LESERBREV Ove Kr. Haugaløkken: NTNU-trykk, likestilling og grafisk formgjeving
(20.11.08, 14:19)
Likestillingsarbeidet ved NTNU må ha kome svært langt når likestillingsrådgjevaren Svandis Benediktsdottir ikkje finn større saker å hisse seg opp over enn biletet av ein høghæla sko på ei brosjyre frå NTNU-trykk. Når til og med personalsjefen sjølv vert involvert i oppgjeret, skjønar vi at rådgjevaren tar ansvaret sitt svært tungt. Og bra er det. Likestillingsarbeid bør ein sjå i samanheng med rekrutteringsarbeid. Her har vi mange uløyste oppgåver. Derfor er det vanskeleg å forstå kvifor rådgjevaren brukar tid på ei brosjyre som dreier seg om kva tilbod NTNU-trykk har når det gjeld trykksaker.
Eit anna spørsmål melder seg i denne samanhengen. Kvifor er det nødvendig for NTNU-trykk å sende ut reklamebrosjyrer til utvalde tilsette ved NTNU? Det burde vera sjølvsagt at dei ulike avdelingane ved NTNU brukar NTNU sitt eige trykkeri, som er konkurransedyktig både når det gjeld kvalitet, leveringstid og pris. For nokre år sidan var det ein geskjeftig leiar i administrasjonen ved NTNU som foreslo å legge ned NTNU-trykk på Dragvoll. Heldigvis vann fornuften, og NTNU-trykk på Dragvoll framstår i dag som eit førsteklasses trykkeri som dekker dei fleste behova vi måtte ha for trykksaker ved NTNU. Difor undrar det meg at NTNU-trykk i det heile har behov for målretta reklamekampanjar. Utnyttar dei ulike avdelingane ved NTNU sitt eige trykkeri godt nok?
Det er mangt eg i mitt einfald ikkje forstår. Eg forstår ikkje kva som skulle vera kjønnsdiskriminerande ved biletet på framsida av brosjyren. Er det eg som skal kjenne meg diskriminert, fordi det ikkje var bilete av ein aldrande mannsfot i staden? Kan det vera teksten på framsida som er diskriminerande? Er det vi menn som skal få lyst på NTNU-trykk etter å ha sett biletet, eller er det NTNU-trykk som har lyst på oss? Ville brosjyren blitt karakterisert som diskriminerande dersom biletet hadde synt ein mannelegg med joggesko?
Eit blikkfang var det i alle fall, og etter mitt syn eit effektivt eitt. Difor deler eg ikkje synet til likestillingsrådgjevar Svandis Benediktsdottir når ho seier at brosjyren var lite gjennomtenkt. Eg synes brosjyren verka både vel gjennomtenkt og kreativ. Og på innsida står det konsis og viktig informasjon om kva NTNU-trykk har å tilby, saman med viktige adresser og telefonnummer. Det kan vera nyttig for dei som enno ikkje har funne NTNU-trykk på Innsida.
Så får heller ein aldrande dosent bera over med at språkbruken i brosjyren på eit par punkt er frisk og ungdommeleg. Eg ville vel ha valt ei anna tekst enn ”Vi har lyst på deg!” på framsida, om nokon hadde spurt meg til råds. Heldigvis var det ingen som gjorde det, for da hadde vel brosjyreteksten vekt like lite merksemd som om det skulle vore eit bilete av foten min på framsida. Sinnssykt u-sexy lissm, for å halde oss til den meir ungdommelege sjargongen.
Ove Kr. Haugaløkken |