MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Kjæledyret Ida på utstilling (9.6.09, 12:27)

Oslo: Det 47 millionar gamle apefossilet Ida er no stilt ut i Naturhistorisk museum på Tøyen. Rundt 20 personar stod i kø då utstillinga ”Kan vi tilgi Darwin” opna i formiddag. Hovudattraksjonen er Ida.

Tekst: Martin Toft/Uniforum. Foto: Yngve Vogt

Apeskjelettet Ida er 47 millionar år gamalt og blei funne sør for Frankfurt i Messel i 1983 og kjøpt av Naturhistorisk museum for rundt 4 millionar kroner i 2007. Fossilet er tjue gonger eldre enn andre fossil som er tatt godt vare på og fortel om vår eiga utvikling. Dessutan er det 95 prosent komplett. Både mageinnhald og pels ligg rundt fossilet.

Forskinga på apefossilet er blitt leidd av førsteamanuensis Jørn Hurum ved Naturhistorisk museum. Skildringa av skjelettet blei annonsert med heile verdspressa til stades i American Museum of Natural History i New York 19. mai. Apa er ei jente med ein nesten 60 centimeterlang hale, og den kan best samanliknast med apekatten til Pippi Langstrømpe, Herr Nilsson, skriv Naturhistorisk museum i ei pressemelding.

Missing link
I den same pressemeldinga kjem det klart fram at museet meiner at fossilet kan kallast eit “missing link” eller eit manglande mellomledd som ikkje manglar lenger. Det viser vår og andre aper si tidliegaste utvikling. Ho har trekk som er primitive og som me ser hos halvaper i dag, men også avanserte trekk me berre ser hos aper.

Dette plasserer henne i rota av vår eiga utvikling. Mange av trekka har me hatt heilt til i dag, som forma på knoklane i foten, dei flate fortennene og den korte snuten.

I to år har teamet forska på skjelettet, og det blei tysdag 19. mai publisert i det vitskaplege tidsskriftet PLoS ONE, eit velrenommert Open Access- tidsskrift. Det har både blitt laga ein dokumentarfilm og skrive ei bok om prosjektet. Boka er skriven av Colin Tudge og har eit førsteopplag på 100 000 eksemplar. Dokumentarfilmen blei send på NRK, BBC 1 og ZDF den 26. mai. Den kjende programleiaren David Attenborough les kommentarane i filmen.

Utstillinga skal stå fram til 1. juni 2010. I hovudsak handlar utstillinga om Darwin og om evolusjonsteorien. Ida blir dermed eit ekstra trekkplaster til hovudutstillinga.