Lærer naturfag i barnehagen
(18.3.09, 07:50) Oslo: ”Jorda er rund, men jeg trodde den var flat.” Det sa ei fire år gamal jente til førsteamauensis Anne Lea ved Naturfagsenteret. – Det viser at barn tidleg gjer seg sine tankar om naturfenomen, seier ho. 250 barnehagetilsette er no blitt ambassadørar for naturfag. |
Stjernehjul – Eit stjernekart kan læra både barn og vaksne masse om stjernehimmelen, seier førsteamanuensis Anne Lea og universitetslektor Wenche Erlien. |
250 barnehagetilsette og, høgskulelektorar deltok nyleg på ein konferanse om forskarspirar i barnehagen ved Universitetet i Oslo. Naturfagsenteret ved UiO stod bak arrangementet.
– Me blei overraska over den store interessa. Det var berre 250 plassar, og det blei så fort fullt at me måtte setja opp ein venteliste for dei 250 neste som melde seg på. Dei fleste som hadde meldt seg på, kom, så svært få av dei som stod på ventelista, fekk koma med. Trøysta må vera at me vil arrangera ein liknande konferanse neste vinter, seier førsteamanuensis Anne Lea og universitetslektor Wenche Erlien ved Naturfagsenteret til Uniforum.
– Lærer gjennom leik
Dei synest ikkje det er tidleg å gi barn innføring i naturfag allereie i barnehagen.
|
Sopptur Førskulelærar Sondre Bjaberg lærer barna om dei ulike soppartane. (Foto: Kevin Skjøthaug) |
– Det er mogleg å læra mykje gjennom leik. Barn kan vera med på å laga eit stjernehjul, og så samanlikna det med stjernebiletet ute ein mørk vinterdag. Dei kan tappa farga vatn inn i mjølkekartongar og så frysa dei, og så har dei klart å laga farga byggjeklossar til eit isslott. Og når me tar dei med på sopptur, kan dei læra litt om kva sopp som kan etast og kva sopp som dei absolutt ikkje skal eta. Det handlar om å gi dei kunnskap gjennom observasjon og konsentrasjon, seier Lea og Erlien.
– I Kunnskapsløftet står det at hovudområdet forskarspiren skal inn i naturfag frå 1.klassetrinn i grunnskulen og heilt opp til 1. klassetrinn i den vidaregåande skulen. I rammeplanen for barnehagen står det også at barna skal få innføring i natur, miljø og teknikk. For oss er det ikkje noko annleis i barnehagen enn i skulen, seier Lea.
Brukar YouTube
For å få inn moglege nye metodar for å få lært små barn om naturfag, fekk deltakarane tips om naturfaglege eksperiment.
–Dei fekk sugerøyr som dei blåste i for å laga ein tone. Så klipte dei av ein bit for å få ein ny tone. Dessutan fekk dei utdelt kleshengjarar av metall, som dei tredde inn på ein tråd. Kvar ende av tråden heldt dei mot øyra. Når dei slo kleshengjaren mot ein gjenstand, forplanta lyden seg i tråden og dei opplevde den som mykje sterkare. Dette viser dei at lyden treng noko å røra seg i. Og så fekk me alle til å klippa og lima og setja saman eigne stjernehjul. Me har lagt ut ein filmsnutt av korleis me lagar stjernehjulet på YouTube, slik at alle som er interesserte i det, kan få læra det, fortel Erlien.
FAKTA | Samarbeid mellom universitetsaviser
Universitetsavisa og Uniforum har inngått samarbeid om utveksling av artikler som har interesse for våre respektive lesere. | Dei har tru på at innføring av naturfag både i barnehagen og dei første klassetrinna i grunnskulen, kan skapa større interesse for realfag.
– Det er me heilt sikre på. Forskaren og dinosaureksperten Jørn Hurum har sagt at interessa hans for fossilar blei skapt gjennom ei barnebok om fossilar som han fekk då han var barn. Berre det faktum at nokre barnehagetilsette no gjerne ynskjer å ta ein master i naturfagdidaktikk, sjølv om det aldri var i deira tanke å jobba med naturfag då dei satsa på ein karriere i barnehagen, viser at det kan vera morosamt med naturfag både for vaksne og barn, seier Lea.
Tekst: Martin Toft/ Foto: Ola Sæther |