Kystbygdene, havet og Brussels korridorar
(19.2.08, 12:25) Dei fikk kjenne at Trondheim er ein kystby, dei som måtte gå gjennom kulingbygene ned til marinhistorisk seminar på NTNUs Sealab-bygningar på Trondheim hamn sist veke. |
REISEKLEDD: Dette er Lyder Strømmen som skal legge ut på havet, frå Sogn og Fjordane til Kvitsjøen i 1915. Foto: Fylkesarkivet Sogn og Fjordane. |
Marin og maritim forsking er eitt av NTNUs seks tematiske område det skal satsast intensivt på.
Kultur- og samfunnsfag har til no hatt for liten plass i området. Marinhistorisk seminar 13. og 14. februar var meint å bidra til betre balanse.
- Eg gjekk med eit håp om at det skulle komme trettifem, og no ser eg ut over femti her.
Slik strålte Aud Mikkelsen Tretvik, forskar ved Institutt for historie og klassiske fag da ho opna seminaret.
Her hadde det komme folk frå historielag og kystmuseum i tillegg til universitets- og høgskolefolk – mønstret i arrangementet var innleiingar frå historikarar utafor NTNU og kommentarar frå teknologar herifrå.
|
KAFFEKONSUM OG FAGLEG PÅFYLL: Eit vesentleg namn innafor lokal-, nærings- og kysthistorie, Edgar Hovland frå Universitetet i Bergen, i samtale med seminarets koordinator Aud Mikkelsen Tretvik. I lys skjorte nordfjordingen Anders Endal som i oppveksten var så sjøsjuk at han måtte begynne på NTH, som han langt seinare, som dekanus – den gongen ved Fakultet for marinteknikk – var med på å legge ned. Alt dette etter eige utsegn. |
Breiare horisont…
Ifølgje Tretvik var den breidda som nemninga marin kystutvikling impliserer, ikkje tidlegare blitt tatt nok på alvor i utforminga av satsingsområdet.
Dette hadde komme fram gjennom ekstern evaluering sist haust. Kultur- og samfunnsfag skulle no ikkje vere ei underavdeling i satsingsområdet, men integrerast med andre avdelingar.
Men, som ho heldt fram:
-Til no har det vore forholdsvis få historikarar, arkeologar og samfunnsvitarar ved NTNU som har engasjert seg i det marine området.
Uansett vart det nærkontakt med hamneområdet for ein del utanbys fagfolk.
…og ny master
Alexandra Neyts, førstekonsulent ved Institutt for biologi, er koordinator for satsingsområdet, som ho orienterte om.
Neyts framheldt at det var behov for økosystematisk tilnærming, og at studium på tvers av faga ikkje er lett å få til for tida.
Men her skal NTNU på ingen måte halde seg attende – til hausten skal det tverrfaglege masterstudiet i marin kystutvikling, på engelsk Marine Coastal Development, vere i gang.
- Vår breidde er attraktiv, av og til må vi stagge interesserte studentar.
|
SENTRAL PROBLEMSTILLING UNDER SEMINARET: Hans Otto Frøland, instituttleiar for Historie og klassiske fag, leier debatten og funderer på om det faktisk er slik at sunnmøringane er meir framtøke. I forgrunnen Bjørn Petter Finstad frå Fiskerihøgskolen – han skulle seinare innleie om den nordnorske fiskeindustrien. |
Større interesse for breidde
Til Universitetsavisa seier Alexandra Neyts, som opphavleg er frå Belgia, at dette skulle vere eit tilbod til interesserte om å plukke kurs frå andre fagområde enn sine eigne:
- Det viser seg at industri og myndigheiter treng folk med breiare kunnskap.
Ho har vore i kontakt med tyske universitet og hatt følarar i retning Kina og Vietnam, dette for å gjere masterstudiet kjent.
Våre grannar i sørvest
Universitetsavisa følgde ikkje heile seminaret, og fekk dermed noen av sine hovudinntrykk frå det midtnorske området – nærare bestemt Sunnmøres unike posisjon i fiskerinæringa.
Dette vart bibragt av Atle Døssland og Arnljot Løseth frå Høgskulen i Volda og av Ove Bjarnar frå Møreforsking.
