jo, eg kjem altså frå Universitetsavisa, og no har du nyleg vunne pris på Technoport og i tillegg er du ny i NTNU-styret, og så lurte me difor på om me kunne få laga eit portrettintervju med deg ...?
Det går fint. Ho lar seg overtala, Lise Lyngsnes Randeberg, postdoc i medisinsk optikk ved Institutt for elektronikk og telekommunikasjon.
|
FORSKAR MED STOR F: - Eg kunne nok ikkje gjort så mykje anna. Eg trur eg alltid vil vera ein forskar, seier Lise Lyngsnes Randeberg. |
”Nja, skeptisk”
Me hoppar nokre månader tilbake i tid. Lise står på togstasjonen på Steinkjer. Det er ein heilt vanleg septemberdag.
Telefonen hennar ringer, personen i den andre enden presenterer seg. Denne gongen er det ikkje Universitetsavisas utsendte som ringer, men Lises umiddelbare reaksjon er ikkje ukjent.
- Men kvifor ringer du til meg då?
Personen i den andre enden er ordførar Rita Ottervik. Og ho har god grunn til å ringe. Ho fortel at 33-årige Lise Lyngsnes Randeberg har vunne ung innovasjonspris for si forskning på aldersbestemming av blåmerker. Prisen vert delt ut under Technoport Awards. Premien var på 100 000 kroner.
- Det var no forresten ikkje rart eg vart litt overraska då Rita Ottervik ringte. Det var jo ikkje heilt realistisk, ler Lise.
- Men er du forresten skeptisk av natur?
Forskaren dreg litt på det.
- Jaaa, eg er nok litt skeptisk. Eller for å seia det slik – eg er i hvert fall ikkje naiv lenger, forklarar ho.
|
HEKTISK: - Eg trivst godt når det er mykje å gjera, slik som no. Men eg ser no óg fram til desember. Då skal eg grava meg litt ned i forskninga igjen, fortel Randeberg - her som styrerepresentant ved NTNU med styrekollega Kristin Dæhli ved si side. Foto: Arne Asphjell/ NTNU Info |
Formidling viktig
Skepsisen fekk spesielt rotfeste då ho skulle disputera med doktorgraden sin våren 2005.
Avhandlinga ”Diagnostiske applikasjoner av diffus reflaktansspektroskopi” høyres kanskje ikkje spesielt tabloid ut. Likevel vart det mykje pressemerksemd då den unge namsosingen skulle presentera prosjektet sitt – eit prosjekt som på mange måter la grunnlaget for prisen ho vann på Technoport to år seinare. Både nasjonal og lokal presse tok kontakt.
- Forskninga mi er salgbar. Eg ser jo det. Den er viktig i eit rettsmedisinsk perspektiv, og då tenker jo folk på ein serie som CSI med ein gong, så temaet er interessant for mange, ja. Men det vart veldig mykje på ein gong, og eg var nok naiv. Eg ville stilla opp på alt, og var litt urutinert. Til slutt blei det for mykje.
Til tross for at ho no er noko meir reservert, ønsker ho likevel å seia ja når henvendingane kjem.
- Eg syns det er viktig å formidla kva me forskarar driv med, også for at folk kan sjå nytteverdien i forskning.
- Syns du avstanden mellom djuptgåande forskning og kjapp journalistikk er problematisk?
- Nei, eigentleg ikkje. Stort sett syns eg journalistane eg har vore i kontakt med har vore flinke. Men eg er blitt nøye på å få lesa gjennom det eg blir sitert på, smiler ho.
Universitetsavisas bladfyk kjenner presset, og velger minste motstands veg: Temabytte.
Hjertesaker i styret
33- åringen er gift, har tre born, og ei post-doc-stilling som krev mykje forskningsarbeid. I tillegg har ho ei rekke verv, mellom anna i TEKNA. Det skulle ikkje vera mykje tid igjen i døgnet då.
Men dét er det. Og Lise Lyngsnes Randeberg har valt å bruka den ved NTNU. I august tok ho til på jobben som medlem i NTNU-styret. I eit år skal ho representera dei midlertidig vitskapeleg tilsette.
