Mylder av energiforslag i Kjelhuset
(30.11.07, 08:33) I år, klimaåret 2007, blir strategien utforma, nemleg energisektorens FoU-strategi. Iallfall har ivrige deltakarar i dialogmøte på Gløshaugen gjort sitt. - Syretesten på om vi lukkast, er om vi får næringslivet med. Det sa Petter Støa frå SINTEF energiforsking da han innleidde på dialogmøtet til Energi 21 onsdag, i Kjelhuset på Gløshaugen.
|
DAMP FRÅ KJELAR VAR FRAMTIDA: To-tre hundre års eventyrleg økonomisk utvikling fordi ein greidde å finne opp stadig betre måtar å utnytte energi på. Men løysinga vart problemet, tradisjonelle løysingar lyt no parkerast. Her pratar f. v. Kjell Olav Skjølsvik, Enova, Arne Bredesen, NTNU og Petter Støa, SINTEF. |
På morgonen den dagen brann det i kablar under hovudstaden, det var derfor Støa heldt innleiing. For transportkrisa på Austlandet hindra Energi 21s sekretariatsleiar Hans Otto Haaland i å nå Trondheim.
No skal vi høre
Saman med Kjell Olav Skjølsvik frå Enova og Arne Bredesen frå NTNU sto Petter Støa for avviklinga av møtet. Hans innleiing var ein presentasjon av høringsrapporten frå strategigruppa til Energi21, eit tiltak for ein FoU-strategi for energisektoren – sett i verk etter inititativ av olje- og energiministeren sist vinter.
Dei tre nemnde er alle med i styringsgruppa som ellers har med folk frå næringsliv, forsking og styresmakter.
Høringsrapport er ikkje noe byråkratisk-formelt begrep. Alle kan sende inn kommentarar fram til 4. desember.
|
VAR STATSSEKRETÆR I OLJE OG ENERGI: Professor Arild Rødland la på bordet noe nytt i forhold til rapporten: geotermisk energi, gjerne kombinert med CO2-lagring. |
Skarpt blikk på det kommersielle
- Vi har villa engasjere energiselskap og industri, sa Petter Støa. I rapporten står det da òg at forskingsmiljøa må ”Utvikle ytterligere samarbeidet med næringslivet; verdiskapingspotensial vil i denne strategien være viktigere enn forskningsmessige gjennombrudd.”
I arbeidet med strategien er det lagt vekt på verdiskapingspotensial, miljøomsyn, forsyningssikkerheit og effektiv utnytting av energiressursane. Eit viktig kriterium har òg vore mulegheita for å bygge vidare på eksisterande kompetanse i forsking og næringsliv.
Bringe kraft til andre
Støa lanserte uttrykket: ”Frå balanse til grønn leveranse”. Parolen er ikkje: vi, også. Men: vi skal leie. Norge kan bli ”et godt hjemland” – som rapporten uttrykker det – for verdsleiande bedrifter innafor solenergi, maritim vindkraft og CO2-handtering. Vi skal eksportere kraft produsert på klimavennleg vis. Og det skal bli muleg å komme dit at Norge kan ha tilnærma null klimautslepp.
Energikjeldene rapporten legg til grunn, er sol, vind, vatn og bio, i tillegg til petroleum med CO2-handtering. Det blir lagt vekt på energieffektivisering.
Både kjernekraft og thorium blir såvidt nemnde, men i samanhengar som gjer dei irrelevante for rapportens forslag.
|
FRÅ BALANSE TIL GRØNN LEVERANSE: SINTEFs Petter Støa framheldt at Norge måtte bli leiande på grønn energi. |
Norge og sola
Representanten for vertskapet, professor Arne Bredesen ved Institutt for energi og prosessteknikk, noterte tavla full under det energiske ordskiftet som Kjell Olav Skjølsvik frå Enova leia.
Her er noen av synspunkta:
Med omsyn til slagord og framtidsvyar kjem det nok aldri dit at vårt land blir eit leiande solland. Men grunnlaget for utnyttinga av vedkommande planet er likevel sterkt. Vi har nemleg ein sterk industri på solcellar.
Det vart óg hevda at norsk eksport av silicium for solcellar kunne vere av enorm betydning for verdsfreden.
Kva skal vi levere?
Fleire innlegg tok opp kva vi skulle eksportere:
Ein såg inn i framtida og såg vasskraft som særs vesentleg eksportartikkel. Vi må ellers levere miljøvennleg teknologi i tillegg til kraft. I det heile måtte vi eksportere løysingar, gjerne dyre.
Det vart oppfatta som problematisk at energisertifisering av bygningar låg under Energidepartementet, byggeforskrifter under Kommunaldepartementet og avskrivingsreglar som kunne slå ut i litt forskjellig retning, under Finansdepartementet.
|
ENERGISKE INNSPEL: Hilde Venvik var den som nemnte at vi må forbruke mindre. Atle Harby (t. h.), SINTEF-forskar på vatn, trudde Norge kom til å eksportere vasskraft. |
Biotransport?
Det er interesse for bioenergi. I den samanhengen vart det fastslått at om vi brukte all tilgjengeleg norsk bioenergi, kunne det drive 20 prosent av transporten.
Ellers tok dei tre ved talerstol og tavle signal om at transportsektoren hadde vorte noe tynt behandla i rapporten.
Fryktsame teknologar
Teknologioptimisme er eit innarbeidd ord. Men kanskje ein óg skulle bruke teknologvarsemd. Det vart sagt at forslaga frå strategigruppa måtte bli marknadsførte frekt og pågåande, teknologar må få bukt med frykta for at alt ikkje er millimeterrett.
Eit ytterlegare område vart nemnt: Geotermisk energi, boreteknologien har vi allereide.
Ellers vart andre miljøproblem enn klimagassutslepp etterlyste.
|
IKKJE NOK MED LABORATORIUM: Øyvind Aschehoug er leiar for SmartBygg, strategisk forskingsprogram ved NTNU og SINTEF. Han vil ha auka løyvingar til demonstrasjonar av nullenergihus og hus som produserer energi. |
Energikraft og berekraft
Oppmøtet var noen og tjue, langt mindre enn på dialogmøtet i sommar. Men debattleiar Skjølsvik hadde sin fulle hyre med ein flom av innlegg.
Her namngir vi berre Hilde Venvik, førsteamanuensis ved Institutt for kjemisk prosessteknologi. Så vidt vi kunne få med, var ho den einaste som sa at det ikkje er nok med effektivisering, men at vi óg må bruke mindre. Ho meinte at berekraftmomentet glapp i rapporten, som ho ellers berømma sterkt for å vere forståeleg skrive.
Ho tok óg så å seie debatten heim: Det gjeld for NTNU å trekke til seg fagfolk. På Hilde Venviks institutt har det knapt vore ein norsk doktorgradstudent på to år.
Første delen av framtida
Teknologien kan ikkje alltid bere sine oppgåver, som den fråverande sekretariatsleiaren fekk oppleve. Men eitt av Arne Bredesens mål vart iallfall oppfylt: Avvikling av møtet før avspark på Lerkendal – om no det hjalp stort.
Høringa på Energi21s rapport blir avslutta 4. desember, rapporten blir sluttbehandla rett over nyttår, og lagt fram 5. februar.
Tekst og foto: Kjell Håve Heimeside, der du og finn rapporten
|