LESERBREV Helge Revald Skullerud: Uvit og vondskap ved Institutt for fysikk
(8.9.08, 11:21)
Kristin Fridtun, leiar i Studentmållaget, har den 27. mai eit lesarbrev, der ho går ut med brask og bram mot målbruk i eksamensoppgåver hjå sume av faglærarane ved Instituttet. Ho syner til "Forskrift om målform i eksamensoppgåver" - og fortel at det ligg uvit og vondskap bak framferden til dei som ikkje gir den faglege delen av oppgåvene på "nynorsk".
No er "Lov 1980-04-11 nr 05: Lov om målbruk i offentleg teneste" svært så klår på dette punktet. I paragraf 2 står skrive: "For statstenesta gjeld dei nærmare reglane i paragrafane 3 til 11 om plikt til å nytte bokmål og nynorsk. Desse reglane gjeld likevel ikkje .... I Den norske kyrkja, i undervisningsverksemd og i rettsstellet gjeld lova berre den administrative delen av verksemda."
Å gje eksamensoppgåver i eit teknisk-naturvitskapleg fag - gjerne tekniske og matematiske problem over fleire sider - er ikkje noko administrasjonen kan ta seg av, og fell dermed ikkje under "den administrative delen av verksemda". Forskrifta er soleis i strid med lova, og ein skulle roleg kunne sjå bort frå ho.
No kjem det før kvar eksamen brev frå Studieavdelinga til faglæraren med melding om at "xx studentar har krav om å få oppgåva på nynorsk". Det kjem aldri melding om at andre studentar har noko slikt krav, og nokre av kollegene mine fortel at det difor ikkje gjeld dei. So dei skriv berre ei tekst - på nynorsk. Og har aldri fått protest mot det, korkje frå Studieavdeling eller studentar. Og det er greitt nok - alle som har gått ut av norsk videregåande skule skal kunne lesa alle dei fire nyskandinaviske bokmåla utan problem - dansk, svensk, austnorsk ("bokmål") og vestnorsk ("nynorsk").
For å sleppe unna bråk med Studieavdelinga og NTNU-administrasjonen - som heller ikkje i andre samanhanger respekterar rettane til dei ansette - har kollega G ved eit anna fakultet funne ein veg rundt problemet, det som Kristin Fridtun kallar "formelen" og som hjå oss går under namnet G-metoden. Ein skriv då to eller tre administrative forsider, medan vedlegga kan væra på eitt av dei 4 skandinaviske bokmåla (det er betre med godt svensk eller dansk skriftmål enn dårleg norsk), eller på engelsk. Og det viktige er at oppgåvene er rette, og klårt forståelege - ikkje kva for varian av bokmål som nyttast.
Det store skremslet for skandinavis fagspråk er trusselen frå engelsk.
Diverre har vi heile 4 offisielle bokmål (målet som nyttast i bøker) i Skandinavia, og i staden for å ha ein felles skriftkultur for omlag 20 millionar mennekje, har vi fragmentert det heile. Det er vel oppløysinga av Kalmarunionen som har skulda - det er same talemålet i heile området, med ulike dialektar. Og sidan omlag år 1600 har dette vore nyskandinavisk (nynorsk, nysvensk, nydansk), som avløyste mellomskandinavisk og før det gamalskandinavisk.
Det beste hadde vel vore om vi alle gjekk over til moderat dansk - Snorre kalla alle dialektane "dansk tunge". Litt vanskeleg ville det kanhende bli for dei som nyttar vestnorsk; austnorsk, svensk og dansk høyrer til same undergruppe av dialektar, medan vestnorsk (frå Langesund til Ålesund) alt for meir enn 1000 år sidan var noko for seg sjølv.
Diverre gjekk også forsøka vi hadde midt på 1900-talet på å få eit sams norsk bokmål i dass - etter godt samarbeid frå dei mest reaksjonære innan både Mållag og Riksmålsforbund.
So det ender vel opp med engelsk, her som i Gaeltracht.
Helge Redvald Skullerud
Professor emeritus |