MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

REKTORVAL I OSLO
Ole Petter Ottersen vann rektorvalet (3.4.09, 08:53)

Medisinprofessor Ole Petter Ottersen vann rektorvalet ved Universitetet i Oslo. Det blei klart etter at oppteljinga frå den elekroniske røystinga viser at han fekk 65 prosent av røystene. Motkandidat Trygve Wyller fekk 35 prosent. – Dette er eit flott universitet, og eg vil gjerne gjera noko ekstra for det, sa Ottersen straks valresultatet blei kunngjort.

SIGERSGLISET: Medisinprofessor Ole Petter Ottersen vann rektorvalet ved UiO med 65 prosent av røystene.
I valet mellom teologidekan Trygve Wylller og medisinprofessor Ole Petter Ottersen valde altså fleirtalet av dei røysteføre på UiO medisinprofessoren. Han fekk til saman 65 prosent av stemmene. Valdeltakinga var også høgare enn ved noko anna val tidlegare ved UiO, sa leiar for valstyret, Harald Baldersheim, då han kunngjorde resultatet. Det var langt føre teologidekan Trygve Wyller som fekk 35 prosent av stemmene.

Oppteljinga viser at Ole Petter Ottersen fekk flest stemmer frå både dei vitskapleg tilsette, studentane og dei teknisk/adminsitrative tilsette. Takka alle

Ole Petter Ottersen måtte opp på ein stol for at heile den talrike forsamlinga skulle sjå han og få høyra sigerstalen hans.

- Eg vil takka det fantastiske laget mitt Inga Bostad, Ragnhild Hennum og Doris Jorde. Dessutan vil eg takka motkandidaten min Trygve Wyller. Utan at han hadde stilt opp, hadde det ikkje blitt noko val. Tusen takk for ein valkamp som aldri blei ureieleg.Utan denne valkampen ville UiO ha vore fattigare og mindre synleg. Hjarteleg takk for alle som har stilt opp for oss og for alle støttespelarane våre, og takk til alle som deltok i valet.

- Eg vil spesielt trekkja fram Studentparlamentet og leiaren Heine Skipenes som har ført ein utrøyteleg valkamp og som heile tida har klart å halda seg nøytral. Dessutan vil eg takka media, både Aftenposten og NRK som har fylgd med på heile valkampen. Og eg vil også takka Uniforum og Universitas for deira dekning av valkampen. Det har vore ein lærerik valkamp og me har blitt endå betre kjend med universitetet, sa Ottersen. Wyller gratulerte

Gratulerte
Den tapande rektorkandidaten Trygve Wyller gratulerte Ole Petter Ottersen med sigeren.

- Gratulerer og lykke til med fire år som rektor.UiO får ein klar og flott rektor. Eg vil også takka Guro Valen og Arne Bugge Amundsen og dei andre støttespelarane mine. Eg vil også nemna Lise Kjølsrud som tok initiativet til vårt kandidatur. Rektorvalet viser i alle fall at 35 prosent av universitetssamfunnet støttar våre saker og vårt valprogram. No går me alle saman tilbake til våre roller, sa Wyller. I morgon drar han til Bohuslân for å slappa av saman med kona.

- Fin valkamp
Fram til 1. august vil rektor Geir Ellingsrud vera rektor for Universitetet i Oslo.

- Eg gratulerer Ole Petter Ottersen med valresultatet og gratulerer begge kandidatane med ein fin valkamp, som var langt meir fair og ryddig enn då eg blei vald til rektor i 2005. Viss de treng gode råd, så kom gjerne til oss, oppfordra han.

FAKTA

Universitetsavisa samarbeider med Uniforum ved Universitetet i Oslo og På Høyden ved Universitetet i Bergen om utveksling av saker som vi tror interesserer våre respektive lesere.

Så måtte Ole Petter Ottersen i studioet til Dagsnytt Atten og heile forsamlinga på Klubben på rundt 100 personar løyste seg opp og alle gjekk kvar til sitt etter at dei hadde venta på valresultatet frå kl. 16.00 til klokka 18.15. Høg valdeltaking

Valstyret melder at valdeltakinga til saman var på 24,5 %, 60,7 prosent for dei vitskapleg tilsette, 51,6 prosent for dei teknisk-administrative tilsette og 16,9 prosent blant studentane. Det er altså den høgaste deltakinga det har vore ved noko val på Universitetet i Oslo, opplyste leiar for valstyret, Harald Baldersheim.

Av Martin Toft/Uniforum. Foto: Ola Sæther