Stipendiat før du er sivilingeniør
(4.4.08, 07:33) Før sivilingeniørstudenten avsluttar si utdanning, kan han eller ho allereide begynne på forskarkarrieren. Det er ved Fakultet for informasjonsteknologi, matematikk og elektroteknikk dette er muleg, og til no har 29 nytta høvet til ein tidleg start på doktorgradsutdanninga.
|
UT I DET FRI: Lars Løge (t.h.) har opplevd at den første tida på utdanninga kan vere noe svevande. Audun Solvang er opptatt av forbetringar av økonomiske ordningar. |
- Eg heldt på med prosjekt- og diplomoppgåva i datafag, og fann ut at ei begynnande forskarutdanning gjorde det meir verdt å sette seg inn i emna for oppgåva.
Rikke Løvlid snakkar om ein glidande overgang mellom sivilingeniørstudiet og doktorgradsstudiet: Integrert PhD-utdanning.
Idet ein vordande sivilingeniør begynner på sitt siste studieår opnar det seg ein – noen år lengre – alternativ veg: den siste delen av studiet kan overlappe med første del av PhD-studiet ved at siv.ing.studentens fordjupnings- og masteroppgåve kan bli kopla inn som første del av arbeidet med avhandlinga i PhD-studiet.
Modning og muleg retrett
Universitetsavisa har truffe representantar både for dei som tar, og dei som administrerer utdanninga. Rikke Løvlid har vore der sia hausten 2005.
- Eg fekk tid til å gjere meg kjend med fagområda og finne ut kva eg har lyst til. Samtidig var det fint at eg kunne halde fram med oppgåva.
Ho legg óg vekt på eit vesentleg trekk ved ordninga: - at eg hadde sjansen til å hoppe av etter to år om eg ønska det.
I to år er ein nemleg både student og forskingsstipendiat: Siv.ing.utdanningas siste årskurs blir gjennomført som 50 prosent deltidsstudium, og første årsverk i forskarutdanninga blir gjennomført i 50 prosent stipendiatstilling.
|
INN I FORSKINGAS VERD: IME-dekanus Arne Sølvberg poengterer at mye på sisteåret i sivilingeniørutdanninga peikar i retning av forsking. |
Noe ein må ville
Rikke Løvlids erfaringar passar med dekanus Arne Sølvbergs tanke om at sisteårets arbeid like gjerne kan rettast inn mot PhD.
- Men det er iallfall ikkje for økonomien ein går inn i dette, slår Audun Solvang fast.
Solvang kan tilby vesentlege mengder kaldvatn for dei som får heitt blod av entusiasme for ordninga:
- Du får 50 prosent stipendiatlønn, og dermed tar Lånekassa frå deg det stipendet du ellers skulle hatt til masterutdanninga. Og når du ikkje er sivilingeniør, mistar du lønnstrinn som stipendiat.
Svømme på kor djupt vatn?
Er det bra å kunne forlenge arbeidet med fordjupingsemnet, eller blir faktisk første delen av integrert PhD for ustrukturert? Solvang har andre opplevingar enn kollega Løvlid:
- Det blir ein brå overgang etter fire år med lite sjølvstende. Ein får ikkje den treninga som fullføringa av mastergraden gir når det gjeld å greie seg sjølv. Ein saknar kontinuiteten, det blir litt at vinninga går opp i spinninga.
Desse meldingane tar IMEs to representantar imot over bordet, dei to er dekanus Arne Sølvberg og seniorrådgjevar Tore R. Jørgensen.
|
NYTTIG MEININGSUTVEKSLING PÅ IME: F.v seniorrådgjevar Tore R. Jørgensen, dekanus Arne Sølvberg, Lars Løge, Audun Solvang, Rikke Løvlid. |
Kor fri sveving?
Dei hører óg på Lars Løge, som har vore i utdanninga i innpå to år. Han har óg sett noen problematiske trekk:
- Ein kjem ut av det vanlege systemet. Du kan oppleve det som vagt og svevande når du må få vegleiaren til å lage masteroppgåve til deg, og så veit du ikkje sjølv heilt kor du vil.
Tore R. Jørgensen kommenterer at det blir ei spenning mellom skreddarsauma studium og kva individet har lyst til.
Skreddarsaum er eit nøkkelord: Viss ein har bestemt seg allereide under masterstudiet for å ta ein doktorgrad, får ein eit spesialtilbod om forskarutdanning tilrettelagt for sine idear og ønske. Om ein altså etterkvart blir klar over dei.
Eit lite gjennombrot
Audun Solvang kjem tilbake til det økonomiske, dei to frå fakultetet er lydhøre. Solvang gjer framlegg om at ein rett og slett følger det vanlege løpet det femte året og uansett får femti prosent stipendiatlønn. Sølvberg og Jørgensen uttrykker umiddelbart at framlegget er interessant.
Dei pliktene som ligg på studenten/stipendiaten er forskarutdanning på 3 årsverk og 1 årsverk undervisningsassistanse. Ein variant med forsert studieopplegg går ut på at ein tar mye pliktarbeid tidleg i perioden for å få frigjort tid til forsking på slutten, og at ein fullfører heile den integrerte utdanninga i løpet av 4 år.
Overtaling og overtyding
29 personar – av dei 2 kvinner – har vore innom ordninga: Fire slutta, tre har fullført til no, ein av dei disputerte 3 år etter opptak. Lista for å bli tatt opp ligg ellers høgt. Alle dei som fullførte, vart PhD før fylte 30 år.
Den integrerte utdanninga kom i stand i 2000. Noverande dekanus ser tilbake:
- Det var jo sjølvsagt ein masse folk som sa at dette går ikkje. Begynne PhD før fullført siv.ing.!!
- Eg tok ideen til daverande dekanus, seinare rektor, Eivind Hiis Hauge og han la det fram for Emil Spjøtvoll, som da var rektor. Det vart etablert ei prøveordning.
Tore R. Jørgensen fortel:
- Vi overbeviste dei siste tvilarane ved å kapre Giske i ein drosje til Værnes. Vi var avhengig av positiv støtte fra departementet. Det fekk vi.
Trond frå Trondheim hadde fått jobb som undervisningsminister i Stoltenbergs første regjering.
Folk med forskarsjel
Dette tilbodet er det einaste i sitt slag i landet. Arne Sølvberg tykkjer det er problematisk at det framleis formelt er ei prøveordning.
Og sjølv om dei tar økonomiproblema på sparket, brenn begge fakultetsrepresentantane for at dette er noe ein – viss ein hører til målgruppa – må gjere for si intellektuelle utvikling. Tore R. Jørgensen uttrykker det slik:
- Det viktigaste er at dette passar til tankane til dei som har lyst til å ta ei doktorgradutdanning.
Tekst og foto: Kjell Håve Les meir om integrert PhD på fakultetets heimeside
|