NTNU og Rosenborg forlenger samarbeidsavtale
(18.12.07, 10:02) Kombinasjonen studier og toppidrett skal sikra god studentrekruttering og store Champions League-opplevingar også dei tre neste åra. - For oss er dette ein gunstig avtale, som også kan gje oss konkurransefortrinn i forhold til andre klubbar. Det at me kan tilby studiar til ein spelar, eventuelt hans betre halvdel, er eit moment som kan sikra oss gode spelarar til klubben, seier Rosenborgs Rune Bratseth til at
Rosenborg Ballklub og NTNU har forlenga samarbeidsavtalen dei to institusjonane imellom.
|
AVTALEN I BOKS: NTNUs Stewart Clark, studiedirektør Anne Rossvoll og Rosenborgs Rune Bratseth foran brakka på Lerkendal 17.desember. |
Formålet med avtalen er mellom anna å rekruttera dyktige spelarar og studentar gjennom samarbeid. Avtalen er ei forlenging av ein allereie eksisterande avtale frå april 2004, og gjeld fram til 17. desember 2010.
I avtalen heiter det mellom anna at ”spelarar med eit godt fotfeste i Trondheim er ofte A-lagsspelarar over ei rekke sesongar. For NTNU er eit vellukka vinnarlag som RBK eit bidrag til å gjera Trondheim attraktiv for nye studentar”.
Mange likheiter
Studiedirektør ved NTNU Anne Rossvoll meiner avtalen er god for begge partar:
- Me er begge viktige institusjonar nasjonalt, i tillegg til at me ønsker å markera oss internasjonalt, seier ho, og utdjuper:
- For oss er det difor viktig å legga til rette for gode studiemulegheiter også for dei som skal vera toppidrettsutøvarar.
Grunnlaget for samarbeid ligg mellom anna i dei mange likheitstrekka mellom Rosenborg og NTNU. Begge er leiande norske institusjonar som får mykje nasjonal og internasjonal merksemd, og begge er viktige institusjonar i Trondheim. Blant tidlegare spelarar finn me navn som Karl Petter Løken, Fredrik Winsnes og Vegard Heggem, som alle har studert ved NTNU.
|
BRA KOMBINASJON: - Det kjem eit liv etter fotballen óg, og det er bra at nokon ser på muligheiten til å kombinera fotball og utdanning, meiner Rune Bratseth. |
Idrettsvitskap og medisinsk forskning viktig
Partane skal fremma fagleg samarbeid innan spesielt idrettsvitskap og medisinsk forskning, men det vert også opna for andre samarbeidsmulegheiter innan andre avdelingar der RBKs aktivitetar etterspør kompetanse frå NTNU.
I tillegg skal begge partar orientera kvarandre dersom det er muligheiter for nasjonalt og internasjonalt samarbeid der ein eller begge partar kan dra nytte av det.
NTNU skal også bidra med å gi potensielle RBK-spelarar, og eventuelle ektefeller/sambuarar, reell orientering om muligheitene for studiar ved universitetet.
- Det er her viktig å understreke at alle som vert tekne opp til studiar ved NTNU må oppfylle opptakskriteria og konkurrere seg inn på ordinær måte, seier seksjonssjef Anne Sølberg Ellingsen ved NTNU si studieavdeling. Ho minnest at ein tidlegare, ikkje ukjend RBK-trenar for nokre år sida meinte at universitetet burde kunne ta opp spelarar til studiar utanom både søknadsfrister, faglege krav og karakterkrav.
|
STUDENT OG TOPPIDRETTSUTØVAR: Nybakt sølvvinnar i handball, Gøril Snorroeggen, spilte ti VM-kampar på to veker nylig. Til "kvardags" les ho medisin ved NTNU. Arkivfoto: Universitetsavisa/Daniel Rees |
- Travle spelarar kan gjera meir
I det som Nils Arne Egggen i si tid kalla Arena-modellen lanserte han tankerekka at dersom ein skal lukkast som toppidrettsutøvar er det også vesentlig at ein gjer det bra også på andre arenaer.
I dag er utlånte Espen Johnsen registrert som NTNU-student, og også noverande førstekeeper Lars Hirschfeld som studerer italiensk.
- Det er ein god tankegang. Det er svært viktig at spelarar har noko å falla tilbake på nå karrieren er over, meiner Rune Bratseth.
- Men i dag er det ikkje mange Rosenborg-spelarar som er registrerte som studentar? Kvifor har dette endra seg frå tidlegare, trur du?
- Nei, det er riktig at me ikkje har så mange i dag. Programmet er svært tett, og det er nok vanskelegare å finna tid i dag enn for ti år sidan. Når det er sagt så er det muleg for fleire av spelarane å gjera meir, trur Bratseth.
- Og kan ein altså då bli ein betre fotballspelarar ved å studera?
- Ja, eg trur faktisk det. Når ein har fleire bein å stå på, og brukar energi på fleire ting, så utviklar ein seg som menneske, og dermed også som fotballspelar, trur den tidlegare sportsdirektøren.
FAKTA | TOPPIDRETT OG STUDIER:
Arenaavtalen mellom NTNU og RBK gjeld kun fotballspelarar på RBK.
I tillegg har NTNU ein samarbeidsavtale med Olympiatoppen og NIF som gjeld alle typer idrett. Her kan mellom anna fagmiljøa tilretteleggje for ein toppidrettstudent.
I denne avtalen må studenten oppfylle OLT sine kriterier for ein toppidrettsutøvar, og det er OLT som kvalitetssikrar dokumentasjonen.
Avtalen inneheld også fleire punkt om faglig samarbeid. Til dømes fekk eit par av dei kvinnelege handballspelarane avleggje eksamen i Frankrike nå under handball-VM.
