Satsar på utviklingsforsking
(6.5.09, 12:04) Forskingsrådet vil satsa endå meir på utviklingsforsking. Det er grunnen til at sju mindre delprogram no blir samla under paraplyen Norway – A Global Partner (NORGLOBAL). Av Martin Toft/Uniforum. Foto: Ola Sæther
|
OPE FOR ALLE: – Forskingsprogrammet er ope for alle fagområde, men me vil gjerne mobilisera dei samfunnsvitskaplege fagmiljøa, også på miljø, energi og klima, seier Fanny Duckert, som er styreleiar for forskingsprogrammet NORGLOBAL. |
–Me håpar dette vil stimulera samarbeidet mellom forskarar i Noreg og forskarar i sør, seier Fanny Duckert, som er styreleiar for programmet.
Det nye forskingsprogrammet NORGLOBAL er ein paraply for sju mindre delprogram som har finansiert forskingssamarbeid mellom norske forskarar og forskarar i utviklingsland. Temaområda spenner frå fattigdoms- og fredsforsking til landbruksforsking, kjønnsforsking, energi- og miljøforsking og forsking på økonomisk vekst og reproduktiv helse. Det er sett av 50 millionar kroner til programmet for 2009, og søknadsfristen går ut i september.
– Me håpar at dette tiltaket vil auka interessa for eit utvida forskingssamarbeid mellom Noreg og utviklingsland. Dette programmet gir høve til forskarar både frå nord og sør til å få finansiert lengre forskingsopphald hos kvarandre. På den måten kan forskingsprogrammet vera med på å styrkja universitet og akademiske institusjonar i sør. Kompetansen i utviklingsforsking i Noreg blir samtidig styrkt, seier psykologiprofessor Fanny Duckert, som er styreleiar for forskingsprogrammet. Ho har også vore styreleiar for NUFU-programmet.
FAKTA | Norway – A Global Partner er sett saman av desse tematiske delområda:
1 Fattigdom og fredsforsking /Poverty and Peace Research (POVPEACE)
2 The Consultative Group on International Agricultural Research (CGIAR)
3 Nettverka/The Networks
4 Globalisering av miljø-, energi- og klimaforsking (GLOBMEK)
5 Kvinner og kjønn
6 Forsking på økonomisk vekst, fattigdomsreduksjon, reproduktiv helse og demografi (Population Dynamics) (ECONPOP)
7. Fond for forsking på effekten av utviklingssamarbeid | – Forskingsprogrammet er ope for alle fagområde, men me vil gjerne mobilisera dei samfunnsvitskaplege fagmiljøa, også på miljø, energi og klima. Meininga er at dette forskingssamarbeidet skal koma dei landa forskarane kjem frå til gode. Det skal også satsast på forsking på kvinnerettar i utviklingsland og på kvinner si reproduktive helse. Eg vil spesielt oppmoda norske forskarar til å vera på bana og søkja om pengar frå denne forskingspotten. Dei må difor gå i gang med å danna nye forskarnettverk, seier Duckert.
Neste år kan effekten av bistand bli ein del av forskingsfeltet for det nye forskingsprogrammet.
– Eg vil tru at det må vera interessant for mange forskarar å skaffa forskingsdata på kva effekt bistand har. I dag er det stort sett synsing som dominerer i den debatten, konstaterer ho. |