Rektorkrav til regjeringa
(11.5.09, 11:08) Landets sju universitetsrektorar er ikkje nøgde med det som kom fram i forskingsmeldinga ”Klima for forsking”. Dei har no sendt eit samla krav til regjeringa om ein forpliktande opptrappingsplan av den offentlege forskingsløyvinga fram mot 2013. Av Gudrun Sylte/På Høyden (tekst og foto)
Rektorane ved dei sju universiteta var fredag samla på Muséplass. Dei reiser eit samla krav til regjeringa om forskingsmeldinga.
– I 2013 må ein nå målet om offentleg forskingsinnsats på minst ein prosent av bruttonasjonalproduktet. Forskingsmeldinga er full av gode intensjonar, men tom for forpliktande og konkrete tiltak, seier rektor Sigmund Grønmo, som fredag var vert for det halvårlege rektormøtet for universitetsrektorane i landet.
I dag er Kirke-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget samla til høyringsmøte om forskingsmeldinga. I innspelet til komiteen skriv rektorane:
"Fraværet av forpliktende opptrappingsplaner for finansiering av forskning vekker stor bekymring og uttrykker en mangel på ambisjoner og gjennomføringsvilje hos norske myndigheter som er illevarslende for forskningen. ... Vi har tillit til at Stortinget, inklusive regjeringspartiene forstår betydningen av forskning for Norges kulturelle og økonomiske utvikling og vil gjøre det som er nødvendig for å rette opp inntrykket skapt av mangelen på forpliktende formuleringer i Klima for forskning".
Grønmo meiner rektorane sitt krav til regjeringa er eit rimeleg krav å komme med, og ventar at deira krav vert tatt omsyn til når Stortinget handsamar forskingsmeldinga 17. juni.
– Me ber ikkje om anna enn regjeringa sin eigen intensjon om forskingsfinansiering, seier Grønmo.
15. mai vert det reviderte nasjonalbudsjettet lagt fram. Her ventar rektorane at det vil komme fleire fullfinansierte studieplassar som følgje av finanskrisa.
– UiB har allereie sendt inn eit innspel om fleire studieplassar, det vil me drøfte generelt i løpet av dagen i dag, sa Grønmo på fredag.
På Høyden |