Technoport Festival slit
(7.5.08, 14:50) Låg oppslutning frå publikum og svakt økonomisk resultat bekymrer Technoports styre. Men det fins lyspunkt. Technoport har manifestert seg tre gongar sia 2005, med utstillingar, konferansar og ikkje minst prisutdelingar.
Styret har no evaluert fjorårets arrangementer, og bodskapen er klar: Technoport lykkes på mange område, men klarer ikke å fylle Trondheim Spektrum. Det kjem til syne på botnlinja.
|
FESTIVAL PÅ FLYTTEFOT: Technoport må kanskje gå bort frå Trondheim Spektrum som festivalarena i åra som kjem. Gløshaugen er muleg som ein av fleire utstillingsstader. |
Kom ikkje heilt opp
Styrets evaluering for 2007 ligg føre: Det er bekymring over antal utstillarar og over økonomisk resultat – vurdert til ”ikke tilfredsstillende”.
Styrets rapport slår fast at dekningsgraden med omsyn til utstillarar var for låg til at budsjettmåla kunne nåast.
Ein oppnådde om lag 15.000 deltakarar i 2005. Rapporten slår fast at dette var eit mål som ikkje vart nådd i oktober 2007.
2005-talet hadde blitt antyda under innsalget til utstillarar og konferansearrangørar, men nei: Antal besøkande på utstillinga var omlag 5.000, i tillegg kjem utstillarar, stab og presse, da får ein eit deltakarantal på knapt 8.000.
Ein kjem opp i om lag 10.000 om ein legg til samla tal på deltakarar på prisutdelingane og på konferansar og seminar.
Nøgd styreleiar
Samstundes er det glede over at Technoport har blitt eit viktig arrangement og at merkevaren er blitt positivt utvikla.
- Totalt sett er vi svært nøgde. Dette har begynt å bli eit ordentlig bra konsept, seier en entusiastisk IVT-dekanus Ingvald Strømmen, som òg er styreleiar i Foreningen Technoport.
Ein ting er nøktern analyse, noe anna er oppleving. Og inhabil eller ikkje, Strømmen omtalar varmt familiedagen laurdag 20. oktober i Trondheim Spektrum. Der var det full oppslutning.
Ellers er det tydeleg at det er prisutdelingane, awards-arrangementet, som dei ansvarlege er skikkeleg glade for. I 2007 var seks prisar og eit stipend utdelt. Styrerapporten slår fast: ”…svært tilfreds…”
FAKTA | TECHNOPORT
Teknologiarena AS stifta i 2005, med føremål å synleggjere, utvikle og kommersialisere teknologimiljøa i Trondheim og Midt-Norge. Eigarane var NTNU, Trondheim kommune og SpareBank1 Midt-Norge, samt fylkeskommunane i Nord- og Sør-Trøndelag.
Etter millionunderskot i 2005 ble aksjeselskapet lagt ned, og Foreningen Technoport, med en ikke-kommersiell målsetting, ble skipa sommaren 2006.
Technoport arrangerer Technoport Awards kvart år, og Technoport Festival annakvart.
Dagens medlemmar/eigarar i Foreningen Technoport er Trondheim kommune, SINTEF, Telenor, Sparebank 1 SMN, Innovasjon Norge, Nord-Trøndelag fylkeskommune, Sør-Trøndelag fylkeskommune, StatoilHydro og NTNU. | Kva med den grønne tråd?
Eit anna suksesshøgdepunkt på Technoport 2007 var Klimateknologikonferansen i Samfundet med 650 menneske, av dei Jens Stoltenberg og Göran Persson.
Men mye positivt til tross, ser styret det som problematisk at ein ikkje nådde nok fram med profilen på miljøteknologi. Det var ei målsetting at dette temaet gjennomgåande skulle hatt fokus ved konferansar og utstillingar.
Dette med å bli sett
Meir å trekke på: ”Vi kan ikke være tilfreds med den dekningen vi oppnådde i riksdekkende medier ved årets festival […] vi har ennå ikke etablert oss som et nasjonalt arrangement mediamessig.”
Dette blir rett nok formulert slik ein annan stad i rapporten: ”Vi ser av redaksjonell omtale både i nettmediene og i de trykte mediene, at vi nærmer oss det nasjonale gjennomslaget som er ambisjonen.” Det går ellers tydeleg fram at NRK er interessert i meir samarbeid.
Sitata viser litt ulik vektlegging – det gjenspeglar kanskje styrets formulering om heilskapen: ”Styret vil understreke at Foreningen Technoport er en svært ung organisasjon, og at verken foreningen eller arrangementene har funnet sin endelige form”.
- Den er på rett veg, seier Ingvald Strømmen.
Seglar vidare
Folk skal iallfall få oppleve Technoport i åra framover, med noen justeringar.
Vesentleg er det at ein vil utvikle utstillingsdelen saman med næringsliv og inviterte utstillarar. Men da blir det sannsynlegvis altså på Gløshaugen ein vil finne festivaldelen av Technoport.
Tekst og foto: Kjell Håve Technoport presenterer seg
|