- Eg har alltid hatt ein tendens til å ha ulike verv, det være seg i idrettslaget til ungane mine eller i Tekna. Eg har nok ein sterk rettferdigheitssans, i tillegg så har eg alltid tenkt at det nyttar ikkje å klaga utan å gjera noko sjølv, forklarer ho på spørsmål om kvifor ho tok på seg eit slikt ansvar.
Ho har sine hjertesaker også når ho sit rundt styrebordet, og som representant for dei midlertidig tilsette legg ho ikkje skjul på at ho føler eit ekstra ansvar for akkurat denne gruppa. Det har lenge vore eit misforhold mellom universitets- og høgskulesektoren og samfunnet for øvrig når det gjeldt tilsettingspolitikk.
- Forskarar har óg husleige og rekningar som skal betalast, og det er ikkje slik at ein lever utanom resten av samfunnets daglegdagse krav. Dermed blir det også viktig å ha ei viss stabilitet i kvardagen.
- Ja, hvis du skal tenka litt stort – korleis påverkar denne usikkerheita norsk forskning?
- Det går først og fremst ut over dei som skal forska, og kanskje me mister mange gode forskarar som søker seg mot meir stabile jobbar, reflekterer ho.
|
AVKOBLING: - Når eg har heilt fri likar eg å vera på hytta ytterst i Namdalen, fortel Lise Lyngsnes Randeberg. |
Tverrfagleg styrke og svakheit
Lise Lyngsnes Randeberg legg ikkje skjul på at ho syns det er spennande å få ta del i dei store avgjerdene som er med på å forma NTNU.
- Det er svært lærerikt. Eg er veldig opptatt av å få til gode konsekvensanalyser før me fattar vanskelege avgjerder. For store satsingar vil på ein eller anna måta også ramma nokon negativt. Då er det viktig at me kan svara godt på kvifor me meiner det er best at det likevel blir slik. Det er ein del av det ansvaret me har tatt på oss, forklarar ho.
- Men kva er styrkene og svakheitene til dagens NTNU, slik du ser det?
- Oj, det er eit stort spørsmål. Eg trur tverrfaglegheita som me satsar på er både ei styrke og ein svakheit. Når folk frå ulike fagmiljø møtas kan det oppstå svært spennande og uventa koblingar, som fører til ny kunnskap. Samtidig er det vanskeleg å finna gode publiseringskanalar for denne type forskning, og vanskeleg å vita korleis slik forskning skal meritterast, forklarar Lise Lyngsnes Randeberg.
Digresjon i digresjonen
Som ung forskar meiner ho også at generasjonsskifte ved universiteta, og spesielt NTNU, er ein av dei viktigaste utfordringane organisasjonen står overfor i åra som kjem. Ho presiserer at ho snakkar for teknologimiljøet, som er det ho har mest kjennskap til.
- På 60- og 70-talet vart det tilsett mange nye, men i det siste har talet på nytilsetingar flata ut. I dag er mange av desse snart klare for å gå over i pensjonistenes rekker, samtidig som me har fleire studentar enn nokon gong. Det er viktig at me får ei god kompentanseoverføring fra dei eldre til dei yngre tilsette, slik at me kan oppretthalda kvaliteten i studiane, og i veileiinga til studentane, utbroderer Lyngsnes Randeberg.
Herpå følgjer ei ytterlegare lang utgreiing om kvifor generasjonsskifte er eit så viktig tema. ”Fokus på dei rette folka” blir til ”utenlandsstipendiatar som ofte ikkje vil eller har høve til å bli verande i landet”. Plutseleg stoppar ho opp.
- Eh… no mista eg tråden litt. Eg har det med å snakka meg vekk innimellom. Det blir mange digresjonar i digresjonane når eg først blir engasjert, ler ho.
- Best på hytta
Tida me har til rådigheit er i ferd med å renna ut. Men me rekk nokre siste spørsmål, samtidig som me beveger oss ut i haustregnet for å ta nokre bilete. Kva gjer for eksempel Lise Lyngsnes Randeberg når ho ikkje forskar på blåmerker, sitt i NTNU-styret eller veileiar studentar?
- Eg er jo ei familiekvinne, og når eg har fri likar eg godt å vera på hytta i Yttervikna, som er ytterst i Namdalen. Der kan eg kobla av, fortel styrerepresentanten og prisvinnaren.
Tekst og foto: Pål Vikesland |