LESERBREV Guttorm Sindre: THES-rankingen, SCOPUS og Det skapende universitet
(20.12.07, 10:04)
I samanheng med Kristian Seip sitt innlegg "...hvor dårlige er vi egentlig?" er eitt spørsmål om NTNU får korrekt utteljing for vitskapelege publikasjonar.
THES-rankingen gjekk i år over til å bruke SCOPUS-databasen for teljing av siteringar, mot tidlegare ISI. Litt nyfiken gjekk eg derfor inn på www.scopus.com for å sjå kva dette var og søkte opp meg sjølv med Author Search. "Most recent affiliation" (universitetet der eg er tilsett) kom da ganske overraskande opp som "Det skapende universitet", jamfør dette skjermbiletet.
Det same viste seg å skje for mange kollegaer - ofte kjem ein opp med fleire ulike institusjonstilknytningar, som t.d. University of Trondheim, Norw. Univ. of Sci and Tech, og altså Det skapende universitet.
No kan det godt hende at NTNU sine publikasjonar er blitt korrekt talde trass i dette namnerotet - det må ein eventuelt undersøkje med SCOPUS. Men det er uansett ugunstig med tanke på internasjonale rankingar at det er forvirring om kva universitetet vårt heiter. Som Seip viser, tel "peer review" og "recruiter review" til saman 50% på THES-rankingen, og det skal mykje til at internasjonale respondentar gir NTNU godt skussmål i slike undersøkingar dersom dei ikkje eingong er sikre på kva institusjonen heiter (dersom tilsette hos SCOPUS kan vere forvirra, kan også "peers" og "recruiters" vere det).
Skifte av namn frå NTH / University of Trondheim til NTNU kan derfor vere ein medverkande årsak til dårlege rankingresultat, og særleg når det nye namnet vart langt og oppstylta, med eit akronym som ikkje stemmer med den engelske oversetjinga. Eit kraftfullt profilert motto som inneheld ordet "universitet", og som somme i utlandet dermed mistolkar som sjølve namnet på institusjonen,
hjelper heller ikkje.
Professor Guttorm Sindre
Institutt for datateknikk og informasjonsvitskap |