MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

LESERBREV

Guttorm Sindre: Tankar om gjentaksregelen (6.12.07, 13:07)

Studentane har nettopp hatt ein underskriftskampanje for å liberalisere NTNU sitt reglement for gjentak av eksamen. Det er forståeleg at studentane ikkje aksepterer at NTNU er mykje strengare enn andre norske universitet på dette, som gir urettferdige konkurranseforhold til dømes ved opptak til masterstudier etter fullført Bachelor.

Eit interessant spørsmål er likevel om det er NTNU som bør dilte etter dei andre universiteta, eller om det tvert om er dei andre som burde bli strengare. Det finst nemleg fleire argument for ein restriktiv politikk i forhold til gjentak:

1) Økonomi
Med dei budsjettmodellane som departementet no bruker overfor universiteta, får vi pengar for produserte studiepoeng, ikkje for avlagte eksamenar. Ein student som tar opp att eit emne som allereie er bestått, produserer ingen nye studiepoeng, gjentak påfører dermed universitetet ubetalt ekstraarbeid. I mange emne er det ikkje berre snakk om å rette nokre ekstra eksamenssvar, men også at semesteroppgåver eller teljande øvingar må leverast på nytt. I andre tilfelle kan pensum ha endra seg, og dersom studentar frå tidlegare år likevel har krav på eksamen etter gammalt pensum, kan gjentak føre til at ein må lage to ulike eksamenssett.

2) Urettferdig konkurransefordel
Dersom vi (NTNU-studentar eller tilsette) i dag skulle ta opp att ungdomsskuleeksamenar i norsk, engelsk og matematikk, ville dei fleste plassere seg i det absolutte toppskiktet, men det ville vere som å stele sukkertøy frå småbarn. Dette er eit ekstremt døme, men noko liknande gjeld likevel for gjentak innan eit universitetsstudium, særleg dersom det er snakk om grunnleggjande emne som andre emne har bygd vidare på. Ein datateknikk-student som har vore eksponert for programmering i fleire emne i 2.år, burde vere forventa å prestere minst eitt karaktertrinn betre ved gjentak av IT Grunnkurs eller Objektorientert programmering (1.år).

Poenget er at slike gjentaksstudentar ikkje lenger er i målgruppa, eksamensoppgåvene er laga for førsteårsstudentar, og det faglærar forventar av prestasjon i forhold til ulike karaktertrinn, vil vere tilpassa dette. Slik kan det også vere i mange andre fagfelt ved NTNU. Å evaluere 3.årsstudentar saman med 1.årsstudentar utan omsyn til 3.årsstudenten si større modning, auka eksamensrutine og ekstrakunnskap frå påfølgjande emne, gir lita meining.

3) Karakterinflasjon
I dei fleste emne finst det ikkje noko enkelt 1:1-forhold mellom eksamensprestasjon og karakter – sensuren kan somme tider vere i overkant snill eller streng. Tilsvarande finst det heller ikkje noko 1:1-forhold mellom studenten sin kompetanse og eksamensprestasjonen. Ein student som har kompetanse tilsvarande C, kan godt vere heldig og prestere til B på eksamen (t.d. fordi dei delene av pensum som vedkomande ikkje kunne, ikkje blei spurt om), eller vere tilsvarande uheldig og prestere til D (t.d. fordi dei same delene av pensum blei spurt ganske mykje om). La oss ta som døme eit tenkt emne der 100 av studentane har kompetanse tilsvarande C, men der slumpfaktorar knytt til eksamensprestasjon m.v. gjer at 20% av C-studentane faktisk får B og 20% får D, medan altså 60% faktisk får den C’en dei fortente.

Sjølvsagt kan ein seie at det her er trist at 20% har fått ein karakter som var dårlegare enn kompetansen, men i eit studium der ein tar 20-30 eksamenar, vil dette jamne seg ut for dei fleste: På somme prøver har ein flaks med oppgåvene og sensuren, på andre har ein uflaks. Men anta no at ingen av dei 80 studentane som fekk C eller dårlegare, er nøgde – dei vil ha B eller betre. Med inntil 3 gjentak der beste resultat blir gjeldande, vil karakterfordelinga 20-60-20 (B-C-D) endre seg til 49-50-1, dvs. 49 av 100 studentar som framleis har ein kompetanse som tilsvarer C, vil likevel ha oppnådd B (1 - 0,8 x 0,8 x 0,8 =0,488).

Dette er sjølvsagt eit grovt forenkla døme, og at det akkurat skulle vere 20% utslag opp og ned er tatt ut av lufta. Poenget står likevel fast: slump mhp. overprestasjon og underprestasjon gir karakterforbetring i seg sjølv ved fleire gjentak, jamvel UTAN auka fagkunnskapar frå studentane si side. Å få til noko på tredje forsøk er rett og slett ikkje ein like god prestasjon som å greie det på første forsøk.

Konklusjonen på dette blir at det snarare er andre norske universitet som bør stramme inn sin gjentakspolitikk. Dersom resultatet likevel skulle bli at NTNU liberaliserer, må det iallfall vere eit krav at alle eksamensforsøk må vere dokumentert på karakterutskrifta som følgjer vitnemålet, slik at framtidige arbeidsgjevarar har sjansen til å samanlikne søkjarar på rett grunnlag.

Prof. Guttorm Sindre
Inst. for datateknikk og informasjonsvitskap

 
 
    
 SEND INN LESERBREV TIL
 REDAKSJONEN >>>
 
 FLERE LESERBREV:
Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk (19.1 2010)
 
Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken (15.1 2010)
 
Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut? (13.1 2010)
 
Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK (30.12 2009)
 
Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis (21.12 2009)
 
Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU” (15.12 2009)
 
Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva? (10.12 2009)
 
Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker (10.12 2009)
  Allan Krill: For mappa mi (14.12 2009)
 
Per Carlsen: Læresteder i klemme (7.12 2009)
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme (9.12 2009)
 
Odd W. Andersen: Saltkraftverk (30.11 2009)
 
Arkiv