LESERBREV Arvid Staupe: Hr. Redaktør
(24.3.09, 10:56)
At ei einsleg stemme skal utgjera 20% av dei vekta stemmene, høyres svært urimeleg ut. Eg referere her til redaktørens artikkel i UA i går den 23. mars. Men for ein som deltok aktivt for å få til demokrati i høgre utdanning der både tilsette og studentar skulle ha medverknad, så må ein undre seg. Kva har skjedd når berre ein – 1 – student av 294 studentar stemme?? Dette burde bekymra! Er det så enkelt at studentane ikkje bryr seg, gidd ikkje, for å sei det med eit folkeleg språk?
Eller kan det vera at dei føler at det ikkje har noko formål, at dei ikkje har nokon reel innverknad? Kan det vera at dei ikkje føler nokon kontakt med institusjonen, at det er for stor avstand fram til den eller dei som tek avgjerer. Kan det vera at ein ikkje legg nok arbeid i å halda eller oppretta kontakt med studentane?
Ein god regel er vel å hald nær kontakt, ”Walk and talk” heite det på utanlandsk? Etter mi meining er det noe av det viktigase ein leiar gjer. Kan det vera at studentane føler at det blir lagt opp til å halda avstand? Her er mange spørsmål ein kan stilla seg, og som ansvarlege bør stilla seg og arbeida med. Dette gjeld alle nivå. Har vi mista sjela til universitetet, interessa for deltaking?
Det er studentane som skal ta med seg våre verdiar ut i samfunnet, vera aktive og bestemma både med omsyn til kva plass universiteta skal ha og kva plass fagområda skal få i samfunnsdebatten. Der blir nok vi meir og mindre oppfatta som inhabile, kjører eigne særinteresser.
Arvid Staupe, førsteamanuensis IDI |