MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Smilefjes for NTNUs arbeidsmiljø (6.12.07, 17:21)

NTNUs styre har i dag blitt presentert for arbeidsmiljøundersøkinga 2007. Almentilstanden er god. Rektor ser den gledelege heilskapen, men merkar seg problematiske trekk.

Arbeidsmiljøundersøkinga ved NTNU 2007 er no ferdig og er forelagt styret i dag. Dei tala som ligg føre, er gjennomsnittstal for heile NTNU, førebels er det ikkje brote ned på fakultet, institutt og avdelingar.

GLAD OVER HEILSKAPEN, MEN: Rektor Torbjørn Digernes har merka seg kva ein kan lese ut av resultata om for eksempel få medarbeidarsamtalar og muleg skepsis til gjennomførte endrings- og utviklingsprosessar.
Meiningsfullt på NTNU
- Undersøkinga viser at dei fleste tilsette hos oss trivst og er nøgd med jobben, kollegane og organisasjonen. Og dei opplever tilværelsen her som meiningsfull. Det er ei av dei viktigaste tilbakemeldingane.

Det er kommentaren frå rektor Torbjørn Digernes til arbeidsmijøundersøkinga. Og han merker seg:

- Trakassering og mobbing ser ut til å vere tilnærma ikkje-eksisterande.

Brukbar svarprosent
Digernes tykkjer det var ei spennande øving å sette i gang noe slikt, med spørreskjema til over fem tusen og tilbakemelding frå omkring tre tusen. Det er ein svarprosent på om lag 57, som ikkje er nedslåande for rektor.

- Det er brukbart sett ut frå at det er første gongen vi gjer dette. Undersøkinga har gitt oss resultat vi kan bruke. Og vi kjem til å gjenta tiltaket.

- Det er óg fint at det er rimeleg homogene grupper med omsyn til type tilsetting, kjønn og alder.

Fire prosent er óg ei folkemengd
Men sjølv om det er mye positivt, inkludert det som kjem fram om trakassering og mobbing, ser Digernes:

- Det betyr ikkje at det ikkje er noe å ta fatt i.

Han viser til tal på omkring 4-5 prosent bekreftande svar på spørsmål om sjukefråvær som vedkommande meiner har samanheng med fysiske eller psykososiale forhold på arbeidsplassen. Dette er så pass høgt at vi må ha merksemd på det, og finne ut om det er tiltak som bør settast i verk, ifølgje rektor.

For lite
Mindre oppløftande er det óg at 38,2 prosent svarar at dei ikkje har hatt medarbeidarsamtale dei 2 siste åra. Torbjørn Digernes etablerer ein samanheng mellom eit anna resultat: Det er middelmådig resultat på spørsmålet ”På min arbeidsplass arbeides det systematisk og aktivt for å øke kompetansen hos de ansatte”.

- Medarbeidarsamtalar er jo viktig for å kunne følge opp ønske om kompetanseheving.

Endre på beste måte
Det er vidare dårleg resultat på korleis endring og utvikling blir opplevd. Digernes kommenterer:

- Endringsprosessar er vel av dei mest vanskelege i alle organisasjonar. Men det faktum skal ikkje bli noen sovepute i forhold til kravet om å drive slike prosessar på beste måte.

Sterk presisering av anonymitet
- På nyåret vil vi ha analysert data på fakultets- og instituttnivå. Da kan vi se om det overordna bildet er likt der, eller om det er spesielle område som treng oppfølging på enkeltfakultet.

Rektor presiserer sterkt at institutta er lågaste nivå for nedbryting.

- Og resultata for undergrupper av medarbeidarar som er så små at det kan lesast kven som har svart, vil ikkje bli presenterte.

NO ER DET GJENNOMFØRT: Mange gledelege resultat i arbeidsmiljøundersøkinga, no begynner uansett arbeidet med forbetringar. Prosjektleiar har vore Kirsti Godal Undebakke, rådgjevar ved Avdeling for helse, miljø og sikkerheit.
Milepel
Prosjektleiar Kirsti Godal Undebakke, rådgjevar ved Avdeling for helse, miljø og sikkerheit, presiserer at undersøkinga ikkje er ein diagnose på NTNU, men eit verktøy for å utvikle arbeidsmiljøet her.

Det er berre interne krefter som er brukt på gjennomføringa, og undersøkinga er for internt bruk i NTNU.