NTNU skal i samarbeid med HiST og OLT på nyåret arrangere eit seminar om toppidrett og utdanning.
Målgruppa er potensielle toppidrettsutøvarar, trenere og særidrettsforbund. | Frå San Siro til lab-øving
Ein av dei som i si tid gjorde mykje var Vegard Heggem. Rådgjevar Stewart Clark ved studieavdelinga ved NTNU fortel om den gongen den dåverande Rosenborg-spelaren var student.
- Eg huskar godt då Vegard måtte få utsett ein obligatorisk kjemilab-øving fordi han skulle spela Champions League-kamp for Rosenborg. I den kampen scora han vinnarmålet mot AC Milan på San Siro, og Rosenborg gjekk videre i turneringa, minnes han.
Ulike rutinar i andre klubbar
Det er for øvrig ulike rutinar i norske toppklubbar når det gjeldt å legga til rette for studier ved sidan av fotballen. Universitetsavisa har vore i kontakt med ei rekke tippeligaklubbar for å høyra kva opplegg dei har med tanke på forholdet mellom utdanning og fotball.
Viking, Tromsø og Lyn er blant dei klubbane som har avtalar med høgare utdanningsinstitusjonar, mens eksempelvis Fredrikstad og Strømsgodset ikkje har noko slikt opplegg. Me stilte to spørsmål til tippeligaklubbane.
1. Har din klubb ein modell som legg til rette for at spelarane kan ta utdanning ved sidan av fotballen? Kvifor/kvifor ikkje?
2. Kor mange spelarar i dagens A-stall tek ein eller anna form for høgare utdanning?
Dette var svara me fekk:
Frank Grønlund, Lillestrøm SK:
1) - Ja, me prøver å legga til rette for utdanning, det vil seia at dei som går på videregåande må trena alternativt med ei alternativ gruppe for å få godkjent faga sine.
2) - Sju spelarar heldt på med utdanning. Seks av desse går på BI. Det vert ikkje lagt meir til rette enn at dei får fri til enkelte forelesningar pluss eksamen. Ein av spelarane våre gjer seg ferdig med tømrarlinja. Han må ha fri kvar tirsdag, men tek dette igjen med kveldstrening. Utlendingar lærer norsk av vår HR-ansatte som har undervisning mellom øktene.
Snorre Strand, Molde FK:
1) - Molde har ei sterk anbefaling til spelarane om å ta eigna studiar mens dei
spelar fotball. I tillegg har klubben ei form for fleksibilitet for dei spelarane som fysisk må være til stades på forelesningar/timar i form av at dei tar igjen trening til annet tidspunkt. Kvifor? For å bidra til at spelarane skal ha noko meningsfylt og framtidsretta å halda på med i
tillegg til jobben sin.
2) - Talet varierer i høgaste grad frå år til år. Inneværande skulesemester har minimum fire spelarar tatt fag/studiepoeng på Høgskolen i Molde. Vårt inntrykk er at dette er ”relativt mange” i forhold til andre periodar. Me har også hatt spelarar i systemet vårt som eksempelvis har fullført bachelorutdanning over 4-6 år mens dei har spilt fotball. Det går an – om ein vil nok.
Helge Helgesen, Strømsgodset IF:
- Eit kort svar på desse spørsmåla er at alt er lagt til rette for Espen Johnsen som studerer i Trondheim. Og det er jo ingen hindring om ein fotballspelar ønsker seg utdanning ved siden av det å spela fotball. Det er jo positivt at ein har noko å falla tilbake på. Men i dag er det Espen som er i gang med det man kan karakterisere som høyere utdanning. Ei rekke av spelarane tar, i tillegg til at dei trenar/spelar fotball, også utdanning innan trenarfaget.
Eirik Andresen, Viking FK:
1) - Gjennom Vikings samarbeidspartner BI blir spelarane oppfordra til å ta høgare utdanning om dei ønsker.
2) - Eg har dessverre ikkje tal på kor mange som tar høgare utdanning. Ingen spelarar tar utdanning på heiltid. Unge spelarar som fortsatt studerer på videregåande nivå er pålagt å benytta ein viss del av tida på reiser til utdanning.
Per Morten Haugen, Fredrikstad FK:
1)- Me har ein toppspelarutviklar som i samarbeid med skulane legg til rette for at våre unge spelarar skal gjennomføra videregåande utdanning. Høgare utdanning er i utgangspunktet opp til spelaren sjølv. Her vert det ikkje lagt opp til noko frå klubben sin side, men me kan gje spelarane fri ved spesielle anledningar.
2) - 2-3 på deltid.
Joachim Andersen, FC Lyn
1) - Ja, Lyn har eit samarbeid med NTG (Norges Toppidrettsgymnas), der alle Lyns juniorar går. Spelarar som ønsker utdanning utover videregåande skule får tilbod om dette ved Bjørknes, dette er ein utdanningsinstitusjon i Oslo som me óg samarbeider med. Me har fem spelarar som tar høgare utdanning.
Tom Bendiksen, Tromsø IL
1) - Me legg til rette for at spelarane kan utdanna seg ved sidan av fotballen. Klubben har i dag ein avtale med eit privatgymnas og har ellers gode relasjonar/avtalar med både universitet og høgskule. Dette fungerer veldig bra for begge parter.
2) - Eg har ikkje oversikten over nøyaktig kor mange det er, men eg anslår at mellom 10 og 15 spelarar til ei kvar tid driv og utdannar seg ved sidan av fotballen.
Tekst og foto: Pål Vikesland Meir om toppidrett og NTNU-studier
|