Ein siddis spør om vi snakkar forståeleg
(11.2.08, 17:25) Åsta Øvregaard har i mange år undervist framandspråklege på NTNU. Av omsyn til dei foreslo ho å legge om noen praksisar. Så vart ho oppfatta som dialektskeptisk. - Heldigvis står dialektane sterkt i Norge.
Åsta Øvregaard kan ikkje få poengtert nok kor bra det er at vi i dette landet snakkar mange ulike dialektar og har respekt for kvarandre på dette området.
Men den kronikken ho hadde i slutten av januar i Aftenposten kan gi eit anna inntrykk. Tittelen var: ”Når dialekt blir maktspråk”.
|
FØLER SEG POLITISK UKORREKT: Men Åsta Øvregaard har fått positive reaksjonar frå utlendingar som har satsa satsa imponerande mye for å lære seg norsk, fått det til, og så fell igjennom når dei møter forskjellige dialektar i same rom. |
Tatjanas trøbbel
Åsta Øvregaard har i fleire år arbeidd som universitetslektor i norsk som andrespråk, på Dragvoll. Ho har hatt kontakt med mange utlendingar. I kronikken tar ho utgangspunkt i ein russisk student med trøndersk kjæreste og stavangersk framtidig svigermor.
Tatjana, som hadde lært seg norsk på rekordtid, fekk problem med nære relasjonar – nærare bestemt språkproblem.
I kronikken vidare nemner Øvregaard ord som ”dykk, dokker, dikkon, e, æ, i, je”. Dei betyr enten ”de” eller ”eg”.
Maktspråk? Når da?
Norsklæraren på Dragvoll har sett noen problem med dialektbruken. Det som i utgangspunktet er verd å ta vare på, kan vise seg å bli maktbruk når det går ut over utlendingar utan norske talemålsføresetnader.
Ho viser til ein utanlandsk professor, tilsett i Norge, og som kan snakke, skrive og lese norsk, men som absolutt ikkje kan følge kollegaenes argument når han er i møte med dei – dei snakkar sine dialektar.
Åsta Øvregaards kronikk utløyste ein debatt, blant anna kom det eit motinnlegg frå den kjende lingvisten Arne Torp.
Øvregaard fekk mange positive reaksjonar, e-brev og anna. Men det er eit problem for henne at ho i noen grad vart ståande som negativ til den sterke stillinga til norske dialektar. For det er feil.
|
DIALEKTFORSKJELLAR ER EIN RIKDOM: Men ein treng jo ikkje å bruke svarabhaktivokalar i alle samanhengar. |
Noen tilleggsskritt
Ho vil berre at folk skal normalisere talemålet i ein del situasjonar – for å ta omsyn til folk som kan ha problem med å henge med. I praksis betyr normalisering å snakke likt bokmål, eventuelt nynorsk for dei som måtte ville det.
Men i Norge er det ein uhyre sterk tradisjon for ikkje å røre ved folks talemål.
- Eg opplever meg som veldig politisk ukorrekt. Mange meiner at normalisering må gå ut over dialektane. Men det er ikkje sant. Vi har så stor språkkompetanse her i landet: på å forstå kvarandre, to former av skriftspråket, og nabospråka svensk og dansk. Denne kompetansen kunne vi ha brukt til å lære oss å normalisere – i dei situasjonane dette kunne vere påkravd.
Trønderske hemningar
Ho viser til ein artikkel av sin kollega Olav Husby som fortel frå ein situasjon på ein bussterminal: Ein nordmann får spørsmålet ”Onsin, vo æ ni?”, forbetra til "Onsil, vo æ boss nomme ni?".
Vietnamesaren som lurte på kvar buss nr. 9 var, nådde greitt fram til den språkkompetente nordmannen, som valde å svare ”Æ veit itj”.
Nordmannen kunne altså ikkje hjelpe. Men kunne han likevel ikkje ha prøvd å hjelpe på spørrarens ålmenne desorientering? Ved å seie: ”Jeg vet ikke”.
