LESERBREV Kristin Fridtun, Studentmållaget: - Fysikk har ikkje formelen!
(27.5.08, 08:39)
Insitutt for fysikk har i mange år nytta det dei trur er formelen for å minka arbeidet med eksamensoppgåvene. Dei har von om å gjera det lett for seg sjølv, men studentane vert diskriminerte, ignorerte og urett behandla.
Instituttet fylgjer ikkje paragraf 2 i ”Forskrift om målform i eksamensoppgåver” som seier at alle eksamensoppgåver skal liggja føre i to målformer, bokmål og nynorsk. I staden vert oppgåvene gjevne som vedlegg, og etter paragraf 4 i same forskrift kan vedlegg liggja føre i éi av målformene.
Instituttet trur dei har funne eit smutthòl i regelverket, men Studentmållaget i Nidaros meiner dette er lovsnusk av verste slag. Det er VEDLEGG som kan gjevast i éi målform, ikkje sjølve OPPGÅVA. Ein kan ikkje fritt blanda i hop desse to som ein vil. Eit vedlegg kjem attåt oppgåva, oppgåva sjølv kan ikkje vera vedlegg.
Både Studentmållaget og studentar som tek eksamen ved insituttet greier lett å gjennomskoda ein slik manøver. Faglæraren vil sleppa unna kravet om to målformer. Kvifor skulle ein elles gjeva ei heil eksamenoppgåve som vedlegg?
Det ligg uvit og vondskap bak slik framferd, og me skjønar ikkje kvifor insituttet og NTNU lèt sovoren praksis få feste. Er det rett at studentar som tek høgare utdanning ikkje får møta sitt eige språk? Det er tale om ei skarve eksamenstekst, og me ventar at dei som er tilsette ved eit universitet kan handtera det norske målet, både bokmål og nynorsk.
Studentmållaget vert jamleg kontakta av misnøgde fysikkstudentar som tykkjer det er harmeleg at slik respektlaus åtferd vert rekna som greitt. Jamvel studentar som skriv bokmål har meldt ifrå og sagt at dette ikkje kan halda fram. Nynorskbrukarane er i mindretal, men alle nynorskbrukarar har lovfest rett til å få eksamensoppgåvene sine på nynorsk.
Dersom éin av fem hundre studentar har registrert at han eller ho ynskjer nynorsk som målform på eksamen, lyt eksamensoppgåva liggja føre i båe målformer.
Dette er so beinkløyvt og endeframt, og eit institutt som vil ha nøgde og engasjerte studentar rettar seg etter dette utan vanskar.
Institutt for fysikk har atter synt at dei er ein av verstingane. Årvisse lovbrot og skitne knep kan ikkje vera sedvanen ved NTNU. Me krev at instituttet og universitetet tek seg saman og syter for språkleg rettferd.
Studentmållaget i Nidaros,
ved leiar Kristin Fridtun |