LESERBREV Martin Aspebakken Sværen: Svar til Svein Kristiansen
(26.9.08, 10:07)
Svein Kristiansen uttaler i førre innlegg:
"Forøvrig mener jeg at man som ansatt på NTNU må kunne mene noe om hvilken kompetanse en styreleder bør ha uten at dette tolkes som en uvennlig ytring."
Problemet til Svein Kristiansen her er at i tilegg til å vera tilsett også skal vera ein tillitsvalt for dei tilsette og er vara til styret, dette gjer at vedkommande bør passa seg litt meir for kva ein uttalar seg om. Då spesielt personretta ytringar, som eg meinar også i denne innleggsserien at Svein Kristiansen går langt over streken.
Studentane har vore klare i denne saka, og har samtidig også unngått å gå i fella med å rakka ned på andre dersom ikkje deira argument går igjennom, slik som tilsette representantane i styret og Forskerforbundet har gjort til sin vane. Studentrepresentantane i styret er også noko meir forsiktig ein dei tilsette sine representantar med å flagga sine synspunkt på førehand av styremøtet.
Eg håpar og trur at NTNU går for tilsett leiinga på alle nivå og me får inn folk som tør å ta i eit tak og enkelte plassar røskar ting opp med rota!
Og til Torbjørn Digernes og Marit Arnstad, som nesten bare får kritikk i desse lesarinnlegga, ynskjer eg å komma med følgjande ytring: STÅ PÅ, eg tykkjar de gjer ein god jobb.
Med vennleg helsing,
Martin A. Sværen
Student IME
martinas@stud.ntnu.no |