Klimaet, debattane og oppheitinga
(11.1.08, 10:21) Nyåret har tatt av med mediemerksemd og debattar om dette emnet som for noen år sia så å seie var unndratt offentlegheit. - Forbruket av fossilt brensel er grunnlaget for den industrielle sivilisasjonen. Viss vi skal bort frå dette grunnlaget og over på klimaomsyn, kan det bli som ein ny industriell revolusjon. Det må ha si tid, sjølv om vi er samde om problembeskrivelsane.
Slik svarte statsekretær i Miljøverndepartementet, Heidi Sørensen, på spørsmål om korfor vi ikkje etter Bali-konferansen, når alle no er så samde, likevel ikkje får til klimapolitikken.
Heidi Sørensen sat i panelet under klimadebatten på dei årlege Kursdagane til NTNU og Tekna, første uka i januar.
|
REGISSERT STRID: Torsdag 3. januar reagerte Naturvernforbundet sterkt mot regjeringas gratis utsleppskvoter til Kårstø. Men ellers er det gemyttlege forhold, her ved Lars Haltbrekken og Heidi Sørensen. |
Nappetak
Professor Johan Hustad – leiar for Senter for fornybar energi og styrar for Institutt for energi og prosessteknikk – innleidde paneldebatten og gjekk ut mot at miljørørsla var så fragmentert, og at det var så viktig å få presseoppslag på enkeltsaker.
Dermed begynte debatten med kampgny omkring dagens nyheit: anlegget på Kårstø skulle få gratis utsleppskvotar. Heidi Sørensen måtte forsvare regjeringa mot Naturvernforbundets leiar Lars Haltbrekken, som i utgangspunktet ikkje var interessert i noe anlegg på Kårstø.
Haltbrekken gjekk óg ut mot StatoilHydros miljødirektør Trude Sundset for konsernets oljesandprosjekt i Canada.
Av og til var inntrykket pingpong, eller kanskje like gjerne svarteperspel:
Naturvernforbundet gjekk ut mot mot regjeringa og storkapitalen, StatoilHydro gjekk ut mot mot media, regjeringa gjekk inn for sin politikk, forskingsinteressene – Sintef og Tekna – gjekk inn for større løyvingar til forsking.
|
HER VIL DEI HA MEIR FORSKING: Haltbrekken helsar på Sintef-direktør Unni Steinsmo, mellom dei Teknas president Marianne Harg. Presidenten og naturvernleiaren gjekk ut med ønske om høgre strømprisar øremerka for forsking. |
Ikkje berre slåssing
Slikt må ein rekne med i alle debattar. Men det kom òg mindre polariserte ytringar:
Teknas president Marianne Harg meinte at forskingsprosjekt må vere slik innretta at folk med den riktige bakgrunnen får interesse av å jobbe der: ei anerkjenning av at resultata blir reelle, at ein kan rekne med å bli hørt.
Rimelegvis hadde ho med i dette resonnementet at det må vere ein betalingsvilje bak prosjekta slik at ein kan konkurrere med industrien om folk. Tekna er da óg eit fagforbund.
Sintef-direktøren Unni Steinsmo slo fast at det er ulike aktørar i ulike roller som styrer klimaforskinga.
Ho kommenterte den berømte statsministerlege månelandingsmetaforen med at ein ikkje kjem til å finne teknologiløysinga, ein utviklar teknologiløysinga – slik det var med den faktiske månelandinga i si tid.
|
NTVA TAR OPP DEI STORE SPØRSMÅL I SAMTIDA: Fysikkprofessor Anne Borg leidde møtet, her like før start i prat med CICERO-direktør Pål Prestrud. |
Nok av Frederic og Steinar
Heidi Sørensen, mangeårig kjempande miljøpolitikar, kom litt inn på debatten om debatten: Den var for politisert, sa ho.
Kanskje ei overraskande utsegn frå hennar side, men ho tenkte nok i tråd med innleiar Hustad på striden mellom dei ulike organisasjonane innafor miljøvernet. Den er kanskje litt uttværa.
Heidi Sørensen sa at ho kunne tenke seg ein debatt mellom noen frå eit sosialøkonomisk miljø i Oslo og ein teknolog på Gløshaugen: Har vi råd til å forske? Har vi råd til å unngå å forske? Det kunne vere noe!
Direktøren sprengde møtesalen
Fem dagar etterpå måtte NTVA-arrangørane flytte inn stolar på ein allereide full møtesal på Lerchendal gård.
Det kom 106 personar for å høre på Pål Prestrud, direktør for CICERO, Senter for klimaforsking ved Universitetet i Oslo. Han skulle – som han pleier – snakke om FNs klimapanel og deira publikasjonar.
