Bastian fyller to hundre år
(21.12.07, 14:20) Wergeland og Welhaven, seier ein gjerne. Er det meir å seie etter alle desse åra og skolebøkene? Ein litteraturvitar på Dragvoll har noe for Kunnskapsløftet. I morgen er det to hundre år sia Johan Sebastian Cammermeyer Welhaven vart født i Bergen. Han har fått eit av norsk litteraturhistories mest merkverdige ettermæle: Samtidig som mange ser på hans som eit av dei største namn, er det vanskeleg å nemne det utan å føye til ein sideordnande konjunksjon og så eit anna berømt etternamn på W.
Det er Welhaven som har vorte sideordna. Det er utkoma av den bitre striden mellom dei to – Welhaven og Wergeland.
|
WELHAVEN VAR SAMANSETT: Musikalsk diktar, strålande forelesar, frykta kritikar – kanskje for skarp for sitt eige beste. Forsidebilete frå Anne Lise Seips biografi av året. |
Bastian og søskena
Dei gjekk skilde vegar, som alle skoleelevar har fått vite.
Til trass for at Welhaven knapt førti år gamal fekk ei anerkjent stilling, som professor i filosofi ved universitetet i Oslo, er han for ettertida sannsynlegvis mest kjent som lyrikar, i tillegg til forholdet til desse to søskena som hadde mye av oppveksten på Eidsvold prestegard – Camilla Collett og Henrik Wergeland.
Både Johan og Henrik var prestesonar, og eldst i sin søskenflokk.
Sissel Furuseth, førsteamanuensis ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, finn fram til ei welhavensk sjølvinnsikt mot slutten av livet:
- Han skreiv at han i si tid hadde komme inn i litteraturen gjennom feide og kritikk, og at det hadde påverka synet på han som diktar.
Han hadde vore sterkt polemisk, det kan ha slått negativt ut. Når forfatterdebuten attpå til hadde vore eit angrep på ein kollega, diktet ”Til Henrik Wergeland” frå 1830, og dei to striddes stygt om litterære og politiske emne i fleire år – så stengde det kanskje for lesinga av Welhavens vakre dikt.
|
GRUNNLA TRADISJONEN: Welhaven hadde vel ikkje drømt om litteraturinstitutt verken i heimbyen eller i Trondheim, men her er det iallfall eitt i nærheita av bildekanten bak førsteamanuensis Sissel Furuseth fra Institutt for nordistikk og litteraturvitskap. |
Han vakkje fra…
Welhaven var ein frykta bergensar med eit inntrengande blikk.
Bastian frå Bergen – kjælenamnet han hadde i oppveksten, tok han gjerne ikkje med seg – var kritikar privat og offentleg. Han kom til å nyte stor respekt som smaksdommar.
Frykt og respekt heng i hop, men ofte ikkje med popularitet. Sissel Furuseth fortel at han sabla ned leiligheitsdiktarar frå embetsstanden. At han gjorde ein stor innsats for å gjere litteraturkritikken til eigen institusjon. Bjørnson sa at han var ein stor kritikar som forsøkte å vere diktar.
Han etablerte òg litteraturhistorie som fag, og gjenoppdaga Petter Dass.
Enkelt, men vanskeleg
Alle er vel ikkje samde i BBs strenge dom over lyrikaren.
Welhaven skreiv vakre dikt. Eit bestemt adjektiv dukkar gjerne opp, og Sissel Furuseth ønsker tydelegvis ikkje å unngå det:
- Welhaven skreiv formfullendt. Hans dikt er enklare å forstå enn Wergelands. Men temaene kunne vere vanskelege. Welhaven dikta om vaksne erfaringar, for eksempel tap av menneske som har dødd. Han var betydeleg som erindringsdiktar.
- Lyrikken hans har metafysiske aspekt: om diktinga, om diktarsjela. Diktinga hans har ein åndeleg dimensjon.
- Her viser han for så vidt slektskap med Wergeland, men dei to nådde målet med ulike midlar, seier Furuseth.
|
IKKJE BESTEVENER: Henrik Wergeland var i stadig polemikk med Welhaven. |
Den nasjonale mot den nasjonale
Begge dei to dobbeltveane var sterkt nasjonalt orienterte. Ein kan vel kalle Welhaven bevarande og byggande. Han støtta seg på embetsmannstaten, som på 1830-talet var framstegsvennleg, om kanskje noen gonger for trong og konservativ for Wergeland.
Welhaven fann for mye rot og tilfeldigheit i kunst og samfunnsbygging.
Sissel Furuseth seier at i hans nasjonale prosjekt var kultur særs viktig: den måtte profesjonaliserast.
