Ut av anonymiteten
(21.1.08, 09:39) Gamle kjerringar på femtito skal ikkje studere. Slike reaksjonar kan vaksne studentar i verste fall bli møtt med. Men dei lar seg ikkje stoppe.
Folk over 25 år utgjer fleirtalet av dei som tar høgre utdanning i kvart av dei tre skandinaviske landa. I Norge utgjer dei over 30 omtrent ein tredel. Særs mange i desse aldersgruppene studerer utafor lærestaden.
|
FORSKAR PÅ DEN FLEKSIBLE STUDENTEN og hennar strategiar for å vere student heime. 70-80 prosent av gruppa er kvinner. |
Lære heile livet
- Vi set fokus på eit aukande antal studentar. Vi håpar at dei no blir mindre usynlege.
Dette seier forskar Wenche M. Rønning. Ho har vore redaktør for ei ny bok med tittelen ”Den usynlige student – voksne i fleksibel høyere utdanning”. Boka vart gitt ut på Tapir akademiske forlag rett før jul.
Den tar for seg vaksnes vilkår for å studere ved universitet og høgskoler i Norge, Sverige og Danmark. Det er mange utfordringar som pregar ein slik studiesituasjon.
Boka legg òg vekt på at dette er ei gruppe som er i framvekst i høgre utdanning – og som må takast på alvor av institusjonane.
Vi treffer Wenche M.Rønning på hennar arbeidstad ved NTNUs forskningseining Vaksne i Livslang Læring (VILL).
Ho har vore med i ei spesialkompetansegruppe av forskarar frå fem skandinaviske universitet. Gruppa vart oppretta av Norgesuniversitetet i 2005, og har hatt fokus på det som blir kalt den vaksne, fleksible student.
|
ETTER EIT UTAL MØTE: Sju forskarar frå universiteta i Tromsø, Trondheim, Agder, Aalborg og Uppsala har utgjort gruppa bak boka. Vi har skrapa i overflata, seier Wenche Rønning. No ligg det an til blant anna samanlikningar mellom data frå dei tre landa. |
Veks ein identitet fram?
Dei vaksne studentane har knapt mye oppleving av gruppeidentitet. Det kan endre seg, seier Wenche Rønning:
- Viss utdanningsinstitusjonane uttrykker at ”Vi ser dokker”, at dei set pris på og tar desse menneska på alvor, at det blir erkjent at dei kjem i større antal, da kan det utvikle seg ei haldning: ”Vi er ein ny type studentar”.
- Det er ein ny marknad for universitet og høgskoler, dette, og det er dermed ikkje økonomisk uvesentleg for dei.
Utanpåfolk
Men det har ikkje vore stor merksemd om dei. Ho gir eit sært eksempel:
- På ein høgskole i distriktet var dei fleste deltidstudentar. Dei kom med buss og båt, hadde tatt seg fri utan lønn, og fekk sjå opphengde lappar om at undervisninga var avlyst den dagen.
Det gjekk tydelegvis ikkje an å maile til slike folk.
Slikt som dette hender vel ikkje ofte, men det er óg spørsmål om mental inkludering, gjennom for eksempel det pedagogiske:
- I undervisninga må det kunne gå an å ta eksempel frå desse folkas kvardag, å erkjenne deira erfaringsbakgrunn. Dei blir utruleg provoserte av å bli behandla som luft.
|
BOK OM DEN USYNLEGE STUDENTEN: Wenche M. Rønning er redaktør for boka som er basert på arbeidet til ei interskandinavisk spesialkompetansegruppe av forskarar. |
Allsidig begrep
Vaksne, fleksible studentar er den langt på veg offisielle nemninga på den gruppa dette handlar om.
- Men ”fleksibel” er kanskje eit idylliserande ord, seier ho.
Kanskje det i noen grad uttrykker eit ønske om at vaksne folk kan få ting gjort gjennom å gjere det når dei ønsker. Men tidsrammene er og blir dei same. Utdanninga blir ei tilleggsoppgåve.
Det konkrete utgangspunket for adjektivet har å gjere med staden og tida: at dei fleste av studentane bur ein annan stad enn utdanningstaden, at studia kan gå ut over det normerte, og at dei kan gjere studiearbeidet når det passar dei.
Dei det gjeld, har i noen grad motsett synsvinkel: Dei vil ha rammer og struktur, tidsfristar for oppgåveinnlevering, undervisningsamlingar, klar progresjon.
Da aukar sjansane for å kunne fullføre på planlagd tid.
Heimen blir annleis
Så spørs det om det let seg gjere å utnytte rammene. Mye av studiearbeidet skjer i heimen. Og det krev ei stram tidstyring, sjølv om mange av desse studentane vel studietilbod som har 50 til 75 prosent av vanleg studietempo.
Dei fleste vaksenstudentar søker til dei lange profesjonsutdanningane på høgskolene, men ein del tar også vidareutdanninger på omlag eitt år ved universiteta.
|
VILL HELD TIL PÅ BRYGGA: NTNU er spreidd over mye av Trondheim. Forskingseininga Vaksne i Livslang Læring ligg ved Bakke bru. |
Førebudde folk
- Motivasjonen for å starte opp er særleg arbeidsplassretta: krav i jobben, vilkår for å få fast jobb, eller attføring/omskolering.
- Studentane er veldig motiverte, dei har forhandla mye med dei heime og har ein mental beredskap på at det kjem til å bli ganske tungt. Og når det blir det, så kjem det forhåpentligvis ikkje som noe sjokk.
Ho mor blir annleis
Når VILL-forskaren legg ut om den fleksible studenten, og kva som er typisk for han eller ho, får intervjuaren meir og meir ei oppleving av at pronomenet blir ”ho”.
Fordelinga kvinner-menn er om lag 70-30. For dei folka denne forskargruppa har studert, er tala 78-22.
- Dei kan vere studiemotiverte, men alle har kanskje ikkje forhandla grundig nok i heimen. På den eine sida har du kanskje ikkje så lett for å marknadsføre studia heime, på den andre sida gjer studia at du ikkje blir så serviceinnstilt som før.
|
DEI VIL IKKJE BLI BEHANDLA SOM LUFT: Mye kjem an på utdanningsinstitusjonane om dei vaksne studentane kan utvikle ein gruppeidentitet.
|
Å gå ut-danningsvegen
Så kan det skje ting med familia:
- Noen av høgskolestudia kan ha fått dette stemplet: ”Velkommen til skilsmisseskolen”.
- Om det er kvalifikasjonsheving som får folk til å starte, så endrar motivasjonen seg undervegs. Over nitti prosent oppgir slikt som å utvikle seg sjølv, få nye perspektiv på seg sjølv, og lærelyst.
Wenche Rønning er klar på det følgjande poenget, oppfatta i overført betydning:
- Du kan ikkje komme tilbake til der du var. Det er ein uhelbredeleg tilstand å få høgre utdanning. Det blir to kulturar i eit ektepar der den eine får utdanning.
Men sameksistens er muleg, to kulturar betyr ikkje dømt til skilsmisse. Og for mange par er kvinneutdanning bra. Ho fortel om eit tilfelle der mannen sjøl hadde høgre utdanning og sa: ”Ho slutta å pople!”
Dialektuttrykket inneber at det var mindre ”smalltalk” og meir substans i det kona sa.
Kallane blir ikkje annleis
I den grad mennene tar høgre utdanning i vaksen alder, har dei gjerne lettare for berre å gå i gang med det. Men her er det helst snakk om etterutdanning.
Menn over førti, som har låg utdanning i utgangspunktet, er heller tungbedne. Wenche Rønning seier at dette kan henge saman med maskulin identitet, særleg i distrikta. Ho ser at menn no taper terreng i utdanningsamfunnet.
Ikkje alle kvinner er interesserte heller. Dette fortel ei som har tatt spranget:
”Jeg har venner på min alder som har sluttet i jobb, de har lagt inn årene. De kan ikke fatte hvorfor jeg gamle kjerringa (52) skal gå på skole. ”Vi har ikke så mange år igjen å leve” – det er det livet handler om for dem.”
For venninnene gjeld det å bruke gjenverande tid på ”å leve og drikke kaffe”.
Eige beste
Utviklinga med vaksenstudentar handlar ikkje berre om at distriktskvinner skal få lov til å realisere seg. Viss vaksne kan få utdanning der dei bur, kan dette vere fordelaktig for kompetansenivået i vedkommande kommune.
Det ser likevel ut til at mange arbeidsgjevarar utgjer noe av ein flaskehals, og at det slår kjønnsmessig ut.
Mange av dei mennene som tar utdanning, rår meir over tida si, er tettare på arbeidsgjevarane, har høgre status på arbeidsplassen sin og har altså gjerne ei utdanning frå før.
Desse mennene kan lettare få aksept og berre sette i gang. Når det gjeld kvinner i tradisjonelle yrke, har mange arbeidsgjevarar positive haldningar, men det kan likevel bli særs vanskeleg for eksempel å få fri med lønn til undervisningsamlingar.
Lite fantasi
VILL-forskaren skulle gjerne ha forska meir på arbeidsgjevarane og deira kunnskap om og haldningar til verdien av utdanning. Dei verkar å vere inkonsekvente, mange av dei. Dei ser kanskje ikkje fordelane:
- Om du legg til rette for arbeidstakaren, kan du binde vedkommande til deg slik at du ikke mister arbeidskrafta. Men dette må gjerast bevisst.
Fargerikt virvar
Heim, ekteskap, kommune, arbeidsplass, undervisningsmetode og studieprogresjon – alder og kjønn. Forskingsområdet er bitar av mangt, kitta saman. Som eit konglomerat. Mange opplever vel sin studiesituasjon som noe slikt, óg.
Boka om den forhåpentlegvis stadig meir synlege vaksenstudenten har eit fotografi av eit konglomerat på forsida, naturens eige koloristiske mesterverk.
Det er eit innramma bilde på svart botn. Boka som Tapir Akademisk Forlag har gitt ut, er ei vakker bok.
Tekst og foto Kjell Håve |