LESERBREV Emil J. Samuelsen: Eksamens-teksten som vedlegg
(28.5.08, 15:36)
Lesarinnlegget av Kristin Fridtun i Universitetsavisen av 27. mai avslørar ein skikk som visstnok mange faglærarar ved vårt institutt skal ha praktisert over mange år: For å omgå pålegg om eksamenstekst også på nynorsk har ein framstilt førstesida som eit hovuddokument og vist til sjølve eksamensteksten i eit vedlegg, og ”vedlegg treng ikkje føreligge på begge målformene”.
Smart, men i strid med intensjonane i mållova. Ikkje alle faglærarane ved instituttet har blitt tipsa om dette, og mange har møysamt utarbeidd teksten i to variantar.
Sjølv har eg nok også handla litt på kanten av mållova, ettersom eg har hatt alle fysikk-eksamenar på berre ei målform, nemleg nynorsk. Eg har gjort det utan å nytte trikset med vedlegg, i alt for omlag 3500 kandidatar, over ei tenestetid på over 30 år, og der har ikkje vore protestar frå noko hald.
Då det kom pålegg om også nynorsktekst ved NTH/NTNU-eksamenar eingong på nittitallet, var rundskrivet usymmetrisk og einsidig utforma frå Universitetet si side: Ein fekk oppgitt kor mange kandidatar som hadde uttrykt ønske om nynorsk, men tilsvarande ønske om bokmål var det ikkje krav om. Altså ved å nytte nynorsk kunne ein sleppe arbeidet med å lage to variantar. Ein tilleggs-effekt er at ein styrkar norsk fagterminologi. Eg håper mange faglærarar vil nytte seg av tipset!
Emil J. Samuelsen
Institutt for fysikk |