LESERBREV Arvid Staupe: Trådløse Trondheim
(3.7.08, 11:17)
Eg les at det i Trådløse Trondheim skal invisterast kraftig framover. Mitt spørsmål er: Kva er det ein reknar med å oppnå som ein ikkje nå kan kjøpa på det kommersielle marknaden? Er det fri tilgong til nettet som er målet?
For å halda meg orientert på området har eg anskaffa meg eit trådlaust abonnement, kr 99 pr. månad med tilgong på kvardagar mellom kl. 17 og 08, i helga frå fredag kl. 17 til måndag kl 08. Ønskje eg tilgong også utanom desse tidene, kan eg få det ved ekstra betaling. Til vanleg abonnement har eg det kraftigaste (dyraste) tilbod eg kan få gjennom kabel. Test av desse tilbod "side ved side" vise at det trådlause nettet ikkje ligg attende for kabeltilbodet.
Ein kollega kunne fortelja at han hadde testa trådlaus tilgong i bil på strekninga Trondheim-Dombås. Berre ein gong kunne han fortelja, hadde han hatt avbrot.
Arvid Staupe |