NYTT STUDIETILBOD - Ikkje eit popstudium
(8.1.08, 08:12) Sjølv om nokre internasjonale aktørar er skeptiske til nytteverdien av ei dataspel-utdanning, har NTNU god tru på dataspelstudiane dei oppretter kommande haust. På sivilingeniørstudiet for datateknikk vil IME-fakultetet tilby dataspel som ein del av masterutdanninga frå hausten 2008.
|
FØRSTEAMANUENSIS Alf Egil Wang ved Institutt for datateknikk og informasjonsvitskap trur spelutdanning blir ei god tilvekst for NTNU. |
Førsteamanuensis Alf Inge Wang, som har vore med på utforminga av fagtilbodet, meiner behovet for dataspelkunnskap er stort.
- Me håpar dette fagtilbodet kan danna grunnlaget for mykje gründerverksemd i åra som kjem, seier Wang, som er dagleg leiar for forskningsprogrammet for spelutdanning.
Ein vil også tilby dataspelkunnskap som ein del av dei frie studiane innanfor informatikk-fagretninga.
På sikt er målet å få danna innføringsemne i dataspelkunnskap, i tillegg til at ein opprettar bachelorprogram som også omfattar studentar innanfor humaniora.
Misforhold mellom behov og tilgjengelegheit
Samtidig advarar ein viktig internasjonal aktør mot å utdanne for mange innan speutdanningsektoren. I ein artikkel med tittel Game Over For Gaming Studies i Times Higher Education Supplement sist høst sår Matthew Jeffery, leiaren for European Recruitment at Electronic Arts, tvil om verdien av spelutdanning.
Representantar for utdanningssektoren, av dei assisterande dekan Matthew Holton ved Teeside University´s School of programming, har også vedgått at Jefferys påstander medfører ”delvis riktigheit”. Jeffery meiner studentar bør satsa tradisjonelle fagretningar istadenfor dataspelutdanning.
- Det er over 170 spelutdanningstilbud i Storbritannia, noko som fører til eit misforhold mellom behov og tilgjengelegheit, seier han til den engelske vekeavisa.
Han meiner ei spelutdanning heller ikkje lar seg overføra til andre yrke:
- Me ønsker ikkje å utdanna kandidatar som ikkje er i posisjon til å konkurrera om andre jobbar, men det er situasjonen me no står overfor, forklarer Jeffery.
- Ikkje problem ved NTNU
Alf Inge Wang ser poenget som Jeffery påpeiker, men meiner NTNU står godt rusta til å unngå fellene tidligare utdanningsinstitusjonar har gått i når det gjeldt å utforma eit relevant fagtilbod.
- Det er utforma mange spelstudiar som har til hensikt å lokka til seg studentane, utan at det er tenkt gjennom kva som kjem ut i andre enden. Det er mange som har lyst å studera speldesign eller leveldesign. Problemet her blir ofte at ein ikkje får jobb etter endt studium. Det krevst mange års erfaring før ein får lov til å utvikla den kreative delen av spel. Industrien vil naturleg nok ikkje ha lettvinte løysingar, men gode kandidatar. Og dette er signal me har fått frå bransjen sjølv, mellom anna ArtPlant og Funcom.
- Dette innebér for eksempel at kandidatane må vera dyktige i matematikk, fysikk, programmering og så vidare, med andre ord ha gode basiseigenskapar. Det er nettopp dette me tilbyr ved NTNU. Me lagar ikkje eit popstudium der me ser på kva fag studentane ønsker. Me ser på kva som trengs når ein er ferdig, understreker Wang.
- Jeffery påpeiker at spillutdanning ikkje umiddelbart lar seg overføre til andre yrke, og at mange difor vert ståande på bar bakke etter endte studiar. Sett i lys av dette, kvifor er det då beov for ei spelutdanning ved NTNU, og korleis skal ein også gjera utdanninga overførbar også til andre yrke?
- Eg trur ikkje me får dette problemet med det forslaget me har laga for spelutdanning. Grunnen er at vår utdanningsmodell er basert på at studentane får god innsikt innanfor eit fagfelt, eksempelvis programmering, som gjer at dei kan brukast i andre sammenhengar óg, seier Wang, og poengterer:
- Studentane på IDI som kan programmering er svært ettertrakta i industrien. Dei som tar spelutdanning på samme institutt vil stort sett ha den samme utdanninga, men har eit hovudfokus på grafikk og arkitektur. Difor trur eg at studentar som går ut frå spelutdanning på NTNU vil vera ettertrakta både i spelbransjen og andre bransjar som krev gode programmerar eller god innsikt i grafikk.
|
SISTE SJEKK: Alf Inge Wang kontrollerer at alt blir rett i prosjektbeskrivelsen for dataspelutdanninga som skal utformast ved NTNU. |
- Kva har vore avgjerande når de har utforma dette tilbodet?
- Me har lagt vekk på kva kunnskap bransjen har behov for, og det er fagleg spissa kompetanse, og så kan dei heller sjølve setta saman samarbeidsgrupper på tvers av kompetansefelt. Samtidig er det viktig at dei har erfaring frå tverrfaglege dataspelprosjekt slik at dei kan arbeida godt saman. Det er eksempelvis stort behov for både grafiske kunstnarar, programmerarar og designarar, fortel han.
