MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

LESERBREV

Jens O. Andersen: Om intellektuell eigedom (15.7.08, 20:03)

På styremøtet 12. juni handsama styret eit framlegg til IP-reglement for NTNU. Av fleire oppslag i Universitetsavisa (UA) er det klart at dette framlegget er veldig kontroversielt.

I det seinaste innlegget til Reidar Conradi (UA 3. juli) blir båe saksgangen og innhaldet i regelverket kritisert. Eg meiner at ein slik debatt er viktig og naudsynt fordi eit regelverk om IP-rettar påverkar arbeidstilhøva til dei vitskapelege tilsette og fordi slik regulering neppe let seg kombinere med akademisk fridom og utveksling av kunnskap.

Eg skal i innlegget ta for meg problemet med læremateriell t.d. kompendie og lærebøker.

I punkt 8.1 (kalla "støvsugarklausulen") i notatet om IP-rettar kan ein lese:

"For å kunne ivareta sine samfunnsoppgaver skal NTNU som hovedregel eie all IP og fysisk materiale generert av tilsatte og selvstendige oppdragstakere".

I artikkelen i UA 13. juni "Styret slakter IP-politikken", seier prorektor Astrid Lægreid:

"Formålet med politikken er nettopp å sikre at forskingen gjøres tilgjengelig for allmennheten. Retten til fri publisering er fullstendig upåvirket, og akademisk frihet er ivaretatt, fremholdt Lægreid. Samtidig skal universitetet sikre seg at læremateriell blir ved universitetet, men at dette ikke hindret ansatte som slutter å ta med seg forelesningsnotatene eller annen intellektuell eiendom"

Dersom ein les dette sitatet i samanheng med punkt 8.1 i notatet frå arbeidsgruppa ser ein at dette utsagnet er aldeles meiningslaust. På den eine sida vil NTNU eige all IP og sikre seg at læremateriell blir på NTNU, og på den andre sida kan ein tilsett ta med seg forelesningsnotat og annan eigedom med seg dersom vedkommande sluttar. God dag mann, økseskaft!

Eg har jobba med eit kompendium i eit kurs på Institutt for Fysikk i over halvtanna år. Eg har stort sett brukt helger og kveldar på å skrive dette kompendiet. Motivet mitt for å skrive eit slikt kompendium er å fornye og modernisere det kurset eg foreles. Ein gong i framtida blir det kanskje lærebok av dette.

Dersom eg sluttar på NTNU vil eg sjølsagt ha retten til å ta med meg kompendiet og vidareutvikle det. Men leiinga ved NTNU vil de facto konfiskere det.

Dersom NTNU konfiskerer kompendiet mitt, forventar eg kompensasjon fordi eg stort sett har nytta fritida mi på å skrive det. Eg har fram til nå nytta om lag 500 timar på å skrive kompendiet. Med ei timeløn på 200 NOK blir det 100.000 NOK. Det trur eg ikkje NTNU har råd til.

Vel så ille som det arbeidet ein ikkje får godtgjersle for, er den atmosfæren eit slikt regelverk kan skape. Ein tilsett på universitetet har tradisjonelt hatt (akademisk) fridom og mellom anna difor jobbar dei fleste langt meir enn det ein kan vente.

Nå vil leiinga ved NTNU avgrense denne fridomen og eg er sikker på at mange ikkje vil bruke fritida si på å utvikle læremateriell dersom NTNU konfiskerer dette uansett.

NTNU har forøvrig som mål å bli framifrå i 2020. Trur leiinga verkeleg at NTNU blir meir attraktivt for gode utlendingar som får tilbod om jobb dersom eit slikt regelverk blir vedteke?

Framlegget til reglar for intellektuell eigedom er ikkje foreinleg med fri flyt av kunnskap og akademisk fridom. Dette er særtrekk ved universiteta og som styret istaden burde forsvare.

Diverre er dette enda eit døme på at NTNU byrjar å likne meir på ein militær organisasjon enn eit universitet (jf linjeprinsipp og framlegg om tilsetting av instituttleiarar) der dei tilsette får mindre makt, og der rektorat, styre og dekanar slepp "sand i maskineriet". Fokuset på patentar, eigedom og inntjening har nå blitt ein fiks ide hjå leiinga ved NTNU og kan med fordel nedtonast i framtida.

Jens O. Andersen
Institutt for Fysikk

 
 
    
 SEND INN LESERBREV TIL
 REDAKSJONEN >>>
 
 FLERE LESERBREV:
Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk (19.1 2010)
 
Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken (15.1 2010)
 
Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut? (13.1 2010)
 
Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK (30.12 2009)
 
Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis (21.12 2009)
 
Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU” (15.12 2009)
 
Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva? (10.12 2009)
 
Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker (10.12 2009)
  Allan Krill: For mappa mi (14.12 2009)
 
Per Carlsen: Læresteder i klemme (7.12 2009)
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme (9.12 2009)
 
Odd W. Andersen: Saltkraftverk (30.11 2009)
 
Arkiv