Barrieren verkar å vere meir psykologisk enn lingvistisk. Trønderar forstår mystiske asiatiske norskvariantar, men greier ikkje å snakke som Oslo-folk.
|
SETTE I GANG UTVEKSLING AV SPRÅKMEININGAR: Ei hovudsak for Åsta Øvregaard er å ta omsyn til folk som ikkje deler norske språkhistoriske føresetnader. Dei framandspråklege må få gode vilkår for å lære seg norsk, meiner ho. |
Naturlegheitskravet
- Det blir tatt for klassesvik og tilgjortheit!, fastslår Åsta Øvregaard. Knot blir det kalt å snakke noe anna enn slik ein snakkar heime. Men det å prøve å normalisere, det er da ikkje det same som å gjere seg til og snakke unaturleg.
Her brukar ho bokmålsordbokas definisjon av knot.
Ho tykkjer at nordmenn må kunne strekke ut ei hand. Det betyr ikkje at framandspråklege heilt skal vere forskåna for dialektbruk.
Syttitalet heng i
Det har vore eit maktspørsmål i Norge. Kampen for dialektane har vore knytta til det folkelege og demokratiske. Talemålsnormering har vore oppfatta som kamp for overklassemålet.
Men overfor utlendingar vil dialektbruk lett kunne bli maktbruk, etter Åsta Øvregaards tankegang. Det er jo nokså uforskamma å behandle folk slik som i tilfellet med den utanlandske professoren nemnd ovafor.
- Dei norske vil jo ikkje dette, seier ho. Dei vil ikkje overkjøre og utøve makt. Det er berre det at normalisering må lærast. Det er ei ferdigheit som folk ikkje har trening i.
|
I EIT KONTOR PÅ HF-FAKULTETET: Ho vil helst vere lærar og bidra til å kvalifisere utlendingar språkleg for Norge. Men det ser ikkje ut til å vere noe satsingsområde for NTNU, så for tida har ho administrativt arbeid. |
Våge steget
- Vi må komme dit at folk ikkje blir flaue over det, men at det er spørsmål om å vere hensynsfull, praktisk og fornuftig.
Ikkje ”hensynsfolle”, ”praktiske” og ”fornoftige”? Åsta er det same som sin elev Tatjanas svigermor, nemleg siddis. Ho har budd i Trondheim i over tjue år og har for sin del opparbeid motvilje mot konsekvent bruk av opphavleg talemål. Skarre-errar og tonefall er markeringar nok.
Globaliseringas pris
Åsta Øvregaard sette i gang ein riksdekkande debatt. Men ho har eit skarpt blikk på eigen arbeidsgjevar, ut frå ei beslekta problemstilling: At utanlandske tilsette i det heile skal få lære seg norsk, noe dei uansett er nøydde til for å få fast stilling.
Det er Institutt for språk- og kommunikasjonsstudium som tar seg av norskkursa for utlendingar. Søkinga dit har gått opp frå 387 i 2003 til 518 i inneverande semester. Det var 12 grupper i 2003, det er 11 no. Ventelistene aukar. Og det blir trongt:
- Vi prøvde på trinn 1 med 20 i kvar gruppe, men det gjekk veldig dårleg. Det er heilt umuleg med så mange når vi skal korrigere språket gjennom muntleg bruk. Vi får ikkje tid nok til snakking med kvar elev.
- Og det er dei fjernspråklege som har størst tendens til å falle ut av kursa, asiatar og afrikanarar – dei som treng det mest.
Verda kjem hit
Men NTNU skjer ned på antal stillingar. HF-fakultetet har tidlegare subsidiert dette tiltaket for folk tilknytta heile NTNU, men fakultetet har sine eigne økonomiske problem.
- Utlendingane opplever ei barbert norskopplæring. NTNU vil i globaliseringas namn ut til verda, i stor grad på engelsk. Men vi har glømt den motsette sida: Verda kjem hit. Når utlendingane kjem hit, må dei få lære seg norsk.
- Det er umuleg å bu, leve og trivst her utan å forstå språket, konkluderer Åsta Øvregaard.
Dermed er ho og vi attende til utgangspunktet: omsynet til dei som manglar noen konkrete føresetnader.
Tekst og foto: Kjell Håve Dialektdebatten i Aftenposten Bakgrunn for nedskjæringane på norskopplæringa Internasjonal synsvinkel
|