Mellomalderprofessor fekk sparken frå UiO
(6.3.09, 07:17) Arnved Nedkvitne er sagt opp som professor i mellomalderhistorie ved Universitetet i Oslo.
FAKTA | Universitetsavisa og Uniforum har innledet samarbeid om utveksling av saker vi tror har interesse for våre respektive lesere. Etter hvert vil ventelig Universitet i Bergens På Høyden bli innlemmet i samarbeidet.
Tore Oksholen
Ansvarlig redaktør (konst.) | Det skjedde då Universitetsstyret mot to stemmer førre tysdag vedtok å oppretthalda oppseiinga frå fakultetsstyret til HF frå 16. juni i fjor. – Eg hadde håpa på ei anna avgjerd, seier Nedkvitne til Uniforum.
Bakgrunnen for oppseiinga er Tenestemannslovas paragraf 15 A, der det står at ein tenestemann kan seiast opp, dersom vedkomande grovt har krenka tenestepliktene sine. Fakulttetsstyret ved HF grunngav vedtaket om å å seia han opp med at Nedkvitne hadde vist utilbørleg åtferd overfor leiing, kollegaer og eksterne sensorar. I tillegg hadde han gjort seg skuldig i ordrenekt ved ikkje å møte opp til møte han var kalla inn til hos dåverande instituttleiar Jorunn Bjørgum ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH).
|
Sagt opp: Mellomalderprofessor Arnved Nedkvitne (t.v.) er sagt opp som professor i mellomalderhistorie ved UiO. Her sit han saman med advokaten sin, Preben Mo Fredriksen og ventar på den endelege avgjerda til Universitetsstyret. (Foto: Ola Sæther, Uniforum)
|
Mindretalet ville ha ordensstraff
Fleirtalet i Universitetsstyret meiner at klagen som Arnved Nedkvitne har meldt inn til Universitetsstyret ikkje har brakt inn nye opplysningar som har hatt noko å seia for saka. Mindretalet på to, som etter det Uniforum kjenner til var Kristian Mollestad og Johanne Sundby, syntest at ei oppseiing var ein for hard reaksjon, og foreslo at Nedkvitne heller burde få ei ordensstraff. Dei ni andre styremedlemane stemte derimot for innstillinga til universitetsdirektøren om å seia opp mellomalderprofessor Arnved Nedkvitne.
- Håpa på anna resultat
Han er svært skuffa.
Det var den 16. juni i fjor fakultetsstyret ved Det humanistiske fakuletet vedtok å avsetja Arnved Nedkvitne frå stillinga som professor i
49afdbbb5377b2.30040027
mellomalderhistorie. Grunngjevinga var utilbørleg åtferd overfor leiing, kollegaer og eksterne sensorar. Sidan han ikkje hadde møtt opp til møte han var kalla inn til hos dåverande instituttleiar Jorunn Bjørgum, blei han også skulda for ordrenekt– Grunnen til at eg brakte saka inn for Universitetsstyret var at eg hadde håpa at det skulle gi eit anna resultat. Eg føler at eg har stått på for noko som er større enn meg sjølv, nemleg faget mitt. Det vil gå dårleg med mellomalderhistorie når ikkje eg er her lenger. På same måte har eg stått på for studentane som tar mellomalderhistorie. Resultatet av denne saka er ein dårleg presedens for seinare praksis, synest Nedkvitne.
- Glad for støtte
Han meiner likevel han har oppnådd noko.
–Eg har i alle fall medverka til å avsløra praksisen med at sjefar tilbyr medarbeidarar dei vil bli kvitt ei sluttpakke, viss dei går frivillig. Samtidig vil eg seia at eg er glad for den støtta eg har fått frå studentane og at eg har fått sleppa til i pressa.
Han vil overlata til Forskarforbundet å avgjera om han skal bringa saka inn for Arbeidsretten. Juridisk rådgjevar Hildur S. Nilssen i Forskarforbundet har ikkje noko klart svar på det, førebels.
- Det er enno ikkje avklart om me vil gjera det. Forskarforbundet vil avgjera det i samarbeid med Arnved Nedkvitne, seier ho til Uniforum.
– Vanskeleg sak
UiO-rektor Geir Ellingsrud synest ikkje det var ei lett sak.
– Det er den vanskelegaste saka eg har vore med og avgjort i styret ved sida av den gongen UiOs rekneskap ikkje blei godkjent, utan samanlikning elles.
–De brukte veldig lang tid på å handsama denne saka?
–Det var vel verdt å bruka lang tid på den fordi både Nedkvitnes side av saka skulle fram og personalavdelinga ved UiO skulle også leggja fram sitt syn på saka.
– Kva synest du om at eit mindretal på to stemte for ei anna løysing?
– Det var likevel eit fleirtal på ni mot to stemmer for å vedta innstillinga frå universitetsdirektøren om å seia opp Arnved Nedkvitne, seier Ellingsrud til UiO.
Tekst: Martin Toft, Uniforum /Foto: Ola Sæther, Uniforum |