Dalande interesse for fagleg-pedagogisk dag
(3.12.07, 10:33) Norsk og nordirsk skolekvardag verkar å vere totalt usamanliknbare. Norge sakkar etter naboane, i Belfast er naboskapet murt igjen. |
HELSE PÅ: Skilpadda kom til avlyst forelesing, men Ingrid Sand frå AV-tenesta på Dragvoll var iallfall innom. |
Nitti prosent av skoleelevane i Belfast er segregerte, i protestantiske eller katolske skoler. ”Which school are you going to?” er ikkje noe uskuldig spørsmål i byen.
I eit auditorium på Dragvoll er Domhnall Mitchell engasjert – han er i gang med ei lysbildeforelesing for lærarar, hovudsakeleg frå vidaregåande i Trøndelag. Her kjem for eksempel eit triveleg bylandskap, men:
- This is a cemetery, not a park. It’s Protestant. You can tell by the trees, because Protestants have trees.
Lektorar og lærarar blir mentalt dregne over Nordsjøen og Irskesjøen og inn det som enno er av tydeleg håpløyse, trass markert fredsutvikling dei siste åra. Men dagane er ikkje prega av bombar og traumatiserande arrestasjonar lenger.
Svekka oppslutning
I Trøndelag er alle skolar stengde denne fredagen. Lærarane strømmer likevel ikkje til Dragvoll for etterutdanning – på NTNUs fagleg-pedagogiske dag fredag 30. november.
Det kan vel vere det same for dei som får med seg Mitchells oppdatering på den velkjende konflikten. Særskilt lærarar kan ha interesse av korfor håpet enno er begrensa: folk frå dei to religionsgruppene i Belfast vil ikkje sende ungane til kvarandre sine skoler.
Kanskje fordi det sørgelege skillet fungerer: Nordirske elevar presterer høgre enn gjennomsnittet i dei Foreinte Kongerika, relativt fleire tar høgre utdanning.
Det fortel Lise Utne, som saman med Mitchell er ansvarleg for forelesinga, inkludert den rikhaldige lysbildesamlinga.
|
DYRET SVØMTE HIT: Førstelektor Kristian Overskaug vil at ein skal lære av Fridtjof Nansens nysgjerrigheit. Han lurte på korfor Grønland, men ikkje Norge er islagt. Og ville gjerne ha lurt på korfor så lang svømmetur? Over nyttår skal Vitskapsmuseet ha Nansen-utstilling. |
Ei samanlikning
Verkar segregering? Nordirlandsforelesinga for lærarar opnar for merkverdige tankesprang. I norsk skoledebatt slår noen til lyd for ulik undervisning for elevar på ulikt nivå i same årsklasse. Og kvelden før arrangementet på Dragvoll, vart PISA-rapporten avslørt.
Så vi spør noen av klasseromsarbeidarane om norsk skole. Opplever dei nivåsenking?
Svaret – ja – står klart for Harald Setsaas ved Ole Vig videregående skole på Stjørdal:
- Alle trur dei kan engelsk her i landet, men problemet er grammatikken. Mest skremmande er det at det er ein del som ikkje kan skrive, dei beherskar ikkje språk.
Setsaas har vore i vidaregåande sia 1982.
- På engelskspråklege norske heimesider kryr det av feil. Næringslivet etterspør jo korrekt og presist språk!
Pubkompetanse held ikkje
Setsaas og Liv Randi Tillereggen ved Strinda videregående skole er samde om at ungdommane kan kommunisere betre enn før, men på noe dei to kallar muntleg pubengelsk.
Harald Setsaas meiner at lærarane meir og meir blir teknokratar – dei skal administrere filmdagar og Mot-prosjekt.
- Og ein må drive med ting ein ikkje er utdanna for, som data. Ein er teknolog først, så utdanna lærar. Slik blir lærarkvardagen hektisk og krevande.