Prosjektmedarbeidar Ingrid Eide, rådgjevar ved Personalavdelinga, legg til at dette er den første heilskaplege arbeidsmiljøundersøkinga noe norsk universitet har gjort.

Det er ei kvantitativ spørreundersøking om subjektive opplevingar. Fagleg vegleidar har vore Kjell Nytrø ved Psykologisk institutt.

Kirsti Godal Undebakke seier at undersøkinga set universitetet i stand til å gjere det muleg å samanlikne vertikalt innafor organisasjonen, og utgjer eit samanlikningsgrunnlag for framtidige undersøkingar.

Slik er det gjort
Mange av resultata er blitt til slik: Respondenten blir forelagd fleire (positivt formulerte) utsegner om eit bestemt emneområde – for kvar utsegn skal respondenten velje mellom noen få kommentaralternativ (gjerne variantar av samd/usamd).

Inneber kommentaren ei positiv oppleving (semje i positiv utsegn), får den tildelt talet 4 eller 5, i motsett tilfelle 1 eller 2.

Ut frå dette er det laga ei oversikt over i kva grad gjennomsnittsrespondenten, om ein kan forestille seg vedkommande, opplever situasjonar positivt innafor kvart emneområde. Det er altså ikkje lagt fram materiale på spreiinga, på korleis gjennomsnittet blir konstituert.

Lukka i arbeidet
På emneområdet ”Trivsel og arbeidsoppgaver” er det 10 utsegner som ber om ein av fem alternative kommentarar. Her er eit par eksempel på utsegn:

”Jeg opplever at jeg får brukt mine ressurser i mitt arbeid” og ”Jeg synes NTNU er en attraktiv arbeidsplass og vil gjerne fortsette å arbeide her.”

Talet for kvar av dei 10 utsegnene ligg her enten noe over eller noe under 4, som står for kommentaralternativet samd. Inga utsegn får altså tal i områda for usemje. Og det er god klaring ned til 3, som står for verken/eller.

Stadig i det positive
Både på emneområda ”utviklingsmuligheter” og ”sosialt samspill på arbeidsplassen” ligg tala over 3. I eitt tilfelle blir det rett nok berre litt over 2, for usemje, men der er den førelagde utsegna formulert negativt: ”Jeg opplever at mitt arbeidssted preges av usunn konkurranse mellom kolleger.”

På emneområdet ”Sosialt samspill på arbeidsplassen” kjem alle utsegner over 4. Talet står her for Av og til, mens toppen, 5, er Aldri. Og det følgjande kjem like oppunder toppen: ”Jeg har blitt utsatt for latterliggjøring, spredning av sladder eller rykter, urimelige beskyldninger eller kritikk”.

”Konflikter på arbeidsplassen” har det same positive resultatet: oppunder ”Ikke i det hele tatt” av alternativa (i dette tilfellet svar på spørsmål, ikkje kommentarar til utsegner).

Ellers beskriv over 85 prosent tilsaman helsa si som god eller svært god.

Men endringsgleda?
Det er berre under ”Organisasjon og ledelse” at det er noe nedslåande resultat, momentet om arbeid for kompetanseheving, som rektor merkar seg, til liks med utsegna om utvikling og endring. Den er den einaste som kjem (litt) under midtverdien. Ordlyden er: ”Jeg er tilfreds med måten utvikling og endringer gjennomføres på ved NTNU”.

Overraskande likskap?
I tillegg til å få inn svara har ein gjennomført ei rekke statistiske testar på forskjellar i korleis arbeidsmiljøet blir opplevd:

I testane har ein sett på om det er slike forskjellar mellom teknisk/administrativt tilsette, tilsette i rekrutteringsstillingar og vitskapleg tilsette. Ein har óg sett på om det er forskjellar mellom leiarar og andre grupper av tilsette, eldre og yngre, kvinner og menn. Resultatet av testane på alle områda: ingen nemneverdige forskjellar.

Men det er altså under to tredelar som har svart, og det er førebels ikkje kjent korleis gjennomsnittstala spreier seg på fakultet, institutt eller avdelingar. Nedbrytingsarbeidet er i gang, fortel Kirsti Godal Undebakke og Ingrid Eide.

Resultata for institutta kjem til å bli gjort kjent berre for tilsette ved institutta. På måndag skal dekanane avgjere korleis resultata for fakulteta skal bli gjort kjent.

Tekst og foto Kjell Håve