Sprelskt jubileum for tragisk skogsfugl
(8.2.08, 18:09) Ein vinterdag i året før utbrotet av den Første Verdskrigen: Noe kjem flygande på veg mot Norges Tekniske Høgskoles staselige bygning ytst på Gløshaugen. Det er ei orrhøne. Kursen er sett mot eit dobbeltvindauge. |
FATALT MØTE MED GLASS: Utsmykning på eit vindauge i auditorium H1. |
Ein og annan maskin har kanskje eksplodert på Norges mest teknologiske haug i åras løp. Men det skjedde ikkje her.
Det hørtest berre slik ut på formiddagen fredag den 31. januar 1913: Det var ei orrhøne som flaug gjennom glaset, inn i det som den gongen var auditorium 2 på hovudbygninga.
Professor Gundstensen foreleste over bygningstatikk, som knapt omfatta zoologiske påverknader på massive bygg.
Heider til ei dronning
I førre veke var det jubileum, det vil seie for H.M. Aarhønen, byggstudentanes linjeforeining. Orrhøna tok sin død av ferda, linjeforeininga reknar hendinga som sin fødsel.
|
STATISK SKOGSFUGL: Leiar for jubileumskomiteen, Nils Smeland, betraktar majesteten høgt der oppe før han drar på skidag i Vassfjellet. |
Dei høgaktar og ærar det tragiske medlemmet av skogshønsefuglfamilia, H. M. står for ”Hendes Majestæt”.
Og det er stadig noe:
- Ja, det er kanskje litt rart med 95-årsjubileum. Men dei fleste byggstudentar går her i 5 år, så alle bør få med seg ei feiring og få forsterka tilhørigheit.
Dette seier Nils Smeland, leiar for jubileumskomiteen.
Ikkje ski-flyging?
Smeland skal til Vassfjellet i dag, fredag. Programmet fortel blant anna: ”I løpet av dagen vil det bli gjennomført konkurranser i hopp, parallellslalom og kjøring på en ski,men det vil også bli arrangert konkurranser som ikke krever like gode skiferdigheter, blant annet ake-slalom.”
Det er mye gøyalt med foreininga – NTNUs eldste linjeforeining – og med arrangementa, som held fram utover i februar.
Nils Smeland er Hans Høyhet Fundamentalisten – det er mange rare titlar ein kan få om ein er aktiv i H. M. Aarhønen.
|
DREPT AV EIN TEKNOLOG, OPPSTO IGJEN: Guro Arianson, medlem av jubileumskomiteen, heidrar si dronning. Foto: H. M. Aarhønen, linjeforeningen for Bygg- og miljøteknikk. |
Kanskje kommer Mini
31. januar var det høgtidleg markering med rektor til stades og flagging framfor hovudbygninga – tragedien skjedde i det som i dag er auditorium H1.
Høgt oppe, der majesteten flaug inn, er det ei utsmykning i form av ein orrhønefigur i glaset.
No over helga, på måndag, har dei fått til ein avtale med Gøran Sørloth og Rosenborgs oldboyslag. Det blir kamp i Abra-hallen på Malvik.
Orrhønas undersåttar deler seg i mange underavdelingar: Dei som skal møte kanskje både Brandhaug og Mini og fleire nittitals-rbk’arar, er FK Steindølene. Namnet kjem av Steindalen, der ein gjeng byggstudentar ein gong var og kom på ideen om fotballag.
- Vi drar dit for å vinne, fastslår Smeland. Ved nittiårsjubileet tapte vi berre 7-2.
Amatørmessig høgdepunkt
Og helga etter det brakar det laust med revy. Den avspeglar at århønefolka er glade, ja, veldig glade amatørar:
- Alle er velkommen til å bidra. Her er det vid open dør. Vi gjer alt sjøl: lyd, lys, musikk, scenerigg og skriving.
|
TIDLEGARE KYLL-ING.: Ein som sjølv vart professor i faget, Petter Aune, fortel om forholda for folk og studentar i NTHs første tid. Foto: H. M. Aarhønen, linjeforeningen for Bygg- og miljøteknikk. |
Bandet har instrument som synth, tverrfløyte, barytonhorn og meir vanlege som ein finn i rockeband. Bandet har begynt å leve litt eige liv, og dei skriv óg noe musikk sjølv.
Austegden Smeland legg til at det er spesielt for Trondheim at det kjem så mange frå alle kantar hit slik at det blir grobotn for eit herleg liv av foreiningar.
Er ho oppstanden?
Kva er meir naturleg enn å feire ei orrhøne med utgangspunkt i 95-årsdagen for hennar død? I fjor markerte vi for eksempel Griegs dødsår.
Georg H. Johnson var til stades da skogsfuglen på sett og vis vart ofra på vitskapens alter. Han skreiv ei sprelsk beretning med litt nattverdsaktige overtonar. Her er noe frå den (ein kyll-ing. er etter dette ein byggstudent):
|
STATIKKENS MYSTERIAR: Professor Gundstensen skal ha vore i likevekt trass i orrhønas dødsferd, ei forelesing var alvorlige saker. Faksimile fra Adresseavisen. |
Hun sank ned i et hjørne av salen. Alle penner standset, -selv
proffens krittstykke vaklet et øyeblikk - og man hørte kun Hennes Majestæts brutte aandedrag, samt lyden av glasbiter, som singlet ned over kyll-ing. Aaens skaldede hode.
Fortryllelsen blev brutt av den vældige kriger pr. ltnt. Aasmund Tjønn, som resolutt tok Hendes Majestæt op, bar Hende ut paa trappen og slo Hendes hode 3 ganger mot den østlige vangesten utenfor hovedinngangen.
Imidlertid fortsatte proffen med "Ixy=Ficil" som om intet var hændt. Efter forelæsningen blev der besluttet aa bevare Hendes Majestæt Aarhønens legeme ved utstopping. Kyll-ing. Tor Eika fik de jordiske levninger med hjem til sin vert – Præparandt Direks ved Videnskapsselskapet – og aat Hendes Majestæts legeme til aftens. Denne ære delte han forøvrig efter eget utsagn med Berdal, Tjønn og Halvor Eika.
Av Kjell Håve |