MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Nordisk samarbeidstilbod klart i januar (13.12.07, 14:46)

Nordic Five Tech tek form. Tidleg på nyåret skal NTNU-studentane nyta godt av det nordiske universitetssamarbeidet.

- Målet er å danna ein plattform for samarbeid som også kan bidra til at me kan få kontakt med liknande samarbeidsgrupperingar internasjonalt, seier Åge Søsveen, seniorrådgjevar ved Studieavdelinga og NTNUs koordinator for det nordiske samarbeidet.

Alliansen som i tillegg til NTNU består av Chalmers Tekniska Högskola (CTH), Kungliga Tekniska Högskolan (KTH), Helsinki University of Technology (TKK) og Danmarks Tekniske Universitet (DTU) har sidan november 2006 samarbeida om få Nordic Five Tech på fote.

KONKRETE RESULTAT VIKTIG: - Me må få fram konkrete resultat i eit slikt samarbeid, for å opretthalda truverdigheita, fortel seniorrådgjevar Åge Søsveen ved NTNU.
Oversikt i januar
Sidan den tid har ein skunda seg sakte, men Søsveen kan no fortella om tre konkrete prosjekt som Nordic Five Tech skal lansera i tida som kjem.

- Akkurat no heldt me på å kartlegga alle dei ulike studietilboda som eksisterer ved dei ulike universiteta, for slik å kunne gje ei fullstendig oversikt til studentane som ønsker å benytta seg av desse. Samtidig som me har mange likheitar i studiekultur og programtilbod, har me fleire ulike spesialiseringar kor me utfyllar kvarandre, seier Søsveen.

Denne oversikten skal vera på plass før søknadsfristen 1. mars 2008, noko som innebér at studentar allereie i januar skal kunne få ei oversikt over dei mange studietilboda på Nordic Five Tech sine heimesider.

Oppretter masterprogram
I tillegg har samarbeidspartnarane blitt einige om å oppretta masterprogrammet Innovative Sustainable Energy Engineering. I juli tildelte Nordisk ministerråd inntil 1 million danske kroner til Nordic Five Tech for å videreutvikla dette programmet.

Her vil ein byggje på at dei fem universiteta (pluss Islands Universitet) har spesialiseringar på ulike områder kor dei utfyllar kvarandre.

- Norden har eit rikt mangfold av energiformer. Danskane spesialierer seg på vindkraft, svenskane har mykje kunnskap om atomkraft, Island har ulike former for varmekjelder, mens Norge er gode på olje og gass, forklarer seniorrådgjevaren.

Men ifølge Søsveen er det ei lita stund att før studieprogrammet kan realiserast.

- Målet var å oppretta dette programmet hausten 2008, men me ser no at det blir knapt med tid for å klara dette. Det mest realistiske er å få dette på plass til hausten 2009, seier han.

Det siste prosjektet som er i ferd med å ta form er opprettinga av eit alumni-samarbeid, som innebér at ein skal stå sterkare når det gjeld å rekruttera internasjonale studentar og forskarar.

- Kvalitetssikring viktig
Seniorrådgjevaren vedgår at det tar tid å få alle formalitetar på plass i eit prosjekt av dette omfanget.

- Ja, dette er eit stort prosjekt som krev mykje innsats og ressursar. Når me går saman slik har me også eit felles ansvar for å kvalitetssikra fagtilboda. Studentane skal vita at faga dei tar ved eit universitet også er godkjent ved eit anna. I tillegg må me ha ein felles forståelse for kven som skal undervisa kva, kor store emna skal vera, kva eksamensreglement som skal gjelda og så vidare, fortel Søsveen, og utdjuper:

- Målet er jo óg at studentane kan komma i kontakt med regionale næringslivspartnerar tilknytta univeristetet dei søker seg til. Eksempelvis kan kanskje NTNU-studentar som søker seg til Chalmers få praksisperiodar hos Volvo, medan dei som kjem hit kan få eit opphold hos StatoilHydro. Slik kan me få til god kompetanseoverføring og erfaringsutveksling.

- Stort potensial
Det er òg aktuelt å samarbeide om fleire andre oppgåver. NTNUs representantar la fram skisse til framtidige planar for Nordic Five Tech på eit møte med rektor 7.desember.

- Når me får samla og utnytta kompetansen har eg stor tru på at dette samarbeidet blir viktig. Det ligg eit stort potensial i Nordic Five Tech, seier Åge Søsveeen.

Tekst og foto: Pål Vikesland

Meir informasjon om Nordic Five Tech