LØRDAGSUNIVERSITETET Korleis snakka dei i ”trondeym”?
(20.11.07, 07:56) Nordistar på Dragvoll tolkar fortidas smular på grunnlag av samtidas heilskap. Dei får hjelp av enkelte av 1700-talets prestar som skreiv som dei snakka. - Det er tid for eit stort skifte no, det norske språket har vore stabilt i mange hundre år. Langvarig stabilitet pleier å veksle med store omskiftingar over relativt kort tid.
|
KVA ER TRØNDERSK?: Hagland var ikkje definitiv, men antyda ekspansjon over både fylkes- og riksgrense. |
Det er professor Jan Ragnar Hagland ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap som sjokkerer. Han er på Suhmhuset og held foredrag i Laurdagsuniversitetet. Der er fortida i fokus: Trønderskens historie.
Dei norske dialektskilla var utforma iallfall så seint som på 1600-talet, fortel Hagland.
- Trondheimsmålet er det bymålet vi har den tidlegaste kartlegginga av.
Gamle trønderdraumar
Hagland viser til kollega professor emeritus Arnold Dalen og hans arbeid på området, ikkje minst manuskripta etter trondheimaren Hans Nysted som levde det meste av sitt liv som prest i Danmark, i dei første tiåra av 1700-talet.
Han ville bruke ord han kjente frå sin oppvekst i eit systematisert dansk skriftspråk, ord som ”vatn” og ”dæmmers”.
Denne kuriøse historia fortel oss altså at trondheimsmålet for 300 år sia låg nært bygdamålet.
- Bymåla var ellers gjerne grammatisk forenkla samanlikna med bygdamåla, legg Hagland til.
|
FRÅ REFORMASJONEN TIL RUNANE: Eit funn i Jan Ragnar Haglands tilbakeskodande framstilling er den første norske kjelda med latinske bokstavar. Og den er frå trønderhovudstaden. |
Trøndermålbok på veg
Haglands foredrag i Laurdagsuniversitetet er i samband med ei bok som kjem om eit års tid, og som tar for seg trøndersk språkhistorie: I tillegg til Hagland og Dalen er medarbeidarane førsteamanuensis Ola Stemshaug, stipendiat Stian Hårstad og professor Håkan Rydving. Den siste er frå Universitetet i Bergen og dermed den einaste ikkje-NTNUaren.
Boka skal gjevast ut i ein av dei eldste skriftseriane i verda, nemleg Vitskapsselskapets skriftserie. Den har gått sia 1761.
Utsyn frå no til da
Prosjektgruppas framstillingsgrep er interessant, det minnar om Ibsen. Framstillinga er retrospektiv. Ein har tatt utgangspunkt i spørsmål som ”Kva forstår vi med trøndermål i dag?”. Den første delen av boka går såleis frå notida tilbake til 1500-talet. Anna hadde ikkje vore muleg.
Men den gamle diktaren tok jo utgangspunkt i notidige problem for å finne gammal styggedom. Slike moralske synspunkt kan ein umuleg legge på språk, sjølv om prestar på 1700-talet kunne bli skulda for å skrive ”I det meest upolerede Bondemaal”.
Hadde dei ikkje det gjort, hadde vi ikkje visst korleis folk snakka på den tida. Sitatet utgjer ellers tittelen på ei bok Hagland og Dalen ga ut på 80-talet.
|
GAMMALT FORSØK PÅ NORMERING: Hans Nysteds om lag 300 år gamle manuskript. Slikt har Arnold Dalen hatt å bakse med i si forsking på trondheimsmålet. |
Kvar snakkar dei trøndersk?
Jan Ragnar Hagland og resten av prosjektgruppa ventar seg diskusjonar når boka kjem ut, om den geografiske avgrensinga av kva som er trøndersk. At nordmørsk hører med, er velkjent, men Hagland antyder òg noe om dei øvste delane både av Gudbrandsdalen og Østerdalen, og at ein kanskje må sjå over riksgrensa til det gamle norske Jemtland.
Ellers kjem boka til å innehalde utgreiing om eit heilt anna språk, eit språk som har like stor tilhørigheit i regionen, nemleg sørsamisk. Det er professor Rydving som tar for seg dette emnet.
Før Olav Engelbrektsson
Hagland har sjølv tatt for seg dei eldste tidene, i praksis vil det seie frå 1500-talet bakover til middelalderen så langt det rekk. Den katolske tida og eventuelt bak den. Eit lite runetilfang eksisterer, bakover til omkring 400.
Kjeldene er særs få og i stor grad det vi i denne samanhengen kan kalle hovudstadsbaserte. Men ein kan iallfall få ut av dei nettopp det, kva dei kalla storbyen: Nidaros blir brukt i kyrkjeleg institusjonell samanheng og ein variant av Trondheim (”trondeym”, ”trondeim”) i verdslege samanhengar.
|
MÅ VENTE EIT ÅR PÅ BOK: Einaste språklege ikkjetrønder i styringsgruppa for bokprosjektet. Her sit professor Hagland saman med Bjørn Sæther, koordinator for Laurdagsuniversitetet. |
Lingvistisk sjølvgode?
Det kjem an på kva ein kan få ut av kjeldene. Hagland meiner mye tyder på at trønderane sa allum mannum der andre i landet sa ollum monnum. Trønderane kan ha markert sjølvstende andsynes u-omlyden.
Hagland avslutta sitt foredrag med å vise til den eldste kjelda på norsk med latinsk alfabet. Skriftet er frå Trondheim, frå midt på 1100-talet, og er eit fragment av ei samling helgenlegender.
Haugesundaren, ved trondheimsuniversitetet sia 1970, løfta dermed litt på hatten for den landsdelen han har hatt sitt virke i – og utnytta kjeldetilvisinga til å minne om ei kjend utsegn om kva som blir att om vi fjernar den trønderske delen frå norske historiebøker.
Så får det stå opent om røsta bak utsegna tilhørte ein berømt nolevande trondheimsk borgarmester eller ein bygdatrønder, nemleg Jon Leirfall.
Tekst og foto Kjell Håve |