MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

- Entreprenørskap krev meir enn ein god idé (17.1.08, 18:12)

Candida Brush etterlyste handlingskraft og organisatoriske evner då ho heldt foredrag på arrangementet ”Kvinner i nyskaping” onsdag.

Arrangementet i regi av Start NTNU og NTNUs senter for entreprenørskap gjekk for tredje året under navnet ”Kvinner i nyskaping”, og fant stad på Dokkhuset.

INNOVATIVE: Thea Sofie Melhuus Hojem og professor Candida Brush representerer to generasjoner innovative kvinner.
Finansspråket må lærast
Hovedforedragshaldar var professor Candida Brush fra Babson College i Boston, som har forska spesielt på kvinner og minoritetar som entreprenørar.

- Entreprenørskap krev mykje meir enn ein god idé. Ein må også ha gode organisatoriske evner når det gjeld å skaffa ressursar, setta saman ei god samarbeidsgruppe, samt og sjå om eit produkt har kundepotensiale. Det er viktig å læra seg finansspråket om ein ønskjer å få gjennomslag for ideane sine, fortalte Brush, som nyleg er tilsett som professor II ved NTNU Senter for entreprenørskap.

Ho nevnte spesielt tre faktorar som gjer at kvinner skil seg frå menn kva mulegheiter for å utøva godt entreprenørskap angår.

- Arbeidssituasjonen er ofte annleis, fordi kvinner oftare må avbryte jobbforløpet, for eksempel fordi dei blir gravide. Eit anna poeng er rolla dei tradisjonelt har hatt i forhold til familien – det er ”forventa” at kvinner skal ta seg av hus og heim. Dette gjer dermed at dei får mindre erfaring når jobbrelaterte avgjerder skal fattast. Dermed har dei også vanskelieg for å få innpass i viktige sosiale og økonomiske nettverk tilknytta arbeidssituasjonen, forklarte ho.

AMBISIØS: - Målet vårt er heile tida å tenka nye tankar, sa prorektor for forsking og nyskaping, Astrid Lægreid.
Samansette årsaker
Etter endt foredrag utdjupa Brush dette til Universitetsavisa:

- Kvinner møter ein del fordommar fordi dei kvinner, men dette bidrar også til at kvinnene sjølve mister litt av trua på seg sjølv, og dermed opprettheld dei også stereotypiane, seier ho.

I Noreg driv fire prosent av kvinnene entreprenørverksemd. Tilsvarande tal i Danmark og Sverige er tre prosent, mens det i USA er sju prosent. I Thailand og New Zealand er talet heile 14 prosent.

Årsakene til dette er samansette, ifølge Brush, men har likevel opphav i to faktorar:

- Motivasjonen for å skapa noko nytt oppstår enten fordi ein har muligheiten, eller fordi det er heilt nødvendig. I Noreg har kvinnene eit godt sikkerheitsnettverk, og lever eit trygt liv. Det er ingen risiko som driv ein framover, og dermed tenker ein kanskje heller ikkje så innovativt, påpeiker ho.

- I tillegg har ikkje media vore flinke nok til å fortella om dei suksesshistoriane som er skapt av nytenkjande kvinner, og dette har gjort at kvinner ikkje har så mange førebilete som menn, legg professoren til.

Candida Brush understreker likevel at det er fleire faktorar enn kjønn som ligg bak god entreprenørverksemd.

- Det er mange komponentar som spelar inn. Det må for eksempel også ligga politisk vilje bak ei satsing på entreprenørskap. I Irland for eksempel er det stor vekst i talet entreprenørar. Dette er fordi det er ei tydeleg uttalt politisk vilje til å få fram unge entreprenørar – både kvinner og menn.

OPTIMIST: Professor Sigmund Waagø meiner eit arrangement som ”Kvinner i nyskaping” kan auka talet på kvinnelege entreprenørar i Noreg.
Nordisk fenomen
Professor og leiar ved NTNU Senter for entreprenørskap Sigmund Waagø, som mellom anna står bak Venture Cup, deler Candida Brushs oppfatning om at kvinner i mindre grad enn menn er villig til å aktivt søkja risikofylte utfordringar.

- Det er eit særeige fenomen at det er så låge tal i Norden for kvinnelige entreprenørar, men det er kanskje noko i det at kvinner er meir sikkerheitssøkande menneske, seier han.

Waagø er også initiativtakar til ”Kvinner i nyskaping”, som altså skal vera eit mottrekk til statistikken som viser at færre kvinner enn menn vert entreprenørar. Han var godt fornøgd med onsdagens arrangement.

- Det er kjekt å sjå at talet på deltakarar er så høgt. Eg trur eit slikt arrangement kan bidra til å få enno fleire kvinnelege gründarar i framtida, spår han.

Rekordstor interesse
Ifølge Candida Brush er dei fleste gründarar mellom 25 og 40 år, og er høgt utdanna. Desse funna stemte godt overeins med publikum som var tilstades på Dokkhuset onsdag.

Rekordmange 166 påmelde, hovedsakeleg unge kvinner, vitna om stor interesse for innovasjon og gründerverksemd. At det var kvinnenes aften viste også kveldens mange talarar.

Elisabeth Alvestad representerte Entrepenørskulen, mens Anne Dalager Dyrli i Resman – ei entreprenørverksemd i ordets rette forstand, som skal laga kjemisk intelligente materiale for å overvåka væskestrøyming i olje- og gassbrønner – fortalte om muligheitene ved Innovasjonssenter Gløshaugen.

Kjersti Aas snakka varmt om forretningsplankonkurransen Venture Cup, mens nestleiar i Start NTNU Nina Norberg fortalte kva som innebar å bli medlem i deira organisasjon. Felles for alle var at dei var kvinner som tenkte tidlegare utenkte tankar.

MANGLAR FØREBILETE: - Kvinner har færre førebilete enn menn, men dette er i ferd med å betra seg, seier studenttingsleiar Anne Karine Nymoen som ei delforklaring på kvifor det er færre kvinnelege enn mannlege gründarar.
Auka dragvollfokus
Også prosjektleiar for ”Kvinner i nyskaping” Thea Sofie Melhuus Hojem var svært fornøgd med onsdagens tilstelling.

- Har de nokre konkrete indikasjonar på at eit slikt arrangement har noko for seg?

- Det er ein god indikasjon at det er så mange her. Me kjem til å gjera ein del etterarbeid for å finna ut kva publikum får ut av eit slikt arrangement, men i og med at det blir fleire og fleire deltakarar får kvart år, er nok dette eit godt arrangement, seier ho.

- I år har me óg hatt eit tydelegare fokus på å tiltrekka oss dragvollstudentane, ettersom det kanskje har vore litt i overkant fokus på teknologistudentar tidlegare, legg Melhuus Hojem, som sjølv er masterstudent i tverrfaglege kulturstudiar, til.

Det auka dragvollfokuset gledar Studenttingsleiar Anne Karine Nymoen, som var konferansier på arrangementet.

- Det er klart det er viktig å fokusera på hovedprofilen til NTNU som er den teknologiske kompetansen, men det er viktig å ikkje gløyma dragvollfaga. Det skjer mykje spennande innanfor dei fagfelta også, seier Nymoen

Tekst og foto: Pål Vikesland