Prestrud snakka om ei oppvarming som er global: Det er ikkje forskyvingar av energi omkring på kloden.
Og han er klar over at det har vore enorme klimavariasjonar opp gjennom tidene – men no er vi innpå sju milliardar som er totalt avhengig av landbruk!
|
ARRANGØRAR MÅ REKNE MED PÅGANG: Det kom 106 til Lerchendal gård tirsdag 8. januar. Det har vore litt fleire på eit møte i denne salen, da galdt det thorium. |
Kjenner motargumenta
FNs klimapanel forskar ikkje, men har gjennom åra gått gjennom og sett i hop for publikasjon det som tusenvis av klimaforskarar har produsert.
Dei har utvikla stadig finare matematiske og fysiske modellar, desse er blitt jamførte med dei funna som er gjort på klimaområdet: Dei naturlege faktorane forklarar ikkje at oppvarminga er så stor.
Mye av oppvarminga er menneskeskapt, gjennom den menneskeskapte drivhuseffekten. Og bakgrunnen er økonomisk, teknologisk og befolkningsmessig vekst.
Pål Prestrud trekker den foreløpige konklusjonen at ein må operere med problemstillinga: Kor stor risiko vil vi leve med?
Det grufulle er muleg
CICERO-sjefens bilde av vår eventuelle Svartedaude inneheld: redusert matproduksjon og vasstilgang, auke i ekstreme versituasjonar, nedsmelting av dei store iskappene.
Mest skremmande er at det kan bli sett i gang irreversible endringar.
Skal ein få ned CO2-nivået i atmosfæren, kan ein ikkje berre slå det av. Det held fram med å bidra til oppvarminga sjølv om vi får ned utsleppa. Det spørs kor store begrensingar vi kan sette i verk, og kor hurtig.
|
TAR KLIMAFORSKARANE OVER FOR ØKONOMANE?: Pål Prestrud er i alle fora, kanskje no den fremste forkjemparen for FNs klimapanel her i landet. |
Kva så?
Forskaranes konklusjon er ifølge Pål Prestrud eintydig: Vi kan løyse problema utan at det går ut over vår velferd i særleg grad.
Eksisterande teknologi kan hjelpe oss langt på veg, og det er veldig stort potensial i å utvikle nye teknologiske løysingar.
Konkret må ein unngå avskoging, få til energieffektivitet, satse på fornybare energikjelder og fange og stenge inne CO2.
CICERO-sjefen hadde interessante svar på to relevante spørsmål:
For det første at redusert forbruk ikkje var noe emne for klimaforskinga. For det andre at omlegginga til klimavennlegheit ikkje kan skje utan at atomkraft er med som eit vesentleg ledd.
Kan vi dele rekninga?
Noen må betale. Prøver alle klimadebattantar å finne ein måte å sende rekninga til noen – noen andre – på?
Det blir eit spørsmål om synsvinkel, også når det gjeld Pål Prestruds syn om at det må komme eit grunnleggande skifte i innstillingar i befolkninga: det må kollektive løysingar til, private klimatilpassingar er ikkje poenget.
Konkret er det dette som må til: Høg global kostnad på klimaskadelege utslepp og gigantisk offentleg satsing på forsking på og utvikling av klimavennleg teknologi.
Og klimakutt er mulege utan velferdskutt. Prestrud mana til politisk leiarskap: at opinionen må leiast til å forstå at det ikkje vil bli nødvendig å sette samfunnet tretti-førti år tilbake, sjølv om bensinprisar og strømprisar må opp.
Men utan leiarskap går det ikkje. Han langa ut mot motkreftene:
- No hakkast forslaget til nye bygningsforskrifter i stykker av lobbyistane.
Vi og ingen andre
Når Prestrud var på slutten av sine utgreiingar, på konklusjonstadiet, hadde han bibragt ei optimistisk grunnhaldning: Vi kan få det til.
Men tunge kollektive satsingar føreset òg individuelle tilpassingar. Ein rektor i forsamlinga reiste seg og tok opp dette poenget: kunnskap må tilførast. Det er ein vekselverknad mellom politikarar og opinion.
Det kom òg til dels sterke motforestillingar frå publikum vedrørande transportavgifter som verkemiddel og Norges forsvinnande betydning samanlikna med for eksempel Kina.
Men verken på Gløshaugen i veke 1 eller på Lerchendal gård i veke 2 hørtest meiningar om at det ikkje er klimakrise, eller at menneskeleg verksemd er uviktig for klimaet.
Tekst og foto: Kjell Håve CICERO om klimapanelet For to år sia sto debatten slik ifølge Gemini
|