LESERBREV Jens Andersen: NTNU bryt norsk mållov
(27.5.08, 15:17)
Det var på tide at Studentmållaget i Nidaros tok opp
at eksamensoppgaver i mange tilfelle ikkje ligg føre på dei to målformene vi har i Noreg. Eg skjønar godt at studentane ikkje aksepterer dette brotet på norsk mållov.
Det er diverre ikkje berre eksamensoppgaver som ikkje ligg føre på begge målformer. Dersom ein vil laste ned skjema frå nettsidene til NTNU skal ein leite lenge og vel før ein finn eit på nynorsk. Som nynorskbruker synest eg dette er heilt urimeleg og irriterande at det held fram.
Haldninga til nynorsk og manglande vilje på NTNU til å følge mållova er oppsiktsvekkjande. Vi har to likestilte målformer i dette landet og det er ikkje urimeleg om både eksamensoppgavene og nettsidene reflekterer dette.
Jens Andersen
Institutt for Fysikk |