MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Tusenvis vil endra omstridt regel (4.12.07, 10:19)

Studenttingets kampanje for å endra den såkalla gjentaksregelen fekk støtte av over 3000 studentar.

- Dette er tydeleg ei sak som engasjerer mange, seier leiar Martin A. Sværen.

OPTIMIST: - Me håpar og trur at NTNU vil ta til fornuft i denne saka, seier studenttingsleiar Martin A. Sværen.
3109 personar har skrive under på oppropet som ber NTNU om å endra gjentaksregelen som seier at ein student berre har høve til å ta opp att ein eksamen i eit fag per semester.

Studenttinget ønsker ei ordning med gjentak av bestått eksamen inntil tre gonger i kvart emne utan begrensning i talet på emner ein tek opp att kvart semester.

- Målet var 2000 underskrifter, så me er svært fornøgd. Dette viser at studentane engasjerer seg i denne saka, konstaterer studenttingsleiar Martin A. Sværen.

- Innskrenka valfriheit
Eit av hovedargumenta for å endra gjentaksregelen er at NTNU er det einaste universitetet i Noreg som praktiserer regelen på denne måten, og dermed kjem NTNU-studentar dårlegare ut når dei skal konkurrera med studentar frå andre utdanningsinstitusjonar, ettersom ingen andre utdanningsinstitusjonar har liknande restriksjonar, påpeikar Studenttinget.

- Dette innskrenkar også valfriheiten studentar har i forhold til sitt eige studieløp. Problemet har spesielt vist for dei som skal vidare med profesjonsutdanning på psykologi, der det krevst eit svært høgt snitt. Har du vore litt uheldig med karakterane eit semester, risikerer du å bruka 2-3 år ekstra slik regelverket er i dag, seier Sværen.

- Dårleg marknadsføring
Studenttingsleiaren lar seg heller ikkje overbevisa av argument som gjeld økonomiske omsyn.

- Me ønskjer at det skal vera muleg å ta opp igjen fag under normal eksamensavvikling, og ikkje som konteeksamen. Fordi NTNU uansett er pålagt å avvikla eksamen vil ikkje nokre fleire studentar medføra store ekstra kostnader, seier Sværen.

Han meiner det i lengden vil gagna universitetet dersom ein no etterkjem Studenttingets krav.

- Den verste formen for marknadsføring for NTNU er misfornøgde studentar. Ei stor helse- og trivnadsundersøkjing viser at mellom 20 og 25 prosent av studentane ved NTNU slit med angst. Ein endring av gjentaksregelen kan faktisk også vera med på å letta situasjonen for mange av desse studentane som kanskje slit ekstra i eksamensperioden, trur studenttingsleiaren.

- Forstår studentane
Studiedirektør Anne Rossvoll har forståing for at at studentane engasjerer seg for å få endra gjentaksregelen, og fortel at temaet skal behandlast vidare i nær framtid.

- Me har drøfta regelen med studentorgana, og høyrt kva studentane meiner, og reknar med å legga fram saka fram på neste møte i Utdanningsutvalet.

- Me vil så få synspunkta til dei ulike fakulteta, og så blir saka behandla vidare deretter, opplyser Anne Rossvoll.

Tekst og foto: Pål Vikesland