Skummel bakgrunn
Da trekte det i same lei at det etter 1830 og julirevolusjonen i Frankrike var konkret frykt for direkte kaos. Det var sterke radikale krefter i Norge. Ei bonderørsle var på veg.
Welhaven oppfatta det som viktig å halde den populære Wergeland i sjakk. Han gjekk til angrep, både hans uoffisielle og offisielle debut var angrep, dikt i 1830 og pamflett i 1832.
Ironisk utfall
Sissel Furuseth legg vekt på noe som kan verke som fall for eige greip:
- Han var veldig grundig, med mange grundige eksempel, som han trudde talde for seg, at dei skulle avsløre Wergeland. Men han sleppte rett og slett Wergeland til orde. Welhaven såg ikkje at Wergeland sette nye normer.
Etter dette vart det snakka og skrive om dei to studentkrigarane i innpå to hundre år. Og om søstra til han eine.
Welhaven kunne ikkje ha føresett at han kom til å tape mot båe gjennom det nasjonalliberale prosjektet – det var til dels hans krets som kom til å bli symbolet på det reaksjonære regimet som vart felt i 1884.
Da levde Camilla Collett enno og hadde vorte symbol på noe moderne: likestilling mellom kjønna. Bjørnstjerne Bjørnson var forgrunnsfigur i den nasjonalliberale rørsla, han skapte eit friheitsymbol av Henrik Wergeland som var gått bort allereide i 1845.
|
SISSEL FURUSETH: Litteraturvitaren på Dragvoll har prestert å finne meir i den forterpa W-W-konflikten, noe for dagens Kunnskapsløftet-elevar - nemleg korleis dei kan kike smaksdommarar i korta. |
Samanbitt orm?
Teologen frå Eidsvold var ellers den einaste av dei to som fullførte utdanninga, den institusjonsbyggande bergensaren fekk professorstilling utan fullført utdanning.
I 1844 skreiv Wergeland om Welhaven:
”Welhaven (Johan Sebastian Cammermeier). F. 1807 i Bergen. Lektor i Filosofi ved Universitetet i Christiania. Har udgivet ”Norges Dæmring”, en Række af satiriske Sonetter, der ere Mønstre fra Formens Side; men som, uagtet den ene hænger fast i den anden som sammenbidte Orme, dog ikke danner noget dikterisk Heelt. Opfindsomhed eller skabende Geni synes ogsaa at mangle denne elegante Digter.”
Det var da vel formfullendt nok!
Fin lærar
Mange av dikta til den folkelege rabulisten Wergeland er vanskelege å forstå. Welhaven sto for det muntlege og musikalske, hans dikt vart tonesette. Han var veltalande, ein strålande forelesar.
Mange år tidlegare ein einsidig litterært begava, noe problematisk, elev ved Bergen Katedralskole: Han bygde på ei klassisk litterær danning. Diktinga skulle vere regelbunde. Staten skulle vere lovbunde.
Wergelands dikting, skreiv han, var prega av ”Lovløshed”.
Kven kan felle dom?
I ein artikkel i tidsskriftet Norsklæreren, nr. 4 frå i år, legg Sissel Furuseth vekt på denne juridiske sida ved Welhavens argumentasjon. Ho skriv:
”I solid juridisk tradisjon legger han fram en rekke utdrag fra Wergelands diktning som ”bevis” for brudd på estetiske og moralske lover. Welhaven har bygd opp sin sin kritikk som en rettstale…”
Samtidig viser han til at motstandaren frir til uopplyste massar. Welhavens angrep blir eit forsvar for embetsmannstandens kontroll over kulturen. Det blir samspel estetikk-jus/politikk. Wergeland kunne oppfattast som lovlaus, estetisk og politisk.
W og W i dag
Sissel Furuseths artikkel – der Wergelands perfide setningar òg er sitert frå – har utgangspunkt i Kunnskapsløftet, som legg vekt på elevanes eigen vurderingskompetanse i for eksempel litteratur. Meir i slekt med Wergeland enn med Welhaven.
Hennar eksempel frå 1830- og 40-åras strid mellom W-ane er illustrering av ”hvilke maktmekanismer som trer i kraft når vi framsetter litterære kvalitetsdommer”. Skal elevane kunne felle dommar, kan dei få hjelp i historiske eksempel.
Ellers har litteraturhistoria hatt ein tendens til å forkynne Wergelands siger, dikterisk som historisk. Welhaven er der, men blir sideordna. Kanskje elevane kan kike lærebokforfattarane i korta?
Tekst og foto Kjell Håve Welhaven-biografiar til jubileet Welhaven på Wikipedia
|