LESERBREV Ove Kr. Haugaløkken: Undervisning, læring og ledelse
(11.2.09, 09:14)
Eg har ofte hatt glede av Tor G. Syvertsens uredde røyst i denne spalten når han peikar på at utfordringane for NTNU kan oppfattast særs ulikt, avhengig av kvar i organisasjonen ein arbeider. I dagens innlegg, der han harsellerer over bruken av begrepet "undervisningsledelse" synes eg likevel han tar vel hardt i. Eg har lese Rektors blogg om Utdanningskvalitet og undervisningsledelse på Rørosmøtet, og finn lite der som fortener karakteristikken tåketale. Generelt meiner eg Rektors tiltak med å skrive eigen blogg er eit både heiderleg og godt forsøk på kommunikasjon med tilsette og studentar. Når det gjeld forståinga av begrepet undervisningsledelse, kan eg vise til ei lettlese innføringsbok som studentane innan profesjonsutdanninga for lærarar ved NTNU brukar: I boka "Kvalitetsskolen" av Terje Ogden, Gyldendal Akademisk 2004, finst eit kapittel som både definerer begrepet, og som refererer aktuell forskning på området "undervisnings- og læringsledelse".
Eg oppfattar det slik at når Rektor brukar dette begrepet, er det heilt i tråd med NTNU sin strategi for å utvikle og forbetre undervisningsformene og arbeidsmåtane ved NTNU. Slik sett set eg også pris på at det vart brukt tid på temaet på Røros-møtet. Det er også positivt at både Rektor og Innsida har fyldig omtale av det som skjedde på Røros, slik at vi som ikkje var der kan få eit innsyn. På Innsida finn ein også ein presentasjon som vart gitt av Berit Kjeldstad ved Institutt for fysikk. Der tar ho opp utfordringane med undervinsingsledelse sett frå ein innstituttleiar sin ståstad. Det er ikkje mykje tåketale å spore her heller.
Ove Kr. Haugaløkken |