- Må sjå til utlandet
Erling Ellingsen, produktsjef i den norske spelgiganten Funcom, ser positivt på utdanninga som no skal opprettast, og fortel at Funcom har behov for meir arbeidskraft.
- Sjølv om det er nærare 200 spelutdanningstilbod i Storbritania, så er det ikkje det her i landet. Me må sjå til utlandet når me skal ha ny arbeidskraft. Me er alltid på jakt etter nye talent, og har tilsette frå over 30 nasjonar i Funcom. Dersom denne utdanninga kan skapa fleire talent her til lands er det berre bra, seier Ellingsen.
Han presiserer likevel at bransjen ikkje først og fremst ser etter kva utdanning aktuelle kandidatar har når dei skal tilsetta nye folk.
- Me ser først og fremst på kor flinke dei er. Dersom ein grafikar har treårig kunstutdanning betyr ikkje det så mykje dersom vedkommande ikkje er flink til å teikna eller produsera den grafikken me har behov for. Så ingen må ha den illusjonen at ein automatisk får jobb etter endte studiar. Utdanninga i seg sjølv er ikkje ein jobbgaranti. Ein må leve og ånda for dataspel også på fritida, seier Erling Ellingsen.
- Riktig tankegang
Mens bransjerepresentantar internasjonalt altså har vore skeptiske til utforminga av, og ikkje minst den store mengden, spelutdanningar utanlands, er også dagleg leiar Jack Kristoffersen i selskapet Artplant positiv til opplegget som forskningskomitéen i Trondheim har utforma.
Han bekrefter Wangs påstand om at bransjen søker fagleg spissa kompetanse når ein søker ny arbeidskraft.
- Eg syns tankegangen rundt opplegget verkar veldig bra. Me har behov for mykje kompetanse i ei næring som er i ei sterk vekst. Det er mellom anna behov for dyktige programmerarar, grafikarar og teiknarar, fortel han.
Også han påpeiker at studentar som utdannar seg innanfor spelteknologien har fleire bein å stå på når dei kjem ut i arbeidslivet.
- Me har for eksempel mista mange gode programmerarar til oljeindustrien, forklarer Kristoffersen.
To satsingsområde
Det er spesielt to satsingsområde som vert viktige i NTNUs satsing på dataspelkunnskap.
Det er utvikling og bruk av dataspel. Det første punktet er knytta til programmering, arkitektur og grafisk utforming av dataspel.
- Det å utvikla ny programvarearkitektur, grafikk og nye dataspel vil vera ein viktig del av masterprogrammet, fortel Wang, som sjølv skal vera ein av faglærarne i dataspelfaga. Amanuensis Torbjørn Hallgren frå Institutt for Datateknikk og informasjonsvitskap er ein annan.
Det er også lagt til rette for fordjupningsprosjekt knytt til grafikk, mobilspel, arkitektur og kunstig intelligens som er knytt opp mot masterprogrammet.
Politisk ukorrekt
Samtidig som IME-fakultet altså er i ferd med å sy saman eit fagtilbod til siv.ing.-studentane har programkomiteen i denne runden valt å tona ned fokuset på opprettinga av eit eige tverrfagleg studium der ein tar ”litt av alt” frå dei ulike instituta.
Dette har tidlegare vore aktuelt. Samtidig presiserer Wang at basisen for studiumet er tverrfagleg, men at hoveddelen er fundamentert i eit fagområde.
- Det er absolutt ikkje slik at me ikkje vil ha ei tverrfagleg tilnærming til faget, men i akkurat i denne omgangen fraråder me rektoratet å satsa tungt tverrfagleg. Det er kanskje ikkje heilt politisk korrekt, men det å kunna litt av alt i denne samanhengen hjelper ikkje så mykje når ein skal ut i arbeidslivet etter endte studiar, begrunner Wang.
- Viktig for teknologihovudstaden
Alf Inge Wang oppfordrar også studentane til å engasjera seg i Norwegian Game Awards, som er eit utspring frå studentorganisasjonen Start NTNU som arbeider for nyskaping og gründerverksemd.
- Me håpar at dei som engasjerer seg i Norwegian Game Awards kan få bruka desse erfaringane direkte som ein del av studieløpet sitt. Dermed kan også eit slikt masterprogram danna grunnlaget for ein ny industri, ved at studentane sjølv skapar sine eigne arbeidsplassar, seier Wang.
Prosjektleiar for Norwegian Game Awards Ingeborg Kramprud trur ei spelutdanning vil få positive ringvirkningar også utover universitetets territorium.
- Dette er kjempebra. Det vil bety mykje både for NTNU som universitet, men også for Trondheim generelt som Noregs teknologihovudstad. Det skjer mykje på dataspelfronten, men ikkje så mykje her i landet. Ei slik utdanning kan retta på det, trur ho.
Som Alf Inge Wang, trur dermed Kramprud også at ei spelutdanning kan legga grunnlaget for innovativ gründerverksemd i åra som kjem.
- Dette er heilt i Start NTNU si ånd, så me er veldig fornøgde, fortel ho.
Tekst og foto: Pål Vikesland |