Døsslands problemstilling er vel noe som vi alle går og grunnar på iblant (han brukte rett nok grammatikalsk fortid): ”Var sunnmøringane meir framtøke og glupe, og var dei andre meir treige?”
Konkret var den sunnmørske havfiskeflåten enormt mye større enn flåtene frå andre distrikt.
|
INNSPEL FRÅ EIN BERGENSAR: Anders Haaland frå Museumvest heldt frå salen hurtige, men imponerande oversiktlige, innlegg om dei ulike vestlandsregionane og deira rolle i utviklinga av fiskeria. I forgrunnen tidlegare fiskeriminister Bjarne Mørk Eidem. |
Bønder og ålesundarar
Døsslands faglege tilnærming innebar blant anna at dei sosiale forholda på Sunnmøre ikkje var så fastlåste, at fiskerinæringa vart drive fram av jamne bønder som eigde sine eigne båtar, og som lærte kontinuerleg av kvarandre – det var gjerne snakk om slektningar.
I Kristiansunds-traktene derimot vart det investert i væreige og tilvirking, det vart meir klasseskille.
Og folk frå sunnmørsbygdene samarbeidde godt med oppkomlingsborgarskapet i den unge byen Ålesund, det var Arnljot Løseths poeng.
EEC sett frå Brussel, Bonn og Paris
Seminarets einaste NTNU-innleiar var Gaute Heyerdahl ved Institutt for historie og klassiske fag. Han inleidde på grunnlag av si masteroppgåve: om framveksten av EUs fiskeripolitikk.
Mot slutten av sekstitalet fekk EEC temmeleg hastig vedtatt sin fiskeripolitikk, som innebar at alle medlemsland skulle ha fri tilgang til alle fiskeriressursar.
Og det vart vedtatt vesentleg støtte frå Brussel til kvart lands fiskerinæring, noe som i stor grad vart brukt til modernisering.
Dette kom på plass i tolvte time mens dei viktige fiskerinasjonane enno var utafor. Desse hadde i tidlegare år utvida sine fiskerigrenser og i noen grad stengt ute EEC-landa.
Så kunne det i slutten av 1969 opnast for medlemskapsforhandlingar med havlanda Norge, Danmark, Irland og Storbritannia.
|
FORSKARANE TREFFEST: Gaute Heyerdahl (t.v.) frå NTNU og Atle Døssland frå Høgskulen i Volda rett før det startar igjen. |
Bratt fiskerikurve
Brussels handtering av primærnæringane vart for sterk for eitt av desse fire landa, som kjent. Men Gaute Heyerdahls perspektiv låg blant medlemslanda:
Han greidde ut om dramatiske indre EEC-konfliktar og intrigar mellom noen medlemsland og kandidatland – til dels konfliktar og intrigar innafor enkelte regjeringar på overgangen seksti-syttital.
Prinsippet om fri tilgang til ressursane vart forlatt til fordel for lik tilgang: same rett for alle medlemsland, men etter reglane i kvart land.
Nye fiskeriland
Støtten frå Brussel hjelpte opp ein valdsam kapasitetsauke i fiskerflåtene. Da Spania kom med, førte det med seg at kapasiteten til EEC – kalt EF i Norge – vart dobla, utan at Spania bragte fiskeressursar med seg.
Overfiske har vore ein konsekvens av hastverket med få på plass bestemmelsar før fiskerinasjonane fekk noe å seie.
Ingen søker å redusere kapasiteten, sjølv om det er tautrekkingar mellom dei nyare og opphavlege medlemslanda om fordelinga.
Gagnleg tiltak
Ut på havet og inn i Brussels korridorar – det var noe av seminaret. Av andre emne kan nemnast Norges Fiskarlag, kvinnene i kystsamfunna, fiskeindustrien i Nord-Norge og historia til norsk oppdrettsnæring.
Amatørhistorikarar, organisasjonsfolk, museumsfolk og vitskapsfolk møtte kvarandre i eit hus på Trondheim hamn og kan dermed ha gjort NTNUs marine satsingsområde breiare og fyldigare.
Tekst og foto Kjell Håve NTNU-samanhengen
|