LESERBREV Helge Fiskaa: Gaza
(12.1.09, 12:03)
Gode Peter Lindqvist.
Korkje NTNU eller Bassam Hussein har uttrykt eller bede om støtte til HAMAS, men til den palestinske sivilbefolkninga. OG DET ER DET ALL GRUNN TIL!
Men om det er lurt å boikotte israelsk akademia er eit anna spørsmål. Truleg er det betre å halde kontaktar til folk som kanskje vil påverke Israel til ein annan politikk? Det fyrste steget må vere å innsjå at HAMAS eksisterer og opne for samtalar. Ein løyser som kjent ikkje ein konflikt ved å snakke med sine venner, men med sine uvenner.
Helge Fiskaa |