Setsaas meiner ein må inn med nivådeling tidlegare. PISA-undersøkinga kommenterer han med at den vart tatt opp før Kunnskapsløftet har fått tid til å verke. Dette er eit løft, eller løfte, han har sans for: med vekt på fag, fleire timar og oppfølging.
|
FARLEG, MEN HÅPEFULLT I ULSTER Professor Domhnall Mitchell, seksjon for engelsk ved Institutt for moderne framandspråk, er sjølv frå Nord-Irland. Fornamnet er ein måte å skrive Donald på. Namn er ikkje alltid så enkelt i Belfast, fortel Mitchell, eit namn kan fortelle kva befolkningsgruppe du tilhører. |
Ei anna formidlarrøyst
Den fagleg-pedagogiske dagen har mange tilbod. I eit anna auditorium treffer vi førstelektor Kristian Overskaug, som har eit noe anna syn på kor mye elevane kan. Saman med ei kvarttonns havlærskilpadde har han tatt turen til Dragvoll frå sin arbeidsplass på Seksjon for formidling ved Vitskapsmuseet.
- Kunnskapen er av ein anna karakter no, trur eg. Det er fjell av elevar som er mye smartare enn meg. Dei er betre skolerte på andre arenaer, dei har betre oversikt over samfunnet.
- Dei er ikkje like imponerande artsterke i ornitologi, for eksempel, men eg er imponert over deira evne til å absorbere den enorme informasjonsmengda.
Samtidig:
- Eg har stor respekt for PISA-undersøkinga, den er eit viktig verktøy.
Kleppa karibianar
Det som ein gong var eit liv, type dermochelys coriacea, står stødig på golvet mens Overskaug gjer greie for synspunkt. Noen fiskarar sendte havlærskilpadda ut av tida og over i frosen tilstand i 1985 – dette var ved Stokkøya på Trøndelagskysten.
Overskaug trur ho vart født ved Jamaica, men svømte heilt hit og fekk ein klepp i hovudet. Mange slike har det ikkje vore i våre farvatn, men det har auka på i noen grad. Så det kunne ha ligge an til problematiseringsforslag for lærarar: Korfor slike besøk? Er klimaet betre her no?
Han har sans for problematisering og noe mindre sans for bastante svar: Klimaet har stadig endra seg gjennom hundreåra, temperaturnivået har fluktuert veldig.
Fråværspedagogar
Mest sans – iallfall på denne dagen – har han for det pedagogiske. Kva kunne havdyret ha fortald, kva kunne ein utstoppa tiger ha fortald om teknologien: om påmontert hjertefrekvenssendar på ein levande sibirsk tiger, med signal rett opp til satellitt, rett ned i ein PC i Paris?
Når det blir mye hypotetisk språk her, er det fordi forelesninga til Overskaug vart avlyst. Her var det rett og slett for få påmelde.
|
DAGEN ETTER PISA: Harald Setsaas og Liv Randi Tillereggen er oppgitte over nivåsenkinga, men er samde om at mange norske elevar klarer seg bra, med sin engelsk, på pub. |
Framtida her
Mange lærarar kunne ha hatt mye å lære av Kristian Overskaugs reflekterte haldningar til mangt.
- Det har blitt dårlegare oppslutning om den fagleg-pedagogiske dagen etterkvart, fortel Eirik Rasmussen frå universitetets etter- og vidareutdanningseining NTNU Vidare. Forklaringa trur han ligg i at lærarane er meir pressa no. Han meiner det spøker for arrangementet og vil ta opp oppslutninga med fylka.
Framtida der
Ein slik lett forsiktig NTNU-pessimisme gir igjen opphav til ein litt vill kontrast, til eit hopp, til eit lite håp over Nordsjøen:
Forelesninga til Lise Utne og Domhnall Mitchell fortel om mye gråheit, at det stadig kan vere farleg å reise mellom bydelane i Belfast og om ”distrust and ignorance rather than hatred”. Men murane lever sjølv om dei stenger!
Belfast er ein by med enorme bildeinntrykk: frå dei (borgar-)krigerske murmaleria som i tiår har vore befolkningas politiske uttrykk på begge sider – the murals.
I det siste har murals-motiva dreidd seg om forsiktige ønske om fred, og om kulturhistoriske emne som berre gleder utan å opphisse fienden. På dei gamle heltebilda kjem det obskøne tillegg, nye generasjonar antydar at dei er leie no. At heltedyrkinga ikkje er framtida.
Det er ikkje langt mellom Trøndelag og Ulster, men bekymringane er uendeleg forskjellig.
Tekst og foto: Kjell Håve |