MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Mediemeinaren (21.1.08, 15:28)

Akkurat idet redaksjonsmedlemmene i Under Dusken trudde dei gjekk rolegare tider i møte valde dei Marte Borhaug som ansvarleg redaktør.

- Hausten var ... interessant. Det vart nok i overkant mykje fokus på Under Dusken, men eg mista aldri lysten på å stilla som redaktør, fortel 21-åringen frå Asker.

SOSIAL: - Eg har stor arbeidskapasitet og er ein sosial person, svarar Marte Borhaug på spørsmål om hennar sterke sider som redaktør.
Ansiktsløft
Det er nokre dagar sidan den første utgåva av Under Dusken årgang 2008 kom ut. På Dragvoll er studiekvardagen i gang igjen etter jul. Marte Borhaug blar gjennom det første nummeret. Ho er i det store og heile fornøgd, konstaterer ho.

- Me har jo ein del å gå på, men jevnt over syns eg dette er eit solid nummer. Me har viktige saker om forskjellsbehandling og uholdbare eksamenstilhøve – tematikk studentane er opptatt av med andre ord, seier ho.

- Og så er eg veldig fornøgd med Meininger-seksjonen vår. Den har fått eit ansiktsløft. Men eg håper fortsatt fleire studentar bidrar med lesarinnlegg og kronikkar. Me treng mange gode debattinnlegg, også frå dei som ikkje er studentpolitikarar.

Det er avisproduktet Under Dusken som er i fokus igjen no. Det er ikkje lenge sidan det ikkje var tilfelle.

NETTSATSING: - Studentmedier generelt er ikkje så gode på nettjournalistikk, men me håpar å gjera noko med det i år, fortel den nye Dusken-redaktøren.
Turbulent haust
For det var nokre turbulente haustmånader i redaksjonen til studentavisa med tilhaldsstad på Studentersamfundet, etter at Under Dusken ønska å trykka deler av UKE-programmet før den offisielle sleppdatoen.

UKA reagerte. Det endte med at ansvarleg redaktør Bjørn Romestrand gjekk av etter det han oppfatta som press frå Finansstyret om at det kunne svi økonomisk dersom Dusken valde å trykka programmet.

Saken blei behørig omtalt i rikspressa, og det er ingen hemmelighet at forholdet mellom Under Dusken og UKA var heller kjølig.

Det toppa seg då ein UKE-funksjonær nokre veker seinare dumpa ei rekke ferske utgåver av avisa i ein container på Gløshaugen - eit forhold Under Dusken vurderte å melda til politiet.

Til slutt roa gemyttane seg. Partane kom til til einigheit, som det heiter i forhandlingsreferata.

Braut Storsal-tradisjon
Og akkurat idet redaksjonsmedlemmene trudde dei kunne sjå fram til ein roleg juleferie vart Marte Borhaug valt til ansvarleg redaktør.

Mediastud-styret innsatte redaktørane i Under Dusken, Student-TV og Studentradion. Utan å ha blitt godkjent av Studentersamfundets storsal.

Dermed braut Mediastud-styret med ein årelang tradisjon som seier at redaktørane av studentmediene skal godkjennast av Storsalen.

Og sjølv om det var langt frå samme rabalder som kva tilfelle var i konflikten med Noregs største kulturfestival, gjekk heller ikkje dette ubemerka hen.

FAKTA

Navn: Marte Borhaug
Alder: 21 år
Sivilstatus: Singel
Utdanning: Studerer samfunnsøkonomi og statsvitskap ved NTNU. Her har ho også studert nordisk. Har tidlegare studert journalistikk ved Høgskulen i Volda
Aktuell: Ny ansvarleg redaktør i Under Dusken

Vanskeleg balansegang
For det raude og runde Studentersamfundet bygger identiteten sin på tradisjonar. Kritiske røster hevda at dette det var kameraderi og mangel på respekt for Samfundets brukarar.

- Ja, det var jo uheldig, men det var no ein gong slik at det var vanskeleg å få møtedatoane til å passa, og det ville vore ugunstig å gå i gang med eit nytt avisår utan å ha avklart redaktørforholdet. Eg håpar me kan legga dette bak oss i året som kjem. Det er viktig for Under Dusken å ha eit godt forhold til Studentersamfundet, seier ho.

- Er det eigentleg muleg å vera både eit uavhengig medium og samtidig ein gjeng på Studentersamfundet?

- Det er klart ein vrien balansegang. Me er medlemmer av Samfundet, samtidig som me ønsker å vera uavhengig, med alt det innebér av rettigheiter og plikter. Det er viktig å få ei god og ryddig avklaring rundt Duskens forhold til Samfundet.

- Kva syns du sjølv då? Bør Under Dusken vera ein del av Studentersamfundet?

- Ja, absolutt! Eg er ukueleg optimist av natur, og eg trur heilt bestemt det er muleg å få til ein god og konstruktiv dialog med resten av gjengane på huset. Det er både Samfundet og Dusken tent med, smiler ho.

Likevel skal ikkje Under Dusken vera eit ukritisk talerør for Studentersamfundet dette året heller, understreker ho.

- Nettopp fordi Dusken har vore ein del av Samfundet har nok til tider vore slik at me har vore i overkant kritiske til det som foregår på huset nettopp for å markera vår uavhengigheit. Eg ser det poenget. Men når det er sagt vil me aldri holda tilbake informasjon som omhandler Samfundet dersom me meiner det er av interesse for trondheimsstudentane.

STUDENTAR - ENGASJER EDER!: - Studentane skal gle seg til annakvar tirsdag når Under Dusken kjem ut. Eg veit me engasjerer mange, men håpar me får enno fleire tilbakemeldingar frå studentane. Ris og ros mottas med takk, oppfordrar Marte Borhaug.
Ambisiøs nettsatsing
Marte Borhaugs mål for året er altså at det skal gå rolegare for seg i 2008, enn kva tilfelle var i 2007.

Eller rettare sagt; det skal vera hektisk på ein anna måte. Det skal travelt å vera redaktør. Og ambisjonane på studentavisas vegne er høge.

Ho står med begge beina trygt forankra i den nye mediekvardagen når ho proklamerer at Under Dusken også skal bli ei nettavis å rekna med i tida som kjem.

Målet er at studentane skal bli oppdatert oftare enn annakvar veke når papiravisa vert distribuert på campus.

Eit av grepa ho har gjort for å styrka dette er å oppretta ei ny stilling. Sivert Frøseth Rossing skal fungera som Under Duskens nettredaktør.

- Me kjem ikkje til å bli VG Nett i verken stoffmengde eller innhald. Det blir ingen nyheiter om puppepop eller Ari Behns nye servise. Me skriv om stoff som angår studentane. No i starten håpar me å få ut omtrent tre nettnyheiter i veka, mens målet på sikt er å få ut minst ein om dagen, fortel ho.

I ARBEID: Det er mange avgjerder som skal fattast når det skal produserast avis. Her i diskusjon med kulturredaktør Morten Fiskvik i Under Duskens første layout-helg.
Mange oppgåver
- Det blir ei flott utfordring for heile redaksjonen. Læringskurva der kan bli bratt. Me skal opptre korrekt også på nettet, og følgja dei presseetiske reglar som gjeldt. Tilsvarsretten skal oppretthaldast, og målet er naturleg nok også at sakene som vert publisert også har eit godt og korrekt språk.

- Er du ikkje redd for at den uttalte nettsatsinga skal gå på bekostning av papiravisa, ettersom redaksjonen ikkje er større enn tidlegare?

- Det er klart det blir utfordrande, men eg har stor tru på at me skal klara det. Me kan ikkje gjennomføra denne satsinga utan å ha redaksjonen bak oss, og difor er me avhengig av å ta eit steg om gangen. Ei løysing blir i periodar å frita dei som jobbar aktivt med nettsaker frå arbeidet med papirutgåva, fortel redaktøren.

Marte Borhaug har journalistikkutdanning frå Høgskulen i Volda, og har i tillegg til Under Dusken jobba som sommervikar i Fædrelandsvennen. Ho anser likevel redaktørgjerninga i Dusken til å vera hennar største journalistiske utfordring til no.

- Kva er dine styrker og svakheiter som redaktør då?

- Tja, eg kan ta svakheitene først. Eller det er kanskje både ein styrke og ein svakheit ... men eg har nok ein tendens til å ta på meg litt for mykje...

Eit aldri så lite hopp tilbake i tida avkreftar ikkje den påstanden.

AVIS MED MEINING: Marte Borhaug er svært fornøgd med ansiktsløftet til Meininger-sidene i Under Dusken. Her i samtale med debattansvarleg Knut Steinfeld på Dragvoll.
Lay out-helg – eit tilbakeblikk
Me går inn i handlinga idet redaktør Borhaug kjem med ein aldri så liten formaning i ei hektisk layout-helg på kontorlokala på Studentersamfundet.

- Printeren fungerer ikkje. Me må ringa til nokon som kan fiksa den.

Det er lørdag 12. januar. På ein hybel på Studentersamfundet er det svært hektisk aktivitet. Årets første nummer skal vera på campus om tre dagar. Det er ei utgåve som redaksjonen berre har ei veke på å få i stand.

Mot normalt to. Og redaktørrutinane er enno ikkje heilt innarbeida. Det er mykje å ha oversikt over.

Kjelder har ikkje svart på sitatsjekk. Det manglar bilete til hovedreportasjen. Og printeren fungerer altså ikkje.

Likevel er redaktør Borhaug forbausande roleg der ho sitt og diskuterer foreløpig saksliste med kulturredaktør Morten Fiskvik.

- Eg trur det blir ei bra avis, spesielt tatt i betraktning av at det er første nummeret, seier ho.

Fiskvik skyt inn eit spørsmål:

- Skulle me ha annonser på side 47?

- Ja. Korleis ligg de forresten an med saken om Kulturmangfoldsåret? svarar og spør Marte Borhaug. Før det blir ho som sjølv ringer for å få fiksa printeren.

Ein halvtime seinare er den fiksa.

Visjonær
Tilbake på Dragvoll møter Marte Borhaug nokre av Dusken-kollegene sine på Gata. Dei forsøker å rekruttere nye medlemmer til redaksjonen, og Under Dusken skal markedsførast på ordentleg vis.

Den eldste nolevande studentavisas tradisjonar skal førast vidare. Starten var god, men enno er det 15 nummer igjen i Marte Borhaugs tid som ansvarleg redaktør. Visjonen for året er klar.

- Eg håpar me klarar å engasjera studentane, og at me får mange konstruktive innspel frå lesarane våre. Målet er at dei skal gle seg til annakvar tirsdag når Under Dusken kjem ut, seier redaktøren.

Tekst og foto: Pål Vikesland