Frå Dragvoll til bystyret, og tilbake
(17.12.07, 14:32) Sjølv om ein kanskje må bruke bilen til spiserom på veg frå Dragvoll til Munkegata, er det nyttig for studentar å vere kommunalpolitikarar. - Ein skal ikkje trenge universitetsutdanning for å kunne sitte i bystyret, seier Høgre-representanten Siri Holm Lønseth som sjølv studerer historie og går opp til eksamen måndag 17. desember: i emnet kommunismen i Sentral- og Austeuropa.
|
STUDENTAR OG POLITIKARAR: Høgrekvinne møter sosialist, det ser ikkje ut til å vere noen usemje om korleis det er å vere ny i kommunalpolitikken. F.v.: Kenneth Torsmyr Brodal, Sosialistisk Venstreparti, og Siri Holm Lønseth fra Høgre. Dei to NTNU-studentane finn stor overføringsverdi mellom bystyresalen og universitetstilværelsen. |
På Trondheim bystyres siste møte før jul er det sannsynlegvis ikkje så mye førebuingsgevinst for henne å møte Kenneth Torsmyr Brodal, som likevel er noe av det mest sosialistiske som finst i dette forumet, frå Sosialistisk Venstrepartis gruppe. Han er på mastergrad i statsvitskap, på halv studieprogresjon.
Så vidt Universitetsavisa finn ut denne kvelden er dei samde om alt. Sosialisten sekunderer:
- Det er ikkje nødvendig å studere for å kunne drive politikk. Kven som helst kan sitte i bystyret.
Hastig ned frå høgdene
Så spørs det kor akademisk aktive dei er sjølv, for politikken er krevande.
- Nei, eg begynte ikkje å studere før i oktober, eg, avslører Kenneth. Han har hatt mye å gjere i valkampen, i halvstilling som fylkessekretær i SV.
For denne representanten er det gjerne på måndag det skjer: forelesingar, gruppestyremøte, arbeidsutvalsmøte i kontrollkomiteen der han er nestleiar.
- Det har vore noen heftige turar frå Dragvoll, med eting i bilen.
|
LEGGE OPP TAKTIKK?: Prat mellom Kenneth og ein av dei for så vidt få andre medlemmane i SV-gruppa. |
Lese må ein, åkkesom
- Desember er tid for val av dårleg samvittigheit, seier Siri: for lite innsats i politikken, eller for lite lesing til eksamen.
Ho er medlem av Kultur, idrett- og friluftlivskomiteen, vara til kontrollkomiteen i fylkestinget, og nestleiar i Sør-Trøndelag Unge Høgre. Ho set fingeren på eit sentralt politikarmoment:
- De bli my’ å læs’, ja.
- Dokumenthaugane! Ein må lære seg å prioritere det ein les, seier Siri, og ellers ta saksdokumenta med det same dei kjem.
2008 blir strukturåret...
Sosialisten seier det slik: - Det har vore lite struktur til no, det må bli til neste år.
Høgrekvinna istemmer: - Ja, det må komme ein struktur.
Det ser ikkje ut til at det blir så mye att til ytterlegare universitets- og studentliv. Noen laurdagsmøte i Samfundet, kanskje, men Kenneth nemner at Samfunds-aktivitet i stor grad er eit flott tilbod for innflyttarar.
Siri har prøvd NTUI og studentforbundet for speidarar, men det gjekk ikkje.
Overføringane
Så korfor held dei på? Det er noen standardsvar på slikt: Ein er samfunnsborgar, og politikken er ein god måte å uttrykke det på. Og politikk er ein interesse det er verdifullt å bruke tid på. Men dei får óg mye igjen, slik Siri Holm Lønseth gir eksempel på:
- Det var ein fordel i vidaregåande. Ein hadde større samfunnsforståing og tale-/debatteknikk.
Utstrekt dokumentlesing hjelper. Og ein kan få innsikt i saksområde til hjelp i universitetstudium. Siri viser til ei kvalitetsmelding for trondheimskolen 2006-07. Ho, som òg tar pedagogikkfag, er ekstra interessert i dette punktet på sakskartet denne kvelden.
SV-ar går i overskott
Kenneth Torsmyr Brodal har allereide drive med politikk i ti år og dermed fått mye gratis:
- Det har gitt meg så mye i studieferdigheiter at eg kan hente inn det eg tapar i studieprogresjon.
Det er no Dragvoll-folk, dette da. Mindre overføring mellom politikk og teknologi, kanskje?
Siri sit i styret for Innovasjonssenter Gløshaugen, der har dei iallfall god kontakt med politikarane, seier ho.
For keisamt?
Vi kjem inn på noen meir trivielle sider ved kommunalpolitikken og bystyret særskilt. Keisemd er ikkje aldersavhengig. Men den dominerer ikkje heller, verkar det som dei to meiner. Eit par spennande saker blir det gjerne på eit møte.
Siri er interessert i skolesaka, Kenneth i punktet om tiltaksplan mot prostitusjon og menneskehandel – eit emne han har debattert i avisene tidlegare.
Ikkje sømndyssande
Universitetsavisa følgjer første del av bystyremøtet fram til pause, frå fem til halv sju på kvelden. Kenneths partifelle, varaordførar og NTNU-ar Knut Fagerbakke, leier møtet.
Det blir litt snakk om et av dei heitaste kommunalpolitiske temaene, som vi her kanskje kan kalle hekkefond. Møteleiaren – som tidlegare har vore konsulent ved økonomiavdelinga oppe på Gløshaugen – gjer det klart at viss kommuneadministrasjonen skal gi ut sakspapir om slikt, så må dei ikkje bruke ord og uttrykk han ikkje forstår. Var det ”giring” han sikta til?
Dei folkevalde diskuterer folkehelsearbeidet i Trondheim, eit breitt tema som gir høve til å komme inn på ulike, for så vidt populære, emne som alkoholpolitikk og innvandringspolitikk.
Fagerbakke ga og opplysninga Norge-Sør-Korea 35-24 fra handball-VM, følgd av ei streng formaning om at bystyret ikkje hadde lov til å applaudere.
Det er gjevande og sikkert ofte artig å sitte i bystyret, men våre intervjuobjekt framheld i tillegg at det er komiteane som er den politiske verkstaden.
Litt oppgitt?
Vi tar med oss Siris lakoniske replikk med bakgrunn i dei tre bystyremøta dei har vore på til no:
- Eg har lært at det er mange i bystyret, og at det er mange som skal seie noe.
Tekst og foto Kjell Håve 15 frå NTNU